friends

Homilie 14. søndag i det alminnelege kyrkjeåret år C

Fred og misjon høyrer saman. Det er kortforma av dagens preike. Misjon og fred utfyller kvarandre, og er så fast knytt til kvarandre at me ikkje kan skilje det.

La oss nå sjå litt nærare på dette bandet. Fred og misjon. Fred og oppdrag. Det er slik at samlivet med Gud aldri er statisk. Det liknar livet sjølv. Me veks opp, me går skular, får eit yrke, arbeid, finn den rette, giftar oss, veks og mognast. Slik er menneskets kår, og på same vis  har trua sin indre dynamikk, mest som ei uro som driv oss vidare. Jesus viste dette så tydeleg då han sjølv vandra her på jorda. Han søkte fellesskapen i disippelflokken, ved undervisning og kring måltidet. Og han søkte seg inn i bøna, i tempelet, saman med disiplane, og i nattetimane, i einsemda. Og samstundes gjekk han ut, alltid ope for nye møte. Der var alltid nokon som han kom i prat med, som spurde han, som bønfall han, nokon som trong han, og som han delte av seg sjølv med. Det var i denne vekslinga at Kristus sjølv kvilte, i djup tillit til Faderen.

Det som Guds Son levde ut i sin fylde og djupn, det lever me menneske berre delvis. Dette speglar eg i mange av personane som er skildra i bibelen. Eg har nyleg halde eit seminar for Areopagos, ein organisasjon i Den norske kyrkja. Eg snakka om Jakob, som drog ut på reise, som såg Gud i eit syn, og som fekk eit løfte av Herren, om at Gud trufast skulle fylgje han. Til dette løftet svara Jakob: «Dersom Gud vil fylgje meg… Dersom han vil vere med meg på vegen…» Denne mistrua til Jakob er det så lett å kjenne att i våre eigne liv. Me stiller Gud på prøve, endå Herren gjev oss sine trufaste løfte…

Me veit korleis livet til Jakob vart. Han flykta frå bror sin, fekk seg koner og eigedom hjå onkelen sin Laban, vart til slutt forsona med bror sin Esau då han vende tilbake. Men vart han spart frå fare? Kva med Dina, dotter til Jakob, som vart mishandla av ein herskar i ein landsby? Kva med Josef, som tente i så mange år i Egypt medan Jakob trudde han var død? Kva med hungersnauda som herja landet? Kva med Rakel, som døydde då ho fødde den yngste sonen i, Benjamin? Rakel, som Jakob elska så høgt… Jakob opplevde smerte. Han opplevde tap. Sorg.

Etter seminaret kom nokon bort til meg og spurte: Jakob vart ikkje spart for smerte? Jakob fekk ikkje hjelp frå Gud? Nei, han vart ikkje spart for smerte, svara eg, og endå mindre vart han spart, som vart spikra opp på ein kross. Heller ikkje han vart spart.

Men kva var eigentleg Guds løfte? «Eg skal vere med deg» var orda til Gud. Eg skal vere med deg. Gud braut ikkje dette løftet. Og han forblir trufast mot oss.

Me har alle kjent styrken av eit godt venskap. Kor godt gjer det ikkje å ha ein god ven. Ein som er der. Ein som stiller opp når me ligg nede. Når eg vert alvorleg sjuk, eller kjem ut for ei ulykke. Når samlivet bryt saman, og me treng ei skulder å gråte på. Når nokon som står oss nær vert tekne frå oss. Når mitt indre svartnar, og tungsinnet gjer dagen mørk. Det er i slike stunder verkelege vener viser oss kva det vil sei, å vere der. Min nære ven kan ikkje gjere så mykje for meg. Kan ikkje fjerne sjukdom eller løyse flokane i livet mitt. Men nærværet i seg sjølv er det som ber. Det som held meg oppe, når det røynar på.

Det er eit slik nærvær Gud gjev løfte om i dag. Han er her. Heilt nær ved mi side, i glede, i sorg, i tryggleik og redsle. Gud er med meg. Gud er med deg.

Høyr på salme 66 som me har lese frå i dag. Den uttrykker denne djupe erkjenninga av Gudsnærværet:

Lovet være Gud som ikke forkastet min bønn,
og ikke tok sin kjærlighet fra meg.

(Salme 66)

Å vere ein Kristi fylgjesvenn vil ikkje sei at ein dermed er spart. Men me har Guds eige ord på at Gud er med oss. Hans kjærleik, hans nærleik, fylgjer oss.

Trua har sitt feste i denne vissa. Trua er ikkje ein mirakelkur mot smerte og prøvingar. Trua er vissa om at trass all motgang, tilbakeslag, utfordringar, så er me femna av Guds kjærleik. Denne overtydinga er fredens kjelde.

Som fellesskap er me forankra i denne tryggleiken. For kva er eigentleg fellesskapen av dei truande? Kyrkja er først og fremst ei gruppe menneske som uttrykkjer ein ny røyndom, ein røyndom som grip inn i liva til oss truande, og får oss til sjå med nye auge på Gud, på vår neste og på oss sjølve.

Misjonen, utsendinga, den så å sei tvingar seg fram.  spring ut av erkjenninga at denne verda er invitert til ein kjærleiksrelasjon til vår Skapar og Frelsar. Det løftet eg sjølv har erfart må andre også få oppleve. Det er for stort, for godt, og for lækjande til at eg berre skal halde det for meg sjølv. Herren gjev sine løfte til kvart einskild menneske, slik me høyrer det hjå Jesaja:

Jeg vil gi dere føde og bære dere på mine armer, gi dere tegn på min kjærlighet. Som en mor trøster sitt barn, slik vil jeg trøste dere.

(Jesaja 66)

 

Misjon er smitteeffekten av Guds røyndom, at han faktisk er der, levande og bærande i mitt liv. Misjon er nauda for andre, at alle menneske må få oppleve denne særeigne freden som me helsar kvarandre med i kvar einaste messe. Me er sendt ut med ein gledesbodskap om fred som er festa i vissa om at me er elska av Gud. Det er dette som er Guds rike, som står for døra.

Reklame