I år sømer det seg at lutherske biskopar ber om orsaking for alle skader lutherdomen har ført med seg.

(Innlegg på trykk i Vårt Land 29. mars 2017)

I fem hundre år har lutherdomen prega vårt land. Det gjev inga grunn til feiring, men kvalifiserer til botsgang og vedkjenning av alvorlege synder. For kva har Luther gjeve oss? Han gav oss eit pessimistisk menneskesyn der sjølv gode gjerningar vart sett som vonde, der den syndige steingrunnen i menneskesjela er utømeleg, der mennesket må gå lutrygga og syndefull om det er aldri så rettferdiggjort. (I dag tenderar ein til det motsette.) Han mana fram eit individualisert menneskesyn der «Jesus og eg» fullstendig overskygger den kollektive forankringa for den enkelte truande og for kyrkja som heilskap. Han raserte sakramentslæra og overleveringa av kyrkjesyn og –lære boren fram i historia gjennom tradisjonen, noko som i sin tur leidde fram til det absurde uttrykket «sola scriptura», skrifta åleine. Som om det finst noko som helst belegg for ein slik idé i den konkrete tidslinja som kyrkja spring ut av og utviklar seg gjennom. Martin Luther presenterte også ein tolkningsnykel for kyrkje- og kristendomsforståing som opna for eit skred av forskjellige tolkingar, både i form av eksplosiv vekst av trussamfunn i si eiga samtid, og ei fragmentert kyrkjelære i si eiga kyrkje. Fruktene av det er i dag ei kyrkje som står i strid med seg sjølv i eit lærepluralistisk kaos.

Men aller verst er sjølve splittinga av kyrkja. Den lutherske læra og superintendentane som etter kvart vart satt som leiarar for den nye rørsla skapte grobotn for ei alvorleg kyrkjesplitting som har ført til djupe sår i den kristne korpusen som me kallar Kristi lekam, og som i sanning også er det. Dei lutherske ideane vart femna av fyrsteherredøme på femtenhundretalet og nytta i eit storpolitisk spel om makt, noko som var den direkte orsaka til reformasjonen i Noreg. Det fanst ikkje åndeleg motivasjon i landet vårt for eit slikt konfesjonsbyte. Det eksisterande kristne samfunnet som i høgste grad pulserte med åndeleg levande kraft, vart krenkt og kua. Fromme menneske vart underlagd ein truspraksis som streid med den liturgiske og sakramentale trusforståinga som desse menneska levde i og tolka verda gjennom. Nedstrippinga av tru, kultur og arkitektur var eit brutalt overgrep mot både folk og land.

Ved reformasjonen fekk ein bukt med avlatshandelen, vil ivrige protestantar hevde. Ja, men er det Luther si forteneste? På byrjinga av 1500-talet var det allereie mange teikn på indre fornying, og kven vil hevde at kyrkjesplitting på noko vis er eit gode, eller eit middel Gud ville nytte for endring? Det er såleis ikkje eit argument at reformasjonen førte til ein motreformasjon i Den katolske kyrkja. Det var allereie reformrørsler på gang då Luther presenterte sine tesar, og katolikkar vil elles alltid ha klårt for seg at det er Den Heilage Ande som leier kyrkja. Går kyrkja på avvegar vil ho alltid verte ført tilbake til den smale veg ved lækjande virkemiddel som styrkjer kyrkja. Her snakkar me av erfaring: 1500-talet var trass alt ikkje fyrste krise i kyrkja sitt liv.

Den katolske kyrkja har mange gonger bede om orsaking for feilgrep og synder ho har gjort, også ovanfor dei lutherske kyrkjesamfunna. Ei kyrkje som vil ta ansvar og oppføre seg som ein vaksen må av og til gå ut og vedkjenne sine feilgrep. Eg ventar på at leiarane for folkekyrkja tar eit slikt ansvar i år. Om preses Helga Haugland Byfuglien ikkje kler seg i sekk og oske bør i alle høve bispekollegiet be om orsaking for all urett lutherdomen har dratt inn over seg dei siste fem hundre åra. Som bot kan dei kanskje sjå nærare på dei siste tiders kyrkjemøtevedtak som ikkje berre pregar folkekyrkja internt, men som òg trugar det økumeniske samarbeidet mellom kyrkjesamfunna. Slik vil leiarskapet kunne forbetre jordsmonnet for at kyrkjene kan vekse nærare kvarandre, og gje von om djupare åndeleg nærleik dei kristne imellom. Så skal me frå katolsk hald forsøke å halde fram ei tilgjevande og forsonande haldning, og halde fram ei utstrekt hand til syndsforlating og tilgjeving, heilt utan krav om avlat.

Bror Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster.

Vil du vite meir om Sankt Dominkus kloster: Klikk her

Advertisements