På trykk i spalta «Ettertanke» i Vårt Land onsdag 20. mai

imageLesning for onsdag 20. mai: Joh 15, 26-27
Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. 27 Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.

_______________________________

 

Når tryllekunstnaren skal dra kaninen ut av hatten seier han «hokus pokus filiokus!» Uttrykket er ein rest frå den gamle latinske messa, då presten las innstifingsorda over brød og vin med orda: «hoc est enim corpus meum», -dette er min lekam. For utanforståande er kanhende kanin-trylleri og innstifting av nattverden det same; ei forvandling som ser ut til å finne stad ved nokre magiske ord. For dei truande stiller det seg annleis.

Gud er ein Gud som ved nåden samhandlar med mennesket. Han tyr ikkje til magi, men inviterer mennesket inn til samfunn med seg. Heilaganden samarbeider med mennesket, og ved våre henders verk verkeleggjer Gud sine gjerningar, både i sakramenta og i livet sjølv. I Apostelgjerningane skriv apostlane frimodig i brev til kyrkjelydane i Antiokia: «Den Heilage Ande og vi har vedteke…» (Apg. 15,28). Det er eit herleg frigjerande utsegn. Sanningsanden og vi skal saman vitne om Kristus, om Sanninga sjølv.

Dominikanarordenen har sidan etableringa for 800 år sidan hatt eit enkelt hovudmotto: Veritas – Sanning. Ikkje sanning som noko ein skal slå i bordet med: Sanning er knytt til indre fridom, og kan berre utfaldast under fridomens kår. Ein kan stadfeste sanningar i trua, men for at sanninga skal verte verksam og bere frukt må ei samhandling finne stad. Sanningsanden og mennesket virkar saman og let Guds røyndom utfalde seg, slik sårbare planter spirer i god jord. Slik vert trua rotfest og trygg, lik eit tre planta ved rennande vatn, som gjev frukt i rett tid. (salme 1,3)