På trykk i Klassekampen tirsdag 11. april 2017

Det er eit paradoks at Den norske kyrkja feirar 500 år med lutherdom. For korleis kan lutheranarar feire eit brot som ikkje berre omfattar kyrkjelege organisasjonar, men som grip like inn i einskapen i Kristus, sjølve grunnfeste for kristentrua? Det er som om eit tidligare ektepar skulle feire jubileum for skilsmissa dei ein gong erfarte. Kyrkjesplittinga gjev ikkje grunn til feiring, men burde mane fram vemod og vilje til å søke nærare kvarandre i forsoning og i einskap med vår felles Herre.

Anten ein er lutheranar, katolikk eller høyrer til andre kristne trussamfunn spring alle versjonar av kristentrua ut av den felleskyrkjelege arven som sett med katolsk blikk både forankrar og forpliktar. Dei kristne kyrkjene byggjer på ein felles tradisjon som har sitt opphav i Jesu liv, død og oppstode. Katolsk tru forstår den tidlige kyrkja som Kristi lekam vigsla av Herren sjølv ved utveljinga av dei tolv apostlane. Ho vert sidan den fyrste pinsefesten vegleia ved Den Heilage Ande og utviklar seg gjennom ei konkret historie som gjev kyrkja eintydig retning, truverd og identitet. Når denne lekamen i dag er splitta og i strid med seg sjølv, står kristenskaren fram med eit vitnesbyrd som svekker Jesu ord om einskap knytt saman med Guds eigen kjærleik. I ei tid der samfunnet vert stadig meir fragmentert ville sterkare kristen einskap stått som ein motkultur og eit levande vitnesbyrd om den krafta me som kristne vedkjenner oss til.

Kristi eine lekam forpliktar alle kyrkjesamfunn og truande på å søke einskap gjennom økumenisk dialog og handling. Då pave Frans vitja Lund i Sverige i haust signerte han og presidenten i Det lutherske verdsforbundet, biskop Munib Younan, felleserklæringa «Frå konflikt til fellesskap». Dokumentet slår fast at lutheranarar og katolikkar søker gjensidig forståing og respekt, og kyrkjene forpliktar seg nærme seg kvarandre med ei imøtekomande haldning. Dei «fem økumeniske imperativa» mot slutten av dokumentet oppfordrar til einskap med vilje til å sjå på det som foreinar heller enn det som splittar, til praktisk samarbeid som synleggjer den kristne fellesskapen, og til å la seg prege av kvarandre.

Imperativa er positivt formulert, men har vage, uforpliktande vendingar som ikkje seier noko om læreinnhald og den reelle økumeniske utfordringa me står i som kyrkjesamfunn. Ein kan tolke dokumentet på ymse vis. Ein kan gå praktisk til verks med felles aktiv forkynning og gudsteneste feiring. Dette har eg sjølv tatt del i både i møte med Den norske kyrkja og andre kyrkjesamfunn.

Ei anna tilnærming er å ha ei positiv innstilling, og elles lukke augo for alt som skil. Men korleis vil det kunne drive det økumeniske arbeidet framover? Det er jo ei grunn for splittinga, med eit divergerande trus- og læreinnhald som gjer at ein vik frå kvarandre i forståing av kristendomen. Det er eigentleg meir riktig å sei at lutherdomen på mange punkt bryt med klassisk kristen tru slik ho har vorten formidla gjennom hundreåra ikkje berre i den katolske kyrkja, men i alle kyrkjesamfunn som har halde på den forpliktande tradisjonen og overleveringa, som til dømes er dei ortodokse kyrkjene. Kva gjeld typiske læremesssige brot ved reformasjonen er det nok å nemne kyrkjesynet, embetssynet, sakramentssynet, bibelsynet, forståinga helgenane og synet på livet etter døden, for ikkje å gløyme avlatshandelen som sette fart i heile reformasjonen. Å halde fram skilnadane driv ikkje dei truande lengre frå kvarandre, men tydeleggjer kvar ein må sette inn kreftene for å kome nærare kvarandre. Den katolske kyrkja har elles for lengst lagt bak seg den perverterte praksisen med avlatshandel, og i dag får truande avlat som den nådegåva det er, ikkje noko hokus pokus der altså.

Brotet ved reformasjonen vert lettfatteleg skildra av Bjørn Stærk i den prisverdige boka «Å sette verden i brann». I denne andaktsboka for ateistar skildrar han Luther som ein profet som tenner verda med ein ny flamme. Augustinereremitten opnar for ein revolusjonerande tanke som Stærk illustrerer med ein episode frå Star Trek, kalla The Trouble With Tribbles. Eit nusseleg lite kjæledyr slipp om bord på romskipet «Entreprise». Etter berre nokre veker har den vesle tassen formert seg i milliontal. Reformasjonen liknar på the Tribbles, i det den sprenger alle grenser for kyrkjeleg utvikling. Luther ynskte seg éin reform. Men når andre sympatiserte med Luther var det ikkje nødvendigvis på grunn av det han hevda læremessig, men for kva han gjorde. Det var metoden som revolusjonerte, ikkje innhaldet. Luther fekk hard konkurranse frå andre som tolka skrifta annleis enn han sjølv, for Luther sjølv hadde jo ikkje monopol på fritolkinga av skrifta og kyrkjelære. Snart oppstod det eit mangfald som har fragmentert den kristne kyrkja i ein mosaikk av trussamfunn verda over.

Felles for dei alle er lausrivinga frå den forpliktande overleveringa kalla tradisjonen, og innføringa av omgrepet Sola Scriptura, skrifta åleine. Omgrepet uttrykker at bibelen er den absolutte autoriteten for tolkinga av den kristne tru. Den logiske bristen i ideen om skrifta åleine kjem til syne om ein ser på kyrkja si tidlige historie. Det fanst ein overleveringstradisjon for den kristne trua allereie før dei fyrste epistlane vart skrivne, og det var kyrkja sjølv som valde ut kva skrifter som fekk bli med i den nytestamentlige kanon. Bibelen vart til innanfor den kyrkjelege fellesskapen. Ikkje omvendt.

Den norske kyrkja har framleis Trouble with Tribbles. I den seinare tid har intern lærepluralisme gjort at ein står med motstridande syn i sentrale lærespørsmål, medan bispekollegiet forsikrar om at dette ikkje er kyrkjesplittande. Dei om det, men i høve til einskap med Den katolske kyrkja og andre kyrkjesamfunn skapar det auka avstand. Lat meg nemne nokre problemstillingar:
For det fyrste må ein som katolikk føre ei dobbelt samtale med eitt og same kyrkjesamfunn. Ta som døme kyrkjeleg vigsling av likekjønna par, der ein hevdar at den enkelte prest (og lekfolk) kan velje ståstad i ekteskapsspørsmålet. Konklusjonen om homofil vigsel vert dermed: Det er mogleg, men det er òg umogleg. Her skal ein på den eine sida føre ein samtale om den klassiske felles forståinga av ekteskapet som ei pakt mellom mann og kvinne som i stor grad samsvarar i katolsk og luthersk tru. Samstundes vil den felleskyrkjelege samtala måtte drøfte kva det inneber at Den norske kyrkja opnar for kyrkjeleg vigsel av homofile par, og korleis det pregar det økumeniske samarbeidet. Drøftinga kring homo-vigsel har vore særs svak i Den norske kyrkja internt. Frå katolsk hald (og for mange medlemmer innanfor Den norske kyrkja) saknar ein ei gjennomgåande drøfting av spørsmål om born og familielivet som ekteskapet normalt fører med seg. Kvar står borna sine behov og rettar? Kva med dei teologiske argumenta, då særleg i møte med teologien som gjeld skapnaden, der Adam og Eva legg grunnlaget for ursakramentet i katolsk tru, ekteskapet. Det er ikkje berre frustrerande, men òg provoserande at folkekyrkja tek eit så radikalt standpunkt, som også bryt så radikalt med den kristne overleveringa gjennom historia, utan å gjere reie for konsekvensane av valet, då særleg sett frå borna sin ståstad.

For det andre er det eit paradoks at medan ein snakkar varmt om einskap og dialog mellom kyrkjesamfunna dreg Den norske kyrkja seg stadig lengre unna den eksisterande læremessige einskapen ho har vore del av. Lutheranarar står sjølvsagt ikkje til rette for Den katolske kyrkja kva gjeld kyrkjelære, men folkekyrkja er like mykje forplikta på kristen einskap som alle andre kyrkjesamfunn. Når Den norske kyrkja endrar samlivs- og seksualetikken på fundamentalt vis, eller når ho innfører ein liturgireform som splittar det felles bønelivet internt og gjer lutherske truande framande i si eiga kyrkja, då er det ikkje berre ei intern affære. Då gjeld det også den store kristne fellesskapen, og den økumeniske einskapen som Den norske kyrkja skriv seg inn i. Når Den norske kyrkja vel å distansere seg frå klassisk kristen tru ved endre lære og liturgisk praksis får det konsekvensar for einskapen kyrkjene i mellom. Endringane er også eit tankekors med tanke på det økumeniske samarbeidet Den katolske kyrkja har teke del i gjennom femti år sidan 1967. Den norske kyrkja helsar stadig blidt og venleg Den katolske kyrkja og andre kyrkjesamfunn medan ho læremessig fjernar seg frå einskapen og går baklengs ut døra og forlet romet for kyrkjeleg einskap.

For det tredje er endringa av kyrkjelæra internt i Den norske kyrkja utfordrande for alle dei medlemmene i Den norske kyrkja som held fast på den lutherske (og felleskyrkjelege) overleveringa. Kvar skal dei mange lutherske truande finne tilhaldsstad når den gamle statskyrkja innfører sine liturgiske og læremessige multiple choice-løysingar? Bispekollegiet står ansvarleg for at mange vert åndeleg heimlause, og endringane har som konsekvens at mange står att utan tillit til si eiga kyrkje, og utan ein stad å høyre til. Kva tenker bispekollegiet i Den norske kyrkja om at medlemmene deira står i fare for å misse trua? Mange finn faktisk støtte i Den katolske kyrkja, som står som eit fast punkt i møte med eit luthersk lærepluralistisk landskap.

Til slutt kan ein spørje om eit kritisk innlegg som dette styrker det økumeniske klimaet mellom Den katolske og Den norske kyrkja. Undergrev det ikkje einskapen, og skapar det ikkje større splitting? Sjølvsagt ikkje. Lutherjubileet inviterer til å gjere opp status og sjå seg sjølv og det felleskyrkjelege landskapet i perspektiv. Det legg kan hende ein dempar på jubelen, men lyfter samstundes fram alvoret i møtet mellom trussamfunna. Det vil kunne føre til større iver for å søke ein felles veg framover, ein veg som læremessig fører oss nærare som kyrkjesamfunn, og ikkje lengre frå kvarandre.

Bror Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster.

Foto: Christopher Olssøn.

Advertisements