Folkekyrkja i sekk og aske Torsdag, Mar 30 2017 

I år sømer det seg at lutherske biskopar ber om orsaking for alle skader lutherdomen har ført med seg.

(Innlegg på trykk i Vårt Land 29. mars 2017)

I fem hundre år har lutherdomen prega vårt land. Det gjev inga grunn til feiring, men kvalifiserer til botsgang og vedkjenning av alvorlege synder. For kva har Luther gjeve oss? Han gav oss eit pessimistisk menneskesyn der sjølv gode gjerningar vart sett som vonde, der den syndige steingrunnen i menneskesjela er utømeleg, der mennesket må gå lutrygga og syndefull om det er aldri så rettferdiggjort. (I dag tenderar ein til det motsette.) Han mana fram eit individualisert menneskesyn der «Jesus og eg» fullstendig overskygger den kollektive forankringa for den enkelte truande og for kyrkja som heilskap. Han raserte sakramentslæra og overleveringa av kyrkjesyn og –lære boren fram i historia gjennom tradisjonen, noko som i sin tur leidde fram til det absurde uttrykket «sola scriptura», skrifta åleine. Som om det finst noko som helst belegg for ein slik idé i den konkrete tidslinja som kyrkja spring ut av og utviklar seg gjennom. Martin Luther presenterte også ein tolkningsnykel for kyrkje- og kristendomsforståing som opna for eit skred av forskjellige tolkingar, både i form av eksplosiv vekst av trussamfunn i si eiga samtid, og ei fragmentert kyrkjelære i si eiga kyrkje. Fruktene av det er i dag ei kyrkje som står i strid med seg sjølv i eit lærepluralistisk kaos.

Men aller verst er sjølve splittinga av kyrkja. Den lutherske læra og superintendentane som etter kvart vart satt som leiarar for den nye rørsla skapte grobotn for ei alvorleg kyrkjesplitting som har ført til djupe sår i den kristne korpusen som me kallar Kristi lekam, og som i sanning også er det. Dei lutherske ideane vart femna av fyrsteherredøme på femtenhundretalet og nytta i eit storpolitisk spel om makt, noko som var den direkte orsaka til reformasjonen i Noreg. Det fanst ikkje åndeleg motivasjon i landet vårt for eit slikt konfesjonsbyte. Det eksisterande kristne samfunnet som i høgste grad pulserte med åndeleg levande kraft, vart krenkt og kua. Fromme menneske vart underlagd ein truspraksis som streid med den liturgiske og sakramentale trusforståinga som desse menneska levde i og tolka verda gjennom. Nedstrippinga av tru, kultur og arkitektur var eit brutalt overgrep mot både folk og land.

Ved reformasjonen fekk ein bukt med avlatshandelen, vil ivrige protestantar hevde. Ja, men er det Luther si forteneste? På byrjinga av 1500-talet var det allereie mange teikn på indre fornying, og kven vil hevde at kyrkjesplitting på noko vis er eit gode, eller eit middel Gud ville nytte for endring? Det er såleis ikkje eit argument at reformasjonen førte til ein motreformasjon i Den katolske kyrkja. Det var allereie reformrørsler på gang då Luther presenterte sine tesar, og katolikkar vil elles alltid ha klårt for seg at det er Den Heilage Ande som leier kyrkja. Går kyrkja på avvegar vil ho alltid verte ført tilbake til den smale veg ved lækjande virkemiddel som styrkjer kyrkja. Her snakkar me av erfaring: 1500-talet var trass alt ikkje fyrste krise i kyrkja sitt liv.

Den katolske kyrkja har mange gonger bede om orsaking for feilgrep og synder ho har gjort, også ovanfor dei lutherske kyrkjesamfunna. Ei kyrkje som vil ta ansvar og oppføre seg som ein vaksen må av og til gå ut og vedkjenne sine feilgrep. Eg ventar på at leiarane for folkekyrkja tar eit slikt ansvar i år. Om preses Helga Haugland Byfuglien ikkje kler seg i sekk og oske bør i alle høve bispekollegiet be om orsaking for all urett lutherdomen har dratt inn over seg dei siste fem hundre åra. Som bot kan dei kanskje sjå nærare på dei siste tiders kyrkjemøtevedtak som ikkje berre pregar folkekyrkja internt, men som òg trugar det økumeniske samarbeidet mellom kyrkjesamfunna. Slik vil leiarskapet kunne forbetre jordsmonnet for at kyrkjene kan vekse nærare kvarandre, og gje von om djupare åndeleg nærleik dei kristne imellom. Så skal me frå katolsk hald forsøke å halde fram ei tilgjevande og forsonande haldning, og halde fram ei utstrekt hand til syndsforlating og tilgjeving, heilt utan krav om avlat.

Bror Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster.

Norske tabu på finsk Laurdag, Aug 27 2016 

Sanna Sarroma. Kilde:

Sanna Sarroma. Kilde: Gudbrandsdølen Dagningen

(på trykk i Dag og Tid fredag 19. august 2016)

Sanna Sarromaa greier utvilsamt å skape debatt med tabuboka si, og får meg til å grunde over blindpunkta i kulturen vår.

Den Herren elskar, tuktar han, heiter det i den gamle 1938-omsetjinga av Hebrearbrevet. Det synest å passe godt til Sanna Sarromaas nye bok, Norske tabuer. Over 270 sider hevdar ho at Noreg er eit kunnskapvegrande, jantelovsprega, trongsynt, intolerant, kravstor, distriktspolitisk dysfunksjonelt, språkfanatisk, sutrande, bortskjemt og arbeidsskulkande folkeferd med mykje hat under yta, alt ispedd fordekt passiv-aggressiv snillisme. Sanna Sarromaa refsar det norske samfunnet, ikkje av vond vilje, men av kjærleik og med gode hensikter, hevdar ho sjølv.

Typisk norsk?

Fyrste kapittel startar friskt med ein strak høgre til lærarstanden og utdanningssystemet vårt. I eit land som vil at alle skal vere like flinke vert resultatet at alle skal vere like middelmåtige. “Greit nok er bra nok” seier Sarromaa og viser til ein rektor i Kristiansand som set seg som mål å få ungdomsskuleelevane over karakteren tre. Noreg har ikkje høge ambisjonar på vegne av elevane. Og når Stortinget tek grep og vil innføre kompetansekrav for lærarane i dei viktigaste faga vekkjer det aktiv motvilje frå både Utdanningsforbundet, politikarar og lærarane sjølv. Rettskrivinga i landet er i ferd med å forvitre, og brer seg i heile samfunnet, frå barneskulen til offentlege skriv. Eg kjenner på uro og spør meg sjølv: er det verkeleg så ille? Denne kjensla av uro over rikets tilstand dukkar også opp når Sarromaa riv dyna av det norske demokratiet og organiseringa av kommune og fylkeskommune, gjengse haldningar til arbeidslivet og møtekulturens tidsbruk. Snillisme, latskap og urimelege krav veks ut av vår oljepumpa velstand som gjer oss inkompetente og litt ufordragelege. Kombinert med jantelova “holder Norge seg selv nede som en kunnskaps-, kultur- og innovasjonsnasjon – og som rettskrivingsnasjon.” Slike utsegn ruskar i ei norsk sjel farga av utsegnet “det er typisk norsk å vere god”.

Nynorsk kjærleik

For dei som måtte falle for freistinga å gå i forsvar og meine dette er tilfeldig synsing finn ein over førti sider med notar bak i boka. Sarromaa har belegg for meiningane sine. Men er alle meiningane tabu? Når det gjeld tema som jantelova, feminismen og distriktspolitikken er dette kjent stoff som ofte vert hissig debattert og lyft fram med eit kritisk blikk. Det same gjeld kapittelet om målformene våre. Nynorskhatarar og -elskarar vil truleg finne kapittelet Språk som religion engasjerande. Kvifor skal den store majoriteten av folket verte lasta med det Sarromaa konsekvent kallar sidemålet? Nynorskfanatikarane har vunne fram med  propagandaen sin i skuleverket, i det offentlege og i kulturen. Å verte stempla som nynorskhatar er “kulturelt selvmord”. Sjølv opplever eg ikkje denne tematikken som tabu, men som ein strid som grip inn i folkesjela og norsk identitet. Når Sarromaa skriv om sitt eige morsmål, finsk, slår ho fast at språk er kjærleik. Så burde ho òg vedgå at ein ikkje kan slå strek over kjærleiken til norsk målform.

Boka byggjer i stor grad byggjer på tidligare blogginnlegg i Lokalavisa Gudbrandsdølen Dagningen, der ho hadde fast spalte i halvtanna år. Enkelte av titlane er finurlige, så som “Hellige kyr og jur” (Kapittelet Hellige mødre og barnas beste), “Møter for å møtes” og “Hva skal vi med Etnedal?” (Det norske überdemokratiet). Nokre setningar og poeng vert gjentatt ein del gonger, noko som tidvis gjev ei kjensle av klipp og lim. Elles er boka både lettlesen og tydeleg og sjølvsagt grammatisk korrekt. Me bær over med skrivefeilen på side 9.

Meir kjærleik

Ein kan få inntrykk av at det berre er det finske blikket som er skikka til å avsløre våre norske, inngrodde tabu. Men i siste kapittel vender Sarromaa det andre kinnet til, og prisar Noreg i varme ordelag. Her finn me både velvilje, ein kjærleg tone og humor, og eg kjenner plutseleg også noko av den varmen eg så sårt har sakna gjennom heile boka. Nordmenn og -kvinner er rause og snille, og me er framifrå døme for omverda kva gjeld røykjelova, trafikkulturen og dugnaden. (Kva med berekraftig utvikling?) Boka hadde tent på å setje dette kapitlet fyrst og spe på med meir varme og humor gjennom sidene. Då hadde eg vore meir overtydd om kjærleikserklæringa, som nok hadde gitt meg mot til å tole tukta betre.  Den omfattande refsinga står i lengda fram som litt surmaga, og får meg til å spørje: Handlar boka berre om tabu, eller er ho vel så mykje eit oppgjer med dårlege erfaringar frå Noreg? Eg saknar meir av hjartespråket, men kan hende er det berre i saunaen at slike nære, djupe kjensler får kome til uttrykk?

Boka byr likevel på ei vakker og nær skildring. Når Sanna Sarromaa skriv om far sin, som vart arbeidsløys og drakk seg i hel, slepper ho oss inn i sitt eige, nære og sjølvopplevde kjærleiksliv. Det gjer at eg som lesar kjem nærare på forfattaren, og betre kan forstå utgangspunktet hennar. Eg håpar me får fleire slike innblikk i neste bok.

Eg må vedgå at eg les over meldinga eit par gonger ekstra før eg sender henne til redaksjonen. Har eg nytta hersketeknikkar? Snakkar eg nedlatande? Er eg del av “hylekoret”? Det er krevjande å melde ei bok om tabu i eigen kultur, av di ein ikkje kan vere trygg på om ein ser ope nok på seg sjølv og samfunnet eg er ein del av. Nett difor vil eg tilrå denne boka, eg er viss på at lesaren i det breie utvalet av kritikk vil finne noko som gjev farge i kinna og får panna til å rynke seg, samtidig som boka vekkjer sunn ettertanke.

Lytt til ungdomen Laurdag, Jun 25 2016 

youthPå trykk i spalta I god tro i klassekampen 11/06-2016

Kvifor er ungdomar meir positive til blasfemilovgjeving enn dei eldre?

Med auka asylstraum og innvandring aukar også temperaturen i den norske folkesjela. Sjølv om ikkje så mange seier det høgt fekk me for nokre veker sidan vite at 55% av folket meiner Sylvi Listhaug gjer ein god jobb. Folk diskuterer innvandring og islam på lunsjromet så brunostsmulane flyg, noko som speglar seg i facebook-kommentarane. Muslimsk vri på bunaden er siste snakkis, men drapstruslar er i sanning meir enn berre prat. Truleg nærmar me oss ei dreiing i folkeopinionen, der religions- og innvandringskritikk aukar drastisk, og der desse omgrepa vert stadig meir synonyme. (more…)

Tvill-ingen Torsdag, Mar 10 2016 

Bildet lånt fra Svein Nyhus sitt nettsted sveinnyhus.blogspot.no

Bildet lånt fra Svein Nyhus sitt nettsted sveinnyhus.blogspot.no

Ingen i mors liv har ein ven. Sjølv som tvilling er du einsam.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 10/03-2016 (more…)

Flyktig hjelp Fredag, Mar 4 2016 

foto: bror Haavar Simon Nilsen ©P

foto: bror Haavar Simon Nilsen ©P

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 11/02-2016

Å hjelpe flyktningar er politikk, men også eit haldningsspørsmål. (more…)

Miskunnsåret Torsdag, Jan 14 2016 

Verdensungdomsdagene 2013 copyright Haavar Simon Nilsen

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 14/01-2016

Pave Frans ropar ut eit jubelår: Verda treng meir miskunn! (more…)

Julereformtid Torsdag, Des 17 2015 

Jesusbarnet i varme hender

Julehøgtida kallar på eit viktig spørsmål: Kva er eit menneske?

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 17/12-2015

Det nærmar seg julehøgtida, og med det vert det naturleg for munken å gje spalteplass til jula sitt innhald. I desse dagar som så lett flyt forbi i ein eim av panikkhandel av jolegåver, surkålsdamp og Løiten Linie Aquavit er det lov å ta seg eit avbrekk. Lat ribbesvoren vere så sprø den vil og la eksistensielle tankar få fylle hugen. (more…)

Eit tvilsamt dogme Torsdag, Nov 12 2015 

St Dominkus, utsnitt av maleri frå Bologna foto: HSN ©P

Kva plass har trua på absolutt sanning i vår tvilande tidsalder?

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 12/11-2015 (more…)

Helvetes tåketale Onsdag, Okt 28 2015 

Hortus_Deliciarum_-_HelveteNotto Thelle ynskjer å rydde opp i vår lesing av bibelen, og korleis me skal tolke skildringane av helvete. Hans innlegg er lagt ut på Verdidebatt.no den 26. oktober under tittelen “Et oppgjør med helvete“.

Under fylgjer mitt innlegg, på trykk i Vårt Land 28. oktober 2015

Notto R. Thelle skriv den 26. oktober informativt og poengtert om dei bibelske framstillingane av helvete. Men vert me eigentleg noko klokare? Eg noterar meg ei rekke viktige premissar for sunn bibellesing, men det eine nødvendige ligg att ein stad mellom linjene, nemleg det eg treng å vite: Har eg noko å frykte? Er helvete ein realitet som eg kan hamne i?

Ein katolsk prest gjekk ein gong forbi ein av dei meir karismatiske fellesskapa i hovudstaden, og ein ung mann som såg prestesnippen sprang bort til han, greip han i jakkeslaget og ropa opp i andletet på han: «ER DU FRELST?» Den fortumla pateren såg på han med skrekk i augo og ropte tilbake: «EG VEIT IKKJE!»

Denne småabsurde hendinga seier i grunn det heile om katolsk syn på dommen. Me lever i håpet om frelsa, i vissa om Guds godleik, og med alvoret som fylgjer menneskets frie vilje. Dette speglar seg i liturgien. Kvar morgon syng brørne i St Dominikus kloster invitatorium som opning på dagens fyrste tidebøn. På kvardagar syng me alltid salme 95. Denne endar med desse linjene:

I førti år var jeg harm på denne slekt. Jeg sa: Deres hjerter er forherdet, de kjenner ikke mine veier. Så svor jeg i min vrede: De skal ikke gå inn til min hvile.

Er dette skremsle og trugsmål om helvete? Nei, det er ei skvær påminning om at mennesket skal stå til rette for sine val. Dommen høyrer Gud til, men dagen og vala eg tek er ikkje meiningslause eller likegyldige. Eg lever under nådens segl, det einaste trygge eg har å klamre meg til. Å ta frelsa og den endelege utfriinga som noko sjølvsagt vil eg likevel ikkje anbefale eit menneske som har gjeve seg inn på trua sin veg. Metropolitanen for den gresk-ortodokse kyrkja i England, Kallistos Ware, fekk tydeleggjort denne eksistensielle nerven som fylgjer truslivet, då han under eit foredrag sa: «Kan me vite at helvete er tomt for folk? Nei, det kan me ikkje. Kan me håpe at helvete er tomt? Ja, det kan me.»

Enn kor mykje eg ynskjer å sjå helvete tom for sjeler kan eg ikkje ta det som noko sjølvsagt. Det er like uklokt som å ta kjærleiken for gjeven. Livet er ei gåve som me må verje om, og omsorga me forvaltar og deler mellom oss krev pleie og vern. Vår kjære medbror, Arnfinn Haram, døydde den 10. juni 2012. Før han døydde på ein skogsveg i Nordmarka rakk han å feire si siste høgmesse i klosteret.  Lat bibeleksegetar og teologar manøvrere seg fram mellom bibelvers og ymse teologiske akrobatøvingar. Når det kjem til stykket kan eg berre støtte meg til nokre av dei siste orda Arnfinn sa i preika før han gjekk domen, håpet og nåden i møte:

«Ein dag – ein dag som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går – skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då.»

Fyrste skritt Fredag, Okt 16 2015 

Religionsvandring mellom synagoge, kyrkje og moske, her med eit lite knippe av gruppa som var med. Frå venstre: Knut Refsdal - generalsekretær i Norges kristne råd, kulturminister Thorhild Widvey, Anne Sender - Det mosaiske trossamfunn og leder i sekretæriatet i STL, Helge Simonnes - sjefsredaktør i Vårt Land, Torri Pedersen - sjefsredaktør i VG, Kjersti Marie Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Religionsvandring mellom synagoge, kyrkje og moske, her med eit lite knippe av gruppa som var med. Frå venstre: Knut Refsdal – generalsekretær i Norges kristne råd, kulturminister Thorhild Widvey, Anne Sender – Det mosaiske trossamfunn og leder i sekretæriatet i STL, Helge Simonnes – sjefsredaktør i Vårt Land, Torry Pedersen – sjefsredaktør i VG, Kjersti Marie Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Widveys religionsvandring kan styrke banda mellom tru og media.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 15.10.2015 (more…)

Neste side »