youthPå trykk i spalta I god tro i klassekampen 11/06-2016

Kvifor er ungdomar meir positive til blasfemilovgjeving enn dei eldre?

Med auka asylstraum og innvandring aukar også temperaturen i den norske folkesjela. Sjølv om ikkje så mange seier det høgt fekk me for nokre veker sidan vite at 55% av folket meiner Sylvi Listhaug gjer ein god jobb. Folk diskuterer innvandring og islam på lunsjromet så brunostsmulane flyg, noko som speglar seg i facebook-kommentarane. Muslimsk vri på bunaden er siste snakkis, men drapstruslar er i sanning meir enn berre prat. Truleg nærmar me oss ei dreiing i folkeopinionen, der religions- og innvandringskritikk aukar drastisk, og der desse omgrepa vert stadig meir synonyme.

Som eit ledd i den auka spenninga inviterte Nationaltheatret til debatt den 11. juni og spurte: korleis handsamar me religionskonflikt i dag?

Debatten vart opna med eit rollespel der to unge drøftar innføring av ein blasfemilov i ei tenkt framtid. Den eine var mot, den andre for. Rollespelet var del av ei satsing for ungdom, og fleire hundre unge tok del i prosjektet leia av Nationaltheatret. Dei unge som hadde teke del i prosjektet vart oppmoda til å stemme over den fiktive lovparagrafendringa, og det viste seg at 65% var for blasfemilova. Då Alf van der Hagen i den fylgjande paneldebatten spurte kva dei vaksne har skjøna som dei unge ikkje har forstått var det Marie Simonsen som fyrst tok ordet. Ho hevda at «ungdom er forferdeleg konservative.» Ho meinte det var underleg at ungdom som hadde vekse opp i eit multikulturelt samfunn vil ha eit slikt lovbestemt rammeverk. Den vidare debatten vart den kjente debatten om ytringsfridom der skiljelinja går mellom krenking av religion, og krenking av mennesket og menneskeverdet. Lars Gule slo fast at me ikkje skal krenke grunnleggande menneskeverd eller innskrenke menneskes ytringsfridom eller retten til å praktisere si tru, men alle menneske må tole at det dei trur på «blir kritisert sønder og sammen, til og med forhånet.»

Eg er for så vidt ikkje ueinig med verken Gule eller Simonsen. Tru må tole kritikk, anten ho er teistisk eller ateistisk. Lovverket me har i dag dekkjer dei behova for vern som me treng i vårt samfunn. Men har Simonsen dermed skjøna meir enn dei unge? Det som overraska meg var spørsmåla som ikkje vart stilt i panelet. Kvifor ville ungdomen innføre blasfemilova? Kva var motivet for dette Simonsen kalla konservatisme? Det var i alle høve tydeleg at ungdomen ikkje gjekk inn i spørsmålsstillinga med ei reduksjonistisk haldning prega av kva krenkingar som må vere greitt. Det synest meir som om dei hadde eit meir kollektivt blikk der moralsk ansvar sto sentralt. Den eine gongen spørsmålet om moralsk ansvar kom opp (som eit innspel frå Gule) vart temaet parkert, og slik vart langt på veg målet for dagen, – korleis handsame religionskonflikt – forringa. Det var synd, for korleis me handsamar religionskonflikt er ikkje berre eit juridisk spørsmål, men har ein viktig moralsk dimensjon. I søken etter det heilskapelege biletet kunne det vere givande å spørje etter målet med ytringsfridom eller ein eventuell blasfemilov. Eg trur det var det som låg mellom linjene i meiningsmålinga til dei unge. Dei søkjer djupare, og famlar etter ein ståstad som tek vare på alle, altså ei djup moralsk motivert lengt etter tryggleik for alle. Ikkje slik å forstå at ein blasfemilov er vegen å gå, men ungdomen uttrykkjer likevel på sitt vis eit djupt ynskje om å ta vare på kvarandre i eit felles samfunn. Dei unge er i så måte verdt å lytte til, og har kanskje langt meir å fare med enn den moraldebatt-vegrande 68-generasjon.

 

 

Meir enn nokon gong treng me å styrke ambisjonen om ei felles danning i vårt samfunn, definert i ordboka som «høgverdig oppseding». Ei danning som ikkje berre sentrerar seg om individet, men som søkjer å forme ein sterkare kollektiv identitet der vern om mangfald står sentralt. Ei danning som ikkje berre drøftar retten til å krenke, men viljen til å verne. Og framfor alt, ei danning som skapar reelle møtepunkt mellom menneske av forskjellig overtyding, der ein faktisk møter kvarandre og ser kvarandre i augo. Her må det kanskje eit generasjonsskifte til? Eller som Jesus sa, -ingen fyller ny vin i gamle skinnsekkar, for då vil den nye vinen sprenge sekkane. Det er kan hende ungdomen som er best skikka og mest fleksible i dei oppgåvene som ventar oss i vår nærmaste framtid.

 

Advertisements