Det splitta fundamentet Tysdag, Apr 25 2017 

 

På trykk i Vårt Land 25/4 – 2017

Det har ikkje skorta på reaksjonar etter dei to økumenikk-innlegga eg har delt med Vårt Land og Klassekampen sine lesarar i det siste. Det er logiske grunnar for det.

Det som kjem til yta i det offentlege ordskiftet om økumenikken er i røynda ikkje enkeltspørsmåla i seg sjølv, men fundamentet for synspunkta. Ein prest i Den norske kyrkja har drøfta med meg korleis synet på kristendomen tydeleg er bunden av tre forskjellige aksiom som er relevante for norske forhold. Kvar av dei ber med seg eit dilemma:

Ser ein på det lågkyrkjelege miljøet vil Bibelens autoritet gjerne vere aksiomet som legg premissen for argumenteringa. Skrifta er bindande for trusinnhaldet.

Det moderne lutherske aksiomet, som legg grunnlaget for læra i Den norske kyrkja, er Kristi oppstode og Det nye testamentet som ei fyrstehandsskildring der dei fyrste vitna freistar å skildre og tolke påskedramaet. Skrifta er hovudkjelda til innsikt i trua, men har ikkje absolutt autoritet slik som hjå dei bibeltru i streng forstand. (Eg avstår frå å uttale meg om Luther sjølv og hans aksiom, Den norske kyrkja har gått ein lang veg over 500 år.)

Kva gjeld Den katolske kyrkja vil ho sjølvsagt dele begge syn som her er nemnd. Skrifta er skriven av Kyrkja sjølv, og har såleis sin gjevne autoritet i naturleg samklang mellom Bibel og Kyrkja sin tradisjon. Det nye testamentet er ei fyrste skildring av påskemysteriet, eit mysterium som har utvikla seg og openberra stadig nye djupn gjennom historia. Om ein skal lyfte fram eit absolutt bindande aksiom for Den katolske kyrkja vil det vere den forpliktande overleveringa – kyrkja si historisitet gjennom tradisjonen. Det har ikkje skjedd fridd frå menneskeleg svikt og grove ugjerningar (på linje med alle trussamfunn), men ho lever i ein tradisjon som alltid tru mot Guds sjølvopenberring i lærespørsmåla. Den katolske kyrkja trur på seg sjølv som ein institusjon som er både åndeleg og jordisk, villa av Gud, og vegleia av Den Heilage Ande gjennom hundre- og tusenåra.

Skildringa av desse aksioma er ikkje uttømande. For alle syn vil ein kunne legge til og trekke frå slik ein meiner det er rettast formulert. Men dei har til felles at dei gjensidig skil seg frå kvarandre som fundament for inngangen til trusforståinga.

Kvart trussamfunn har såleis sitt fundamentale syn som ligg som premiss for all argumentering. Det er ikkje arroganse å lyfte fram sitt lærefundament. Det er tvert imot naudsynt og berande for eigen identitet, både som enkelttruande og som kyrkje eller trussamfunn. Men når ein i møte med andre trussamfunn argumenterer i enkeltsaker utan å synleggjere korleis argumenta heng saman med den underliggande hermeneutikken og logiske struktur vert det fort høg temperatur. Eg har sjølv synda mot dette rådet i mine tidligare innlegg, når eg til dømes kritiserer Den norske kyrkja for sitt skifte i seksualetikken, men legg mitt katolske fundamentale premiss som grunnlag for kritikken. Responsen har ikkje latt vente på seg. Når eg som katolikk uttalar meg om Den norske kyrkja ut frå mitt eige grunnlag er det ikkje rart det vert oppstyr. Eg brukar eit grunnleggande katolsk aksiom som bryt radikalt med Den norske kyrkja sitt aksiom. Utan at eg på nokon måte her har meisla i stein kva Den norske kyrkja har som premiss. (Det har ho kanskje ikkje sjølv heller.) Dette er ikkje eit særkatolsk problem, det gjeld alle forskjellige grupper truande med ulikt fundament og skapar openbare utfordringar. Samstundes tener også spenningane det har skapt som eksempel for poenget eg ynskjer å lyfte fram her.

Økumenikken må lodde så djupt at ein klarar å samtale om skilnadene på dei fundamentale aksioma i våre forskjellige kyrkjer. Det gjer også den økumeniske samtala tydeligare. Difor er det rart at det vert snakka så lite om desse premissa. For det er jo desse underliggande aksioma som gjer det økumeniske arbeidet så krevjande. Alle økumeniske drøftingar vil til sjuande og sist verte leidde tilbake til og støtte seg på sitt eige fundament. Og kvart argument møter sitt dilemma.

Ein bibeltru vestlandspastor vil argumentere med at Bibelen seier slik og slik. Men vil han gjere reie for kvifor han tolkar Skrifta slik han gjer? Alle veit jo at ein tekst er sårbar i møte med lesaren. Korleis kan pastoren vise at han har den rette tolkningsnykelen? På kva grunnlag har Bibelen autoritet?

Ein moderne lutheranar vil kunne ny-lese Bibelen ettersom tidene skiftar. Ein er ikkje bunde verken av Skrifta eller tradisjonen. Dilemmaet oppstår i det ein skal definere kriterium for korleis ein kan endre, kva ein kan endre, og til kva grad ein kan forandre trusforståinga.

Katolikken argumenterer ut frå overleveringa, men drøftar sjeldan kvifor tradisjonen er bindande. Det ligg meir som eit premiss for synet på si eiga kyrkje og på andre kyrkjer og trussamfunn, enn som tema for dialogen.

Det er lett å ville omgå desse problemstillingane i det økumeniske arbeidet. Samtala vert anten vag av di ein ikkje vil gå inn på dei fundamentale forskjellane i tilnærminga til trua, eller ho kokar over av di ein snakkar forbi kvarandre ut frå forskjellige aksiom. Ei fundamental utfordring for økumenikken er å ta på alvor eigne og andre sine føresetnader og fundament i trua, og å snakke om (og lytte til) skillelinjene mellom trussamfunna. Eit slikt arbeid vil kanskje tydeleggjere avstand, men også gje auka forståing i møte med kvarandre.

Advertisements

Ein dempar på Lutherjubileet Tysdag, Apr 11 2017 


På trykk i Klassekampen tirsdag 11. april 2017

Det er eit paradoks at Den norske kyrkja feirar 500 år med lutherdom. For korleis kan lutheranarar feire eit brot som ikkje berre omfattar kyrkjelege organisasjonar, men som grip like inn i einskapen i Kristus, sjølve grunnfeste for kristentrua? Det er som om eit tidligare ektepar skulle feire jubileum for skilsmissa dei ein gong erfarte. Kyrkjesplittinga gjev ikkje grunn til feiring, men burde mane fram vemod og vilje til å søke nærare kvarandre i forsoning og i einskap med vår felles Herre. (meir…)

Sjelenes frelse Torsdag, Apr 6 2017 

Den heilage Dominikus sine ni måtar å be på. Vil du vite meir, sjå http://soul-candy.info/2016/08/aug-8-st-dominics-nine-ways-of-prayer/

På trykk i Vårt Land 6. april 2017.
Etter mitt forrige innlegg, Folkekyrkja i sekk og aske, fekk eg som venteleg var mange kommentarar. Dette innlegget klargjer kva som ligg i botn for temaet eg har lyft fram.

Det har ikkje skorta på reaksjonar på det kritiske innlegget eg skreiv om folkekyrkja i sekk og aske. Lat meg berre gå rett på sak: (meir…)

Folkekyrkja i sekk og aske Torsdag, Mar 30 2017 

I år sømer det seg at lutherske biskopar ber om orsaking for alle skader lutherdomen har ført med seg.

(Innlegg på trykk i Vårt Land 29. mars 2017)

I fem hundre år har lutherdomen prega vårt land. Det gjev inga grunn til feiring, men kvalifiserer til botsgang og vedkjenning av alvorlege synder. For kva har Luther gjeve oss? (meir…)

Norske tabu på finsk Laurdag, Aug 27 2016 

Sanna Sarroma. Kilde:

Sanna Sarroma. Kilde: Gudbrandsdølen Dagningen

(på trykk i Dag og Tid fredag 19. august 2016)

Sanna Sarromaa greier utvilsamt å skape debatt med tabuboka si, og får meg til å grunde over blindpunkta i kulturen vår.

Den Herren elskar, tuktar han, heiter det i den gamle 1938-omsetjinga av Hebrearbrevet. Det synest å passe godt til Sanna Sarromaas nye bok, Norske tabuer. Over 270 sider hevdar ho at Noreg er eit kunnskapvegrande, jantelovsprega, trongsynt, intolerant, kravstor, distriktspolitisk dysfunksjonelt, språkfanatisk, sutrande, bortskjemt og arbeidsskulkande folkeferd med mykje hat under yta, alt ispedd fordekt passiv-aggressiv snillisme. Sanna Sarromaa refsar det norske samfunnet, ikkje av vond vilje, men av kjærleik og med gode hensikter, hevdar ho sjølv.

Typisk norsk?

Fyrste kapittel startar friskt med ein strak høgre til lærarstanden og utdanningssystemet vårt. I eit land som vil at alle skal vere like flinke vert resultatet at alle skal vere like middelmåtige. «Greit nok er bra nok» seier Sarromaa og viser til ein rektor i Kristiansand som set seg som mål å få ungdomsskuleelevane over karakteren tre. Noreg har ikkje høge ambisjonar på vegne av elevane. Og når Stortinget tek grep og vil innføre kompetansekrav for lærarane i dei viktigaste faga vekkjer det aktiv motvilje frå både Utdanningsforbundet, politikarar og lærarane sjølv. Rettskrivinga i landet er i ferd med å forvitre, og brer seg i heile samfunnet, frå barneskulen til offentlege skriv. Eg kjenner på uro og spør meg sjølv: er det verkeleg så ille? Denne kjensla av uro over rikets tilstand dukkar også opp når Sarromaa riv dyna av det norske demokratiet og organiseringa av kommune og fylkeskommune, gjengse haldningar til arbeidslivet og møtekulturens tidsbruk. Snillisme, latskap og urimelege krav veks ut av vår oljepumpa velstand som gjer oss inkompetente og litt ufordragelege. Kombinert med jantelova «holder Norge seg selv nede som en kunnskaps-, kultur- og innovasjonsnasjon – og som rettskrivingsnasjon.» Slike utsegn ruskar i ei norsk sjel farga av utsegnet «det er typisk norsk å vere god».

Nynorsk kjærleik

For dei som måtte falle for freistinga å gå i forsvar og meine dette er tilfeldig synsing finn ein over førti sider med notar bak i boka. Sarromaa har belegg for meiningane sine. Men er alle meiningane tabu? Når det gjeld tema som jantelova, feminismen og distriktspolitikken er dette kjent stoff som ofte vert hissig debattert og lyft fram med eit kritisk blikk. Det same gjeld kapittelet om målformene våre. Nynorskhatarar og -elskarar vil truleg finne kapittelet Språk som religion engasjerande. Kvifor skal den store majoriteten av folket verte lasta med det Sarromaa konsekvent kallar sidemålet? Nynorskfanatikarane har vunne fram med  propagandaen sin i skuleverket, i det offentlege og i kulturen. Å verte stempla som nynorskhatar er «kulturelt selvmord». Sjølv opplever eg ikkje denne tematikken som tabu, men som ein strid som grip inn i folkesjela og norsk identitet. Når Sarromaa skriv om sitt eige morsmål, finsk, slår ho fast at språk er kjærleik. Så burde ho òg vedgå at ein ikkje kan slå strek over kjærleiken til norsk målform.

Boka byggjer i stor grad byggjer på tidligare blogginnlegg i Lokalavisa Gudbrandsdølen Dagningen, der ho hadde fast spalte i halvtanna år. Enkelte av titlane er finurlige, så som «Hellige kyr og jur» (Kapittelet Hellige mødre og barnas beste), «Møter for å møtes» og «Hva skal vi med Etnedal?» (Det norske überdemokratiet). Nokre setningar og poeng vert gjentatt ein del gonger, noko som tidvis gjev ei kjensle av klipp og lim. Elles er boka både lettlesen og tydeleg og sjølvsagt grammatisk korrekt. Me bær over med skrivefeilen på side 9.

Meir kjærleik

Ein kan få inntrykk av at det berre er det finske blikket som er skikka til å avsløre våre norske, inngrodde tabu. Men i siste kapittel vender Sarromaa det andre kinnet til, og prisar Noreg i varme ordelag. Her finn me både velvilje, ein kjærleg tone og humor, og eg kjenner plutseleg også noko av den varmen eg så sårt har sakna gjennom heile boka. Nordmenn og -kvinner er rause og snille, og me er framifrå døme for omverda kva gjeld røykjelova, trafikkulturen og dugnaden. (Kva med berekraftig utvikling?) Boka hadde tent på å setje dette kapitlet fyrst og spe på med meir varme og humor gjennom sidene. Då hadde eg vore meir overtydd om kjærleikserklæringa, som nok hadde gitt meg mot til å tole tukta betre.  Den omfattande refsinga står i lengda fram som litt surmaga, og får meg til å spørje: Handlar boka berre om tabu, eller er ho vel så mykje eit oppgjer med dårlege erfaringar frå Noreg? Eg saknar meir av hjartespråket, men kan hende er det berre i saunaen at slike nære, djupe kjensler får kome til uttrykk?

Boka byr likevel på ei vakker og nær skildring. Når Sanna Sarromaa skriv om far sin, som vart arbeidsløys og drakk seg i hel, slepper ho oss inn i sitt eige, nære og sjølvopplevde kjærleiksliv. Det gjer at eg som lesar kjem nærare på forfattaren, og betre kan forstå utgangspunktet hennar. Eg håpar me får fleire slike innblikk i neste bok.

Eg må vedgå at eg les over meldinga eit par gonger ekstra før eg sender henne til redaksjonen. Har eg nytta hersketeknikkar? Snakkar eg nedlatande? Er eg del av «hylekoret»? Det er krevjande å melde ei bok om tabu i eigen kultur, av di ein ikkje kan vere trygg på om ein ser ope nok på seg sjølv og samfunnet eg er ein del av. Nett difor vil eg tilrå denne boka, eg er viss på at lesaren i det breie utvalet av kritikk vil finne noko som gjev farge i kinna og får panna til å rynke seg, samtidig som boka vekkjer sunn ettertanke.

Lytt til ungdomen Laurdag, Jun 25 2016 

youthPå trykk i spalta I god tro i klassekampen 11/06-2016

Kvifor er ungdomar meir positive til blasfemilovgjeving enn dei eldre?

Med auka asylstraum og innvandring aukar også temperaturen i den norske folkesjela. Sjølv om ikkje så mange seier det høgt fekk me for nokre veker sidan vite at 55% av folket meiner Sylvi Listhaug gjer ein god jobb. Folk diskuterer innvandring og islam på lunsjromet så brunostsmulane flyg, noko som speglar seg i facebook-kommentarane. Muslimsk vri på bunaden er siste snakkis, men drapstruslar er i sanning meir enn berre prat. Truleg nærmar me oss ei dreiing i folkeopinionen, der religions- og innvandringskritikk aukar drastisk, og der desse omgrepa vert stadig meir synonyme. (meir…)

Tvill-ingen Torsdag, Mar 10 2016 

Bildet lånt fra Svein Nyhus sitt nettsted sveinnyhus.blogspot.no

Bildet lånt fra Svein Nyhus sitt nettsted sveinnyhus.blogspot.no

Ingen i mors liv har ein ven. Sjølv som tvilling er du einsam.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 10/03-2016 (meir…)

Flyktig hjelp Fredag, Mar 4 2016 

foto: bror Haavar Simon Nilsen ©P

foto: bror Haavar Simon Nilsen ©P

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 11/02-2016

Å hjelpe flyktningar er politikk, men også eit haldningsspørsmål. (meir…)

RETRETT PÅ IONA 20.-27. AUGUST Sundag, Feb 14 2016 

Velsignelse ved reisestart

 Måtte vegen stige opp for å møte deg,
måtte vinden alltid fylgje deg i ryggen,
måtte sola alltid skine varmt på andletet ditt.
Regnet fell mjukt på åkrane dine,
og til vi igjen møtest,
måtte Gud bere deg i sine hender.

 

foto: br Haavar Simon Nilsen ©P

foto: br Haavar Simon Nilsen ©P

 

Ønsker du et møte med deg selv, med Gud og med naturen? Vil du bli bedre kjent med den keltiske kristne tradisjonen? Bli med på retrett til Iona på vestkysten av Skottland fra 20. til 27. august 2016. Det er undertegnede, p. Haavar Simon Nilsen, som leder retretten som finner sted i Bishop’s house på Iona, like ved Iona Abbey. (meir…)

Miskunnsåret Torsdag, Jan 14 2016 

Verdensungdomsdagene 2013 copyright Haavar Simon Nilsen

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 14/01-2016

Pave Frans ropar ut eit jubelår: Verda treng meir miskunn! (meir…)

Neste side »