Ein trufast ven Sundag, Jul 3 2016 

friends

Homilie 14. søndag i det alminnelege kyrkjeåret år C

Fred og misjon høyrer saman. Det er kortforma av dagens preike. Misjon og fred utfyller kvarandre, og er så fast knytt til kvarandre at me ikkje kan skilje det. (meir…)

Advertisements

Grensesprengande tilgjeving Sundag, Jun 12 2016 

St dominikus kirketårn

12. søndag i ordinære kyrkjeår år C

Det er tilgjevinga som står i senter i tekstane i dag. David vedkjenner seg si synd ovanfor Natan, og vert skåna av Herren. Kvinna som har levd eit syndefullt liv let tårene renne over Jesu føter, og han gjev henne fridom og fred. Og Paulus viser til trua på Kristus for å vinne Guds rettferd og fridom.

Men kva slags plass har tilgjevinga i våre liv? Av og til er det ungane som kjem med dei beste svara. Slik som søndagsskulelæraren som skulle prøve å lære ungane om tilgjeving gjennom skriftemålet, om anger, om ope å bekjenne alle synder ein kjem på, om bot og forsett om ikkje å synde meir. Mot slutten av timen ville ho sjekke at borna hadde fått med seg det viktigaste, så ho spurde: Kva må ein gjere for å få tilgjeving for syndene? Det vart stille, før ein liten gutestemme til slutt sa: «Synde?» (meir…)

Djup Sanning Måndag, Mai 16 2016 

Steinkrossen ved Krosshaugen i Haugesund. KJelde: Wikipedia

Steinkrossen ved Krosshaugen i Haugesund 2. pinsedag. Kjelde: Wikipedia

Homilie under økumenisk gudsteneste på Krosshaugen ved Haraldshaugen i Haugesund.

Lesningar for 2. pinsedag

Kva kan passe betre enn å samlast her på Krosshaugen på denne andre pinsedag? For når me no feirar pinsefest og Heilagandens kome er det sanninga med stor S som står sentralt. Det betyr ikkje at alt skal vere så høgrøysta. (meir…)

The Jerusalem code decoded Tysdag, Mai 3 2016 

Johannes av Patmos ser Det himmelske Jerusalem fra Gud senke seg ned på jorda. Frå eit veggteppe frå 1300-tallet. Kjelde: Wikipedia

Johannes av Patmos ser Det himmelske Jerusalem fra Gud senke seg ned på jorda. Frå eit veggteppe frå 1300-tallet. Kjelde: Wikipedia

  1. søndag i påsketida år C

Jerusalem står i sentrum i dag, både i første og andre lesing, og mellom linjene anar me den heilage stadens nærvær også i Evangeliet.

Johannes ser byen som stig ned frå himmelen, den majestetiske stad med dei tolv portane, som strålar av Guds herlegdom. Jerusalem er byen som ligg som ein referanse gjennom heile historia i vesten. I den muslimske klippedomen på tempelplassen stikk det opp ein del av grunnfjellet, som er å reikne som kjernen av byen. Steinen har vorte kalla grunnsteinen som verda blei skapt av, og Adam skal ha reist sitt fyrste alter her. Her skal jebusittane ha tilbedt soloppgangen for over tre tusen år sidan, og det er på det same fjellet, Moria-berget, at Abraham ville ofre sonen sin, Isak. Paktens ark med steintavlene og dei ti boda sto her i det fyrste templet, den pakta som vert fullenda og forløyst ved Jesu inngang til Jerusalem og hans frelseverk. For oss truande står staden som eit frampeik på Guds sons kome i inkarnasjonsmysteriet, der alle offer fullendast i Kristi offer, der all lovprising vert overgått av Faderens eigen hyllest av Sonen. Oppstode-dagen er den endelege soloppgangen, og frå no av er det lammet sjølv som strålar over heile skapnaden.

Frå denne augneblinken går Davidssalmen i oppfylling: miskunn og sanning møter kvarandre, rettferd og fred kysser kvarandre. Det jordiske og det himmelske Jerusalem vert eitt, og verknadshistoria kan me fylgje heilt fram til i dag. Gjennom salmedikting og litteratur, arkitektur og samfunnsliv står Jerusalem som ein del av identiteten. Det speglar seg då også i våre nære familieband. Min eigen bestefar heitte Ole Israel Nilsen. Det er spor av det lova landet og Jerusalem, eller det som i desse tider vert kalla «the Jerusalem code», på så mange vis. Denne koden har likevel ikkje sitt utspring i kultur, men i openberring. Det var fyrst når fredsfyrsten kom at Jerusalem fullt og heilt kunne leve opp til sitt eige namn, staden som har fred.

Det vil ikkje dermed sei at alt gjekk fredsamt for seg. Dei fyrste disiplane brytast med spørsmålet om omskjering for heidningar, og me les at «det oppstod et ganske kraftig røre»! Eg vil tru at forfattaren ikkje overdriv skildringa av denne diskusjonen. Var dette eit teikn på ei svak kyrkje, som ikkje utan vidare makta å bli einig med seg sjølv? Var det slik det var meint at apostlane skulle krangle så fillene fauk før dei kom fram til ei løysing?

Når disiplane i dette høve skal løyse konflikten er det til Jerusalem dei dreg. Her talar både kyrkja og Den Heilage Ande klårast. Og når dei har drøfta saken er konklusjonen klar: «Den Hellige Ånd og vi har besluttet ikke å legge noen annen byrde på dere enn helt nødvendige ting.» Det er spor av det jordiske og himmelske Jerusalem i denne ordstillinga. Den Heilage Ande og vi, skriv apostlane og presbytarane i Jerusalem.

Heilt frå byrjinga på den kristne misjonshistoria og kyrkja sitt indre liv har det vore sterke brytningar. Tenk berre på Moses som diskuterar med Herren, eller Jakob som slost med Gud sjølv. «Eg slepp deg ikkje før du signar meg!» Og kva med alle profetane, Guds sendebod som brytest med sitt oppdrag, som fortvilar, som vert trysta, og som stadig får nytt mot. Med Kristus får dei truande del i Guds sjølv. Frå starten av frelseshistoria har Heilaganden vegleia kyrkja og dei truande. Det skjer ikkje utan konflikt. Menneska er forskjellige, og ser ting på forskjellig vis. Det er tidvis krevjande å opne seg for andre sine synspunkt og ståstad. Røyndomar støytar mot kvarandre. Skulle det vere annleis i møte med Heilaganden? Men me har ein fredsæl og tolmodig Gud, og over tid har Herren forma si kyrkje, lært ho opp og minna ho på Ordet frå Herren. Og heile tida skjenkjer Herren sin fred til kyrkja, set mot i dei motlause, gjev ro til dei urolige, lindrar dei som lid i sitt indre.

Sidan no denne søndagen fell på arbeidaranes dag, kan me jo tenkje over kva som er vår viktigaste fanesak. Og det er Jesus sjølv som held opp for oss kva som er det eine naudsynte. For i dag byr Herren oss å halde fast ved hans ord i trufast kjærleik og overgjeving. Og det gjer me gjennom bøna og Gudstenesta, ved nestekjærlege handlingar, og ved å ta i mot Herren sjølv i den store takkseiinga, eukaristien. Så lat også oss ta til oss formaninga frå apostlane, og sette vår lit til Herren i det dei seier: «Vokt dere for disse ting, så vil alt gå bra. Lev vel!»

Ei hand over såret Sundag, Apr 3 2016 

Foto: Wikipedia. Christ Pantocrator mosaic in Byzantine style from the Cefalù Cathedral, Sicily

Foto: Wikipedia. Christ Pantocrator mosaic in Byzantine style from the Cefalù Cathedral, Sicily

Homilie miskunnssøndag 2. søndag i påsketida i St Dominikus.

I dag er det miskunnssundag, og det er Thomas som i dag vil klaste ljos over denne dagen. Han var den einaste av disiplane som ikkje var saman med dei andre då Jesus openberra seg for dei den fyrste dagen i veka. Han må sjå, han må kjenne, han må ha Jesus heilt nær! (meir…)

Velsigna, og høgt forbanna Laurdag, Apr 2 2016 

Foto: br Haavar S. ©P

Foto: br Haavar S. ©P

Påskemidnattsmesse, Sankt Dominikus kloster 20. mars 2016

I natt står Jesus Kristus opp frå dei døde, og me lever hans oppstode på liturgisk vis, slik kyrkja eigentleg alltid gjer. Gjennom heile året feirar kyrkja påske. Kvar sundagsmesse, ja kvar ei kvardagsmesse er påskefest. Men alle messer, all eukaristi –takkseiing- peikar fram mot, og har sitt utspring i natta i natt, den store høgtida der me kjem tettast på Herrens liding, død og oppstode. (meir…)

Ein Far ingen forsto Sundag, Mar 6 2016 

Bartolomé Esteban Murillo (artist) Spanish, 1617 - 1682 The Return of the Prodigal Son, 1667/1670 oil on canvas

 

Preike i St Dominikus 4. søndag i fasten år C

For eit par år sidan sat eg i ei samtale med ein kamerat og diskuterte Guds eksistens og forholdet til trua, og eg hugsar eg sa til han: Spørsmålet mitt når eg døyr er ikkje om eg tok feil, eller om eg forsto det rett. Spørsmålet mitt er: kor feil tok eg? For har me nokon garanti for at me har forstått vårt tilvere rett? Kva veit eg eigentleg om det heilage? Om miskunn? Om kjærleik? (meir…)

Meiningsfulle byggverk Sundag, Feb 21 2016 

Church of transfiguration, Mount Tabor, Israel

Homilie for 2. søndag i fastetida år C

Eit svenskt ordtak seier:

“Livet er en bro. Man skal gå över på den, inte bygga hus på den!” (meir…)

Lyst på Livet Laurdag, Feb 13 2016 

Foto: br Haavar Simon Nilsen ©P

 

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

Laurdag 13. februar

Jakobsbrev 1, 12-16

Salig er det mennesket som holder ut i fristelser. For når han har stått sin prøve, skal han få livets seierskrans, som Gud har lovet dem som elsker ham. Ingen som blir fristet, må si: «Det er Gud som frister meg.» For Gud fristes ikke av det onde, og selv frister han ingen. Alle blir fristet av sitt eget begjær, som lokker og drar. Når lysten er blitt svanger, føder den synd, og når synden er moden, føder den død.
La dere ikke føre vill, mine kjære søsken!

 

(meir…)

Blomstrande tru Laurdag, Feb 13 2016 

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

Fredag 12. februar

 

Matteus 4, 1-11

Jesus ble så av Ånden ført ut i ødemarken for å bli fristet av djevelen.  Han fastet i førti dager og førti netter og ble til sist sulten.  Da kom fristeren til ham og sa: «Er du Guds Sønn, så si at disse steinene skal bli til brød!»  Jesus svarte: «Det står skrevet:
           Mennesket lever ikke av brød alene,
men av hvert ord som kommer fra Guds munn.»
 Da tok djevelen ham med til den hellige byen, stilte ham ytterst på tempelmuren  6 og sa: «Er du Guds Sønn, så kast deg ned herfra! For det står skrevet:
           Han skal gi englene sine befaling om deg.
Og:
De skal bære deg på hendene
så du ikke støter foten mot noen stein.»
 Men Jesus sa til ham: «Det står også skrevet:
           Du skal ikke sette Herren din Gud på prøve.»
 Så tok djevelen ham med seg opp på et meget høyt fjell og viste ham alle verdens riker og deres herlighet og sa: «Alt dette vil jeg gi deg dersom du faller ned og tilber meg.» Da sa Jesus til ham: «Bort fra meg, Satan! For det står skrevet:
           Herren din Gud skal du tilbe,
og ham alene skal du tjene.»
Da forlot djevelen ham, og se, engler kom og tjente ham. 

 


(meir…)

Neste side »