Gospel: John 3, 31-36

Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans. Den som tek imot hans vitneutsegn, har skrive under på at Gud talar sant. Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden i fullt mål. Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.»

 
Den fyrste veka av rettsaka mot Anders Behring Breivik er over. Mange veker står att, der hendingane sist sommar skal forklarast i detalj. Det kviler eit stort og tungt spørsmål over alle kristne i desse dagar. Korleis skal ein som kristen kunne forhalde seg til ein massemordar? Me klarar mest ikkje ein gong å ta inn over oss dei faktiske hendingane, og tankane og vår medkjensle går til alle dei som lid under det grufulle som har skjedd.

Den 22. juli bomba Breivik regjeringskvartalet i Oslo. Åtte menneske vart drepne. 209 personar vart skadde, av desse 12 alvorlig. Deretter drog han til Utøya. Her vart 69 personar drepne. 110 personar vart skadde, av desse 55 personar alvorlig. Dei aller fleste av offera på Utøya var ungdom.

I løpet av desse fyrste dagane av rettsaka har Breivik sagt at han ikkje angrar på kva han har gjort, at han ville gjort det om att, og at han ved sine handlingar har ofra seg sjølv for slik å kunne inspirere andre. Breivik snakkar som om han er ein frelsar. Han skal utfri verda, verda har berre endå ikkje forstått dette. Det er mest som om han vil bruke Evangelieteksten me nett har høyrd om seg sjølv:

Den som kjem ovanfrå, er over alle. Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans.

Men Anders Behring Breivik er ingen frelsar. Kvifor ikkje? Fordi hans ekstreme valdshandlingar vitnar imot han. Me forstår intuitivt og instinktivt at det denne mannen har gjort står i mot alle menneskelege verdiar. Hans vitnesutsegn vert eit vitnesutsegn mot alt menneskeleg. Korleis skal me som kristne forhalde oss til Breivik? Kva vil Den katolske kyrkja sei?

Den kristne trua er ikkje ein lov-religion. Den er rotfesta i vårt indre, og spring ut av eit personleg Gudsforhold openberra i Jesus Kristus. Denne openberringa byggjer på ein endå djupare grunn, nemlig det at menneske er skapt i Guds bilete. Me forstår automatisk galskapen og vondskapen i Breivik sine handlingar, for det ligg nedfelt i oss som menneske ein intuisjon om kva som er godt, og om kva som er vondt. Me veit i vårt indre kva urett og rettferd er. Me veit kva kjærleik er. Og me veit i allefall kva mangel på kjærleik er. Skapt i Guds bilete har me desse verdiane nedlagde i vår menneskelige natur, og det ligg i kvart menneske eit kall til å leve i samsvar med desse verdiane. I så måte er me kalla til å leve «som gudar». På same vis som Gud er me kalla til å bruke vår kreativitet og vår skaparevne. Saman med vår Skapar er me kalla til å søkje etter rettferd og fred. Og over alt anna er me kalla til å dele med Gud hans miskunnsame kjærleik og medkjensle. Denne medfølande kjærleiken er sjølve grunntrekket i Guds karakter, og me finn det gjennom heile det Gamle Testamentet. Guds miskunn når til slutt sin fylde i openberringa i Kristus. I Han vert profetien i Davidssalma til røyndom:

Miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre. Sanning skal spira opp av jorda og rettferd sjå ned frå himmelen. (Salme 85,10-11)

I Kristus har Gud knytt seg til menneske på den mest intime og solidariske måte. Gud knyttar seg til oss ved sjølv å bli ein av oss, og i Kristus lyftar han menneske opp til seg. I sin forbarmande miskunn gjev han oss seg sjølv i Den heilage Ande, og slik leiar han oss og støttar oss på vår pilgrimsveg: «Gud gjev Anden i fullt mål!» (Joh 3,35)
Ved denne Anden får me del i den treeinige Gud, og me vert kalla til å leve ut den same miskunnsame kjærleik som Gud sjølv har sjenkt oss. Denne omsorgsfulle, forbarmande kjærleiken er ikkje begrensa berre til dei som «fortjener» det. Den strekkjer seg til alle menneske, og kanskje særlig til dei som står lengst ifrå. I ljoset av rettsaka som no pågår er dette strekt til det ytterste. Me står, kjære kristne, framfor det uendelig vanskelige spørsmålet: Korleis møter eg ein massemordar med forbarmande miskunn?

Noko har endra seg i meg i løpet av desse fyrste dagane av rettsaka. Eg har byrja å føle inderlig synd på Anders Behring Breivik. Eg har aldri nokon gong sett eit menneske som i levande live er så fortapt. Det er som å stirre inn i helvete: I mange år isolerte denne unge mannen seg, og i si einsemd vart han, utan at me heilt kan fatte det, svanger med ein grufull plan. Når denne planen vart sett ut i livet fylgde det også eit sjølvmord. Dette sjølvmordet er så og seie dobbelt. Enten vil Breivik stå fast i illusjonen om at han er kalla til martyrdom, til helt og til forkjempar og foregangsmann for sin ideologi. I så fall vil han for alltid vere fordømd av samfunnet, og han må då sjå for seg ei livslang einsemd. Eller han vil bryte saman og innsjå kva han faktisk har gjort. I så fall er det vanskelig å sjå korleis han vil kunne utstå sine eigne handlingar. Dermed vil han møte ein endå hardare form for einsemd. Det helvete som Breivik no går mot, er ei ufattelig einsemd, i ei form eller ei annan.

Den vegen Anders Behring Breivik har tatt inn på fører han rake vegen vekk frå kva me som menneske er kalla til å leve; nemlig eit liv med miskunnsam omsorg og kjærleik for kvarandre. Anders er avstengd frå denne verda og frå alt som gjev meining. Han er avstengd frå dei sosiale, humane og kjærleiksfulle banda me er skapte for å leve i. I denne umenneskelege situasjonen kan me som kristne berre be for dette menneske, og me må be for dette menneske, for det er ikkje noko anna me kan gjere: At Gud som gjer under, må nå inn til denne fortapte sjel, og at han som røvaren på krossen må opne sine auge for sanninga slik at han ein dag, om det så måtte vere på den siste dag, kan bli det menneske han var meint å vere. Eit menneske forma og fullendt i Guds bilete. Me ber.

For ikkje noko er umogleg for Gud.

bror Haavar Simon Nilsen O.P.