Den heilage Dominikus sine ni måtar å be på. Vil du vite meir, sjå http://soul-candy.info/2016/08/aug-8-st-dominics-nine-ways-of-prayer/

På trykk i Vårt Land 6. april 2017.
Etter mitt forrige innlegg, Folkekyrkja i sekk og aske, fekk eg som venteleg var mange kommentarar. Dette innlegget klargjer kva som ligg i botn for temaet eg har lyft fram.

Det har ikkje skorta på reaksjonar på det kritiske innlegget eg skreiv om folkekyrkja i sekk og aske. Lat meg berre gå rett på sak:

Eg har vore økumenisk aktiv på mange arenaer, blant anna ved samarbeid om kveldsmesse i Fagerborg kyrkje denne fastetida, under Bøn for Oslo dei siste åra, og ved regelmessig tidebønssong hjå pinsevenene i Filadelfia. Dette har gjeve meg mange gode vener i folkekyrkja og elles i det kyrkjelege landskapet. Gode relasjonar er generelt naudsynte for å styrke tillitsbanda mellom enkeltmenneske og mellom trussamfunn. Dette vert også tematisert i dokumentet «Frå konflikt til fellesskap», der ein vektlegg einskapen mellom katolsk og luthersk tru. Skrivet munnar ut i dei såkalla fem økumeniske imperativ, som formanar til imøtekomande haldning mellom kyrkjene.

Men skal kyrkjesamfunna gå inn i  en reell økumenisk samtale må dei også legge til grunn dei trussanningane ein faktisk vedkjenner i dei respektive kyrkjene. Det er her folkekyrkja vert teologisk forvirrande medan den økumeniske samtalen tørstar etter innhald. Folkekyrkja og Den katolske kyrkja pratar saman som aldri før, men læremessig flyt folkekyrkja bort frå klassisk kristen tru. Den katolske kyrkja vil aldri kunne ta lett på dette. Kven vil stille seg likegyldig til alle dei sjeler som vert rotlause og heimlause som fylgje av dei mange lære-kompromissa som vert inngått i folkekyrkja? Kva skal dei truande gjere når dei med ansvar nektar å stå for eintydige avgjerder eller òg teier og overlèt den enkelte truande til seg sjølv?

Eg har vore skarp i tonen og formana til historisk sjølvkritikk. Ingen luthersk biskop fylgjer meg der, sikkert heller ikkje kva gjeld den læremessige tvitydige leia folkekyrkja no vel å gå. Men frustrasjonen eg legg for dagen er djupast sett ei kjærleikserklæring til den kyrkja som eg sjølv ein gong for 25 år sidan var del av, og som gav meg åndeleg næring på ein viktig etappe av mitt eige trusliv. Eg veit ikkje korleis eg skulle finne veg om eg hadde vore i same situasjon i dag. Me kan godt diskutere samtaleform og god tone. Men lat ikkje det halde oss tilbake frå sannferdig dialog med tydeleg lære. For det eigentlege alvoret i denne debatten handlar ikkje om korrekt økumenisk stil, men om sjelenes frelse.

Bror Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster.

Vil du vite meir om Sankt Dominkus kloster: Klikk her

Advertisements