Julereformtid Torsdag, Des 17 2015 

Jesusbarnet i varme hender

Julehøgtida kallar på eit viktig spørsmål: Kva er eit menneske?

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 17/12-2015

Det nærmar seg julehøgtida, og med det vert det naturleg for munken å gje spalteplass til jula sitt innhald. I desse dagar som så lett flyt forbi i ein eim av panikkhandel av jolegåver, surkålsdamp og Løiten Linie Aquavit er det lov å ta seg eit avbrekk. Lat ribbesvoren vere så sprø den vil og la eksistensielle tankar få fylle hugen. (meir…)

Eit tvilsamt dogme Torsdag, Nov 12 2015 

St Dominkus, utsnitt av maleri frå Bologna foto: HSN ©P

Kva plass har trua på absolutt sanning i vår tvilande tidsalder?

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 12/11-2015 (meir…)

Helvetes tåketale Onsdag, Okt 28 2015 

Hortus_Deliciarum_-_HelveteNotto Thelle ynskjer å rydde opp i vår lesing av bibelen, og korleis me skal tolke skildringane av helvete. Hans innlegg er lagt ut på Verdidebatt.no den 26. oktober under tittelen «Et oppgjør med helvete«.

Under fylgjer mitt innlegg, på trykk i Vårt Land 28. oktober 2015

Notto R. Thelle skriv den 26. oktober informativt og poengtert om dei bibelske framstillingane av helvete. Men vert me eigentleg noko klokare? Eg noterar meg ei rekke viktige premissar for sunn bibellesing, men det eine nødvendige ligg att ein stad mellom linjene, nemleg det eg treng å vite: Har eg noko å frykte? Er helvete ein realitet som eg kan hamne i?

Ein katolsk prest gjekk ein gong forbi ein av dei meir karismatiske fellesskapa i hovudstaden, og ein ung mann som såg prestesnippen sprang bort til han, greip han i jakkeslaget og ropa opp i andletet på han: «ER DU FRELST?» Den fortumla pateren såg på han med skrekk i augo og ropte tilbake: «EG VEIT IKKJE!»

Denne småabsurde hendinga seier i grunn det heile om katolsk syn på dommen. Me lever i håpet om frelsa, i vissa om Guds godleik, og med alvoret som fylgjer menneskets frie vilje. Dette speglar seg i liturgien. Kvar morgon syng brørne i St Dominikus kloster invitatorium som opning på dagens fyrste tidebøn. På kvardagar syng me alltid salme 95. Denne endar med desse linjene:

I førti år var jeg harm på denne slekt. Jeg sa: Deres hjerter er forherdet, de kjenner ikke mine veier. Så svor jeg i min vrede: De skal ikke gå inn til min hvile.

Er dette skremsle og trugsmål om helvete? Nei, det er ei skvær påminning om at mennesket skal stå til rette for sine val. Dommen høyrer Gud til, men dagen og vala eg tek er ikkje meiningslause eller likegyldige. Eg lever under nådens segl, det einaste trygge eg har å klamre meg til. Å ta frelsa og den endelege utfriinga som noko sjølvsagt vil eg likevel ikkje anbefale eit menneske som har gjeve seg inn på trua sin veg. Metropolitanen for den gresk-ortodokse kyrkja i England, Kallistos Ware, fekk tydeleggjort denne eksistensielle nerven som fylgjer truslivet, då han under eit foredrag sa: «Kan me vite at helvete er tomt for folk? Nei, det kan me ikkje. Kan me håpe at helvete er tomt? Ja, det kan me.»

Enn kor mykje eg ynskjer å sjå helvete tom for sjeler kan eg ikkje ta det som noko sjølvsagt. Det er like uklokt som å ta kjærleiken for gjeven. Livet er ei gåve som me må verje om, og omsorga me forvaltar og deler mellom oss krev pleie og vern. Vår kjære medbror, Arnfinn Haram, døydde den 10. juni 2012. Før han døydde på ein skogsveg i Nordmarka rakk han å feire si siste høgmesse i klosteret.  Lat bibeleksegetar og teologar manøvrere seg fram mellom bibelvers og ymse teologiske akrobatøvingar. Når det kjem til stykket kan eg berre støtte meg til nokre av dei siste orda Arnfinn sa i preika før han gjekk domen, håpet og nåden i møte:

«Ein dag – ein dag som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går – skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då.»

Fyrste skritt Fredag, Okt 16 2015 

Religionsvandring mellom synagoge, kyrkje og moske, her med eit lite knippe av gruppa som var med. Frå venstre: Knut Refsdal - generalsekretær i Norges kristne råd, kulturminister Thorhild Widvey, Anne Sender - Det mosaiske trossamfunn og leder i sekretæriatet i STL, Helge Simonnes - sjefsredaktør i Vårt Land, Torri Pedersen - sjefsredaktør i VG, Kjersti Marie Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Religionsvandring mellom synagoge, kyrkje og moske, her med eit lite knippe av gruppa som var med. Frå venstre: Knut Refsdal – generalsekretær i Norges kristne råd, kulturminister Thorhild Widvey, Anne Sender – Det mosaiske trossamfunn og leder i sekretæriatet i STL, Helge Simonnes – sjefsredaktør i Vårt Land, Torry Pedersen – sjefsredaktør i VG, Kjersti Marie Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Widveys religionsvandring kan styrke banda mellom tru og media.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 15.10.2015 (meir…)

Kven er min neste? Torsdag, Sep 17 2015 

Den gode samaritanen av Rembrandt (1630) Kilde: Wikipedia

Den gode samaritanen av Rembrandt (1630)
Kilde: Wikipedia

Det er ikkje flyktningane som treng oss. Det er me som treng dei.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 17.09.2015

Me tenkjer så lett at det er me i dei velståande europeiske landa som sit på ressursane, og som er dei som deler av våre gode. Det er ein einvegslogikk me har godt av å utfordre.

Alle kjenner biletet av tre år gamle Aylan, som vart funnen i strandlinja med hovudet i sanda. Han vart eit synleg uttrykk for den tragedien som millionar av syrarar har hamna i, og som no har ringverknader i heile Europa. Biletet av Aylan har vorte eit ikon, og dette vitnesbyrdet om tragedien har påverka haldninga til flyktningar i dei europeiske landa. Mange statar har opna for auka flyktningekvoter, og me opplever ei brennande, folkeleg vilje til å hjelpe til. Det er som om lydmuren er broten, og dei fortvila stemmene har nådd inn til hjarta, også hjå oss.

Samstundes vert det drøfta korleis me skal kunne hjelpe. Ein snakkar om kva mengd flyktningar ein kan klare å ta i mot, ein høyrer argument om nytteverdi og kulturelt mangfald, om moralsk ansvar og plikt til å dele av godane. Me opplever eit breitt engasjement i Noreg, med kulturdagar og innsamlingsaksjonar, og me ser eit politisk press frå grasrotplan for å auke mottaket av syrarar.

På den andre sida står dei som meiner me ikkje har kapasitet til å hjelpe den stadig veksande straumen av trengande, eller det vert hevda at ein må hjelpe flyktningane i nærområdet. Talet på flyktningar i og frå Syria understøttar argumentet. Av 20 millionar innbyggjarar i Syria er 12 millionar på flukt, 8 millionar internt i landet, 4 millionar har flykta til nærliggande land. Når vi veit at berre nokre få hundre tusen flyktningar finn vegen til Europa, er det eit forståeleg argument. Det monnar ikkje mykje å opne våre landegrenser, dei største behova finn me i og nær Syria.

Men flyktningdebatten handlar om meir enn tørre tal og nytteeffekt. Det handlar om oss sjølve. Det handlar om korleis me ser på dei rundt oss. Den syriske flyktningekrisa utfordrar oss, og pressar fram spørsmålet om korleis me relaterer oss til dei som treng hjelp, korleis me ser på vår neste.

Situasjonen me står i minner om forteljinga om den miskunnsame samaritanen som me kan lese om i Evangeliet etter Lukas 10. kapittel. Forteljinga er eit tilsvar Jesus gjev ein lovkunnig som vil vite kven som er nesten hans. Jesus svarar han ved ei likning; forteljinga om ein vegfarande som vert mishandla av røvarar. Dei kler av han og tek alt han eig, og let han liggje att halvdød i vegkanten. Sidan kjem ein prest gåande, men vegrar seg for å hjelpe og går hastig vidare. Det same hender når ein levitt kjem, han òg går utanom og vil ikkje involvere seg. Det er til slutt ein samaritan som tek ansvar for den ukjente, gjev han fyrstehjelp og får han i hus, og som dekkjer alle kostnader for den ukjente. At det er ein samaritan som bergar mannen er eit stikk til det etablerte jødiske samfunn på Jesu tid. Samaritanarar vart sett på som sekteriske, og utanfor det gode selskap. At det er nett han som viser omsorg er eit spark til alle som meiner seg betre enn andre.

Men det som særleg utfordrar i denne forteljinga er skildringa av den uheldige mannen. Sidan han ligg der naken, utan eigendelar, er han heilt anonym. Han er berre eit menneske. Presten og levitten går soleis forbi ein mann som kunne vore ein av deira eigne. Dei set sine eigne behov og fordomar over andre framfor eit menneske i ytste naud. Dei vel bort eit anna menneske. Den lovkunnige spør Jesus: «Kven er så min neste?» Svaret viser tilbake til han som spør. Din neste er han som du gjer til din neste. Presten og levitten ser ikkje sin neste, dei vel det bort. Samaritanen vel å sjå sin neste i mannen som lid.

Dei syriske flyktningane treng all hjelp dei kan få, både i nærområda og her hjå oss. Dei står i same situasjon som mannen som samaritanen finn, og vil døy om dei ikkje får hjelp.  No spør våre syriske systrer og brør oss: Kven er me? Presten, levitten eller den miskunnsame samaritanen som stoppar for mannen i vegkanten. Kven er min neste?

Dersom me let flyktningar drukne i våre kvardagslege gjeremål og luksusbehov er me både prest og levitt. Samaritanen gjekk den lidande i møte, og fekk jord og blod på hendene. Har du helsa på flykningar ved eit mottak? Samaritanen la att to denarar for pleie av den sjuke, men med lyfte om å betale meir om det trengtes. Kva ofrar me av vårt eige for dei som treng vår hjelp no? Skal me vise oss som eit verkeleg ressurssterkt samfunn må me engasjere oss og støtte dei svakaste, både menneskeleg og materielt. Elles vil det kanskje vise seg at det er vårt samfunn som er det svake.

Vegen til samhald Tysdag, Aug 25 2015 

Pilegrimsfølge ned Feginsbrekka
Noreg er framleis eit einskapssamfunn. Berre utvida og meir mangfaldig!

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 20.08.2015 (meir…)

Friske blikk på verda Torsdag, Jul 23 2015 

AKP(m-l)-arv og klosterliv har meir til felles enn ein skulle tru!

Klassekampen

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 23.07.2015 (meir…)

Gunhild og Frans Fredag, Jul 3 2015 

EAT-gründer Gunhild Stordalen og pave Frans dreg i tospann i miljøsaka.

Gunhild Stodalen under EAT-konferansen i Stockholm. Skjermdropp fra NRK

Gunhild Stodalen under EAT-konferansen i Stockholm. Skjermdropp fra NRK

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 02.07.2015

Miljøvernsaka og påstandar om dobbeltmoral har fåttmangetil å sjå både raudt og grønt dei siste vekene. Då Kjetil Rolness gjekk ut på Facebook mot Gunhild Stordalen og EAT-konferansen i Stockholm byrja debatten om debatten. Men sjølve miljøsaka fekk òg eit løft, Rolne (meir…)

Kvardagspoeten Onsdag, Jun 10 2015 

Samtalen: Odd Nordstoga

 
Tekst: bror Haavar Simon Nilsen Foto: Trygve Indrelid
 

Foto: Trygve Indrelid

Foto: Trygve Indrelid


Fyrst på trykk i Syn og Segn 2/2015
 

Odd Nordstoga går dit teksten peikar.

Der songane blir som ein hemmeleg veg.

(meir…)

17. mai-reisebrev Torsdag, Mai 21 2015 

image

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 12.03.2015

Moral er ikkje ei privatsak, men involverar både den enkelte og samfunnet.

(meir…)

« Førre sideNeste side »