Kristi lekam og blods fest år B

PSP møte Turku 2011 foto HSNFestdagen i dag har mange innfallsvinklar, og knyter an til trusmysteriet på fleire måtar.

Her er kulten frå Det gamle testamentet som fullendast i Kristus, med prestetenesta som me høyrer om i fyrste Mosebok og i Paulus brev til korintarane.  Kristus er øvstepresten som ber fram seg sjølv, sitt eiga offer, til vår forløysing og sjelenes frelse.

Her er inkarnasjonsmysteriet, ikjøtinga, som ein kan sei på nynorsk. Gud kler seg i menneskeleg skikkelse, vert som oss, for at me skal bli eitt med han. Dette er ikkje berre gåtefullt for oss. For oss er det eit mysterium at Guds Son gjer seg til menneske. Men sjølv englane famlar etter orda i undring når Jesus, den inkarnerte Guds Son, stig opp att til Guds trone. Dei kjenner ikkje riktig att denne skikkelsen som likevel er så kjent: «Kven er han då, kongen, den herlege?» syng dei spørjande (Salme 24). Og disippelskaren og heile den kristne Kyrkja som kjenner løyndomen om Kristi nye natur kan no svare: «Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.» -For no veit me kven han er, det er Herren Kristus, Guds Son, vår bror. Han er ein av oss.

Og Kristi lekam er også heile kyrkja, samla i ein korpus, ein fellesskap, eller ein felles einskap. Dette omfanget av Kristi nærvær på jord sprenger også skiljelinjene mellom konfesjonane. Kristi lekams og blods fest minner oss om einskapen i dåpen og trua, og samstundes om splittinga som denne lekamen lid under. Slik er festdagen i dag ikkje utan smerte. Den minner oss om ansvaret me alle har for å søke einskap med våre brør og systrer, slik at Kristi lekam ein gong kan verte eitt.

Og så har me sjølve feiringa av det me nemner. Kristi lekam og blod er krevjande lære, og vekte anstøyt heilt frå byrjinga av, då Jesus forkynte at alle skulle ete hans lekam og drikke hans blod. Korleis skulle fylgjesveinane og folket forstå Jesu tale om eige offermåltid? «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?» seier disiplane (Joh 6,60), men Jesus held fram for alle: «Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv.» (Joh 6,54) Me et oss til frelse, me drikk oss til evig liv. Me går inn i eit måltidsfellesskap, der Gud sjølv ofrar seg, og ved å ta imot dette offeret på våre lepper vert me vert eitt med Herren. Jesus seier sjølv: «Den som et min kropp og drikk mitt blod, blir verande i meg og eg i han.» (Joh 6,56)

Når me tek imot Kristi lekam og blod i Eukaristien er det ikkje noko me tek imot, men nokon. Det er relasjonen til Gud som veks ut av dette måltidet, eit kjærleiksforhold til vår Frelsar som spring ut av denne underfulle næringa. Og ved denne himmelske føda vert me omdanna og likedanna med Jesus. Eller som tittelen på ei norsk kokebok så kjekt seier det: «Du blir det du spiser»! Ja, me vert Kristus-berarar, kalla til å spegle Kristus i vår liv, stykkevis og med våre mange menneskelege manglar, ei spegling i mange fasettar, ja, men likevel der.

Det er denne omdanninga og denne djupe kjærleiksrelasjonen me feirar i dag, og som me viser fram for alle. Det er ikkje eit stykke av Jesus me viser fram i monstransen når me no skal gå ut med Herren i Gatene her på Majorstua. De er Herrens eige nærvær som strålar, han me elskar, og som elskar oss. For oss er det ei gledesfeiring. For andre kan det vekkje anstøyt, slik dei fyrste disiplane kjente det. Difor forpliktar dagen i dag oss på kvardagen. Når baldakinen og monstrans er pakka ned, og Kristus atter kviler i tabernakelet, då er det me som tek over prosesjonen i våre kvardagsliv, og som vitnar om det livet som Kristus skjenker oss ved sitt forløysande offer.

Advertisements