Under finn de ettertanke-tekstane i Vårt Land for veke 9.

Mandag 9. mai: Radikalt Rotfeste

Bibeltekst: Jesaia 11, 1-5

1 En kvist skal skyte opp fra Isais stubbe,
og et skudd skal spire fram fra hans røtter.
2 Herrens ånd skal hvile over ham,
en Ånd med visdom og forstand,
en Ånd med råd og styrke,
en Ånd som gir kunnskap og frykt for Herren.
3 Han skal ha sin glede i frykten for Herren.
Han skal ikke dømme etter det øynene ser,
og ikke skifte rett etter det ørene hører.
4 Han skal dømme fattige rettferdig,
i rettferd skal han skifte rett for de hjelpeløse i landet.
Han skal slå landet med sin munns ris
og drepe de urettferdige med pusten fra sine lepper.
5 Rettferd skal være beltet om livet
og troskap beltet om hoftene hans.

Foto: COPYRIGHT Haavar Simon Nilsen OP

Det har vore ein kald vår for oss som bur i sør-Noreg. Motlaus såg eg snøen leggje seg på bakken for ei dryg veke sidan. Det var ikkje mykje som minna om sommar. Men no snur det, og temperaturen aukar. For meg som har ansvaret for klosterhagen er det særs kjærkoment. Det er likevel ikkje varmen no som har fått veksten i gong. For fleire veker sidan kunne me sjå vare teikn på at våren er her. Knuppar som bugnar, påskeliljer og tulipaner som sprenger seg veg opp frå myrkret, og raude pionstenglar som vaknar til liv. Det er som om dei er er del av ein annan orden, eit djupare prinsipp en vår dag-til-dag-oppleving av verda. Som om dei er driven fram av ein annan vilje enn den ver og vind kan bestemme.

Slik også med Jesse rot. Eit nytt skot vil spire fram, noko nytt kjem til, og løftet sviktar ikkje. Herren kjem med Ånd og sanning, ein bergingsmann for dei trengande, ein konge av eit anna rike, som slår ned på dei urettferdige, som deler fritt av sine gåver til dei som tek imot.

Frå Jesse rot skyt det ei radikal tru som utfordrar menneskeslekta og stadfester Guds rike. Ordet radikal kjem frå det latinske ordet radix, -rot. Den kristne kyrkja har alltid hatt ei rotfest tru, og det er nett frå den forankringa at kyrkja finn si radikale kraft, den som har hegna om dei svakaste, vegleia dei søkande, styrkt dei sørgande, og blomstra i lovprising, bøn, kunst og kultur. Det er paradokset i den radikalt rotfeste kyrkja som gjer kristendomen både levande og varig. Oppskrifta for ei slik livskraftig tru er enkel: å trufast halde seg til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene (Apg 2, 42). Med denne forankringa vil treet vekse seg sterkt og stort, med blomstrande liv og ein evig skapande vår.

 

Tirsdag 10. mai: Eit nytt tempel

Bibeltekst: Profeten Haggai 2, 3-9

Freske i skipet i St Dominikus kloster. Foto: bror Haavar S ©P

Det er profeten Haggai, ein av dei såkalla tolv små profetane i Gamle Testamentet, som får i oppgåve å forkynne Herrens ord for Israelsfolket. Etter forfylging og fangenskap i Babylon er tida komen for å vende tilbake til det lova landet, og til Herrens stad. Ein mannsalder har gått sidan det fyrste templet vart plyndra og lagt i ruinar. No vil Herren reise opp att Guds herlegdom etter det lange eksilet. Eg ser for meg Haggai, der han står mellom sine eigne, og etter beste evne prøvar å formidle Herrens vilje. Ver sterke! Gå i gang med arbeidet. Eg fyller dette huset med herlegdom!

Haggai ser nok for seg kor strålande gjenreisinga vil kunne bli. Men veit profeten kva han snakkar om? Anar han omfanget av dei orda han har fått i oppgåve å forkynne? Visst vert templet attreist, større og herlegare enn det fyrste, men det er framleis eit jordisk tempel. I det skjulte viser Haggai sine ord til eit anna tempel, av ein annan orden. Ein hemmeleg plan ligg klar. Herren rister folkeslaga, himmel og jord skjelv, for det er eit tempel i emning som ikkje skal verte bygd av menneskehand. Det er eit tredagarsverk som foreinar himmel og jord, og som det er knytt store løfter til: Dette nye huset skal bli herlegare enn det første, profeterer Haggai, -på denne staden skal eg gje fred. Dette templet er ikkje av stein, men av Ande. Det ligg ikkje på Sions berg, men tindrar underleg og vakkert i menneskehjarta. Inngangen er Kristus sjølv, som me får del i gjennom dåpen og trua.

Det som ein gong var eit jordisk tempel vert til samfunnet av dei heilage, Kristi lekam, fylt med Ande og Sanning. Kjenner du angen av paradiset i ditt indre? Ser du kva gåve du er gjeven gjennom den trusskatten du har teke imot? Tør du vere profet i eige liv og vitne om Guds gåver til dei du møter?

 

Onsdag 11. mai: Ein rein lekam

Bibeltekst: Rom 8, 5-11

De som lever slik kjøttet vil, er bare opptatt av det som hører mennesker til. Men de som lever slik Ånden vil, er opptatt av det som hører Ånden til. 6 For det kjøttet vil, er død, men det Ånden vil, er liv og fred. 7 Derfor er det som kjøttet vil, fiendskap mot Gud, for det bøyer seg ikke under Guds lov og kan heller ikke gjøre det. 8 De som kjøtt og blod har makten over, kan ikke være til glede for Gud. 9 Men det er ikke kjøttet som har makten over dere, det er Ånden – så sant Guds Ånd bor i dere. Den som ikke har Kristi Ånd, hører ikke Kristus til. 10 Men om Kristus bor i dere, er nok kroppen død på grunn av synden, men ånden er levende på grunn av rettferdigheten. 11 Han reiste Jesus opp fra de døde, og dersom hans Ånd bor i dere, skal han som reiste Kristus opp fra de døde, også gi deres dødelige kropp liv ved sin Ånd, som bor i dere.

Frognerparken. Foto: HSN ©P

Frognerparken. Foto: HSN ©P

I møtesalen i eit av våre mange bedehus her i landet såg eg ein gong eit maleri av Jesus som eg aldri har gløymd. Herren lyste i pastellfargar med ljost hår, med milde, kloke auge, og med utstrekte hender, som om han sendte oss si signing og kjærleik ned til oss små som strevar og slit i jordelivet. Han var høgt heva, den sigrande Kristus, lyft til himmelens høgd. Eg følte meg sett, og sjølv om fargane vart vel søtladne likte eg nærværet av vår frelsar.

Likevel var det nettopp nærvær det skorta på. Linjene i måleriet bredde seg ut nedover, der blikket mitt fylgde kanten av tunikaen ned mot føtene. Det var heilt her nede, ved Jesu føter, – der Maria, syster til Marta, ein gong hadde sete – at eg vart mållaus. At Jesus sto svevande over bakken er no sin sak, han som gjekk på vatnet kan vel òg elevere litt. Det var føtene som gjorde meg uroleg. Dei var ikkje der. Kjortelen glei ut ei ei tåke, ei sky, og Kristus, som ein gong hadde vist sine sårmerker til Thomas, og bede disiplane om eit stykke fisk for å bevise at han ikkje var eit spøkelse, hang beinlaus og andeleggjort framom meg.

Denne utilsikta gnostisk-prega skildringa av Herren har alltid stått for meg som ei påminning om at enn kor andeleg perspektiv me har på denne verda, var det nettopp som kjøt og blod Jesus gjorde seg til eitt med oss. Han signa den menneskelege kroppen ved å verte kropp. Og han gav oss ein fridom som gjer at me kan famne om våre lekamlege jordeliv slik Gud sjølv gjorde det. «Det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden» seier Paulus. Ved Kristus vert alt signa, alt vert reint. Menneske, skapt av kjøt og blod i Guds bilete, er eit avtrykk av Gud sjølv. Mennesket speglar noko av Guds herlegdom i kraft av sjølve det å vere menneske! Kroppen er rein. Anden er rein. Lat oss så gjere det med kan for å bevare eit reint samvit.

 

Torsdag 12. mai: Andeleg korreks 

Bibeltekst: Romerne 8, 12-17
12 Derfor, søsken, skylder vi ikke vårt kjøtt og blod noe, så vi skulle leve slik det vil. 13 For hvis dere lever slik kjøttet vil, skal dere dø. Men hvis dere ved Ånden dreper kroppens gjerninger, skal dere leve. 14 Alle som drives av Guds Ånd, er Guds barn. 15 Dere har ikke fått den ånden som slavene har, så dere igjen skulle være redde. Nei, dere har fått Ånden som gir rett til å være Guds barn, den som gjør at vi roper: «Abba, Far!» 16 Ånden selv vitner sammen med vår ånd om at vi er Guds barn. 17 Men er vi barn, er vi også arvinger. Vi er Guds arvinger og Kristi medarvinger, så sant vi lider med ham, så vi også skal få del i herligheten sammen med ham.

image

Pinsetid er fridomstid! Me feirar Den Heilage Andes kome til disiplane, den som gjev barnekår, frimot, kraft og tolmod til å stå ut i prøvelsane. No når det nærmar seg pinsehelg er det òg tida for konfirmasjon for mange av landets ungdomar. Her stadfestar ungdomane si tru i form av fornying av dåpspakta, der dei forsakar djevelen og vedkjenner si tru på den treeinige Gud. I Den katolske kyrkja er konfirmasjonen også ei sakramental handling, ei fullending av dåpen der fermingskandidaten etter lang tids førebuing tek imot Heilaganden i form av handspålegging og salving med vigsla krisma-olje. Slik vert dei unge fylt med Andens sju gåver; visdoms- og forstands Ånd, råds- og styrkes Ånd, kunnskaps- og fromleiks Ånd, og Gudsfrykts Ånd.

Alt dette står utførlig forklart i den katolske bøneboka, men det er ein ting som ikkje står skildra i ritualet. Når konfirmanten har teke mot alle gåver, med handspålegging og olje, då vankar det til slut ein liten dask på kinnet frå biskopens milde hand. Det er ikkje sint eller strengt, men like fullt eit siste vink. Det er som om kyrkja seier: «Sjå, no har du fått det du treng for livsvegen vidare. Av stad no! Rust deg til striden, og stå løpet!»

Eg har alltid likt denne siste detaljen av ritualet, fordi det peikar framåt og engasjerer den truande til å ta del i sitt eige trusliv. Me står på så mange val, ja, det meste i livet handlar om nettopp det, å velje. For å velje rett treng me både nåde og rettleiing, kunnskap og tru. Og me treng vilje til å fylgje den vegen Anden viser oss. Langs denne vegen veks me djupare inn i barnekåret og vissa om at me har ein Far me kan rope til under alle livets forhold.

 

Fredag 13. mai: Den vesle trua

Bibeltekst: Joh 16, 5-11
Nå går jeg til ham som har sendt meg, men ingen av dere spør: ‘Hvor går du?’ 6 For sorg har fylt hjertet deres fordi jeg har sagt dere dette. 7 Men jeg sier dere sannheten: Det er det beste for dere at jeg går bort. For dersom jeg ikke går bort, kommer ikke Talsmannen til dere. Men går jeg bort, kan jeg sende ham til dere. 8 Og når han kommer, skal han gå i rette med verden og vise den hva synd er, hva rettferdighet er, og hva dom er: 9 Synden er at de ikke tror på meg. 10 Rettferdigheten er at jeg går til Far, og dere ser meg ikke lenger. 11 Dommen er at denne verdens fyrste er dømt.

"litit-vis madr" - Menneske veit lite Kjelde: The viking queen - https://thevikingqueen.wordpress.com/tag/osebergskipet/

«litit-vis madr» – Menneske veit lite Kjelde: The viking queen – https://thevikingqueen.wordpress.com/tag/osebergskipet/

Talsmannen kjem og skal gå i rette med verda. Kva inneber det? At me kristne kan slappe av medan ateistar får gjennomgå? Talsmannen kjem for å vise oss alle alt slik det eigentleg er. Det er ein langsam prosess som vedgår meg sjølv. For kor mykje har eg forstått? Kor mykje har eg innrmøt i mitt eige liv? Me finn nyttige visdomsord i vår eiga gamle historie. På eit avbrote åreblad i det gamle Osebergsskipet fann arkeologane ei lita setning i runeskrift som sa: «Litit-vis madr». Mennesket veit lite. Som kristne treng me tidvis å halde fram for oss Guds storleik og våre eigne grenser, slik em også kan lese i første Korintarbrev: «Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske:» (1. Kor 1,25)

Heilaganden vil gje oss innsikt i oss sjølve. Han kjem for å ta oppgjer med alt som vender seg bort frå Gud. Også det i meg som ikkje er open for Gud. Slik vert Andens kome eit oppgjer med oss alle, ei tid for avsløring av synd, for dom og for rettferd. Ordet «dom» på gresk heiter «Krisis». Å ta i mot heilaganden er tidvis kriseprega. Han formar oss, omdannar vårt blikk, og ved endra syn vert me utfordra til å endre handling og haldning. I denne heilaggjeringsprosessen fell alt som ikkje kviler i Gud. Alle våre små og store støttemurar som me kviler oss på, men som er bygd på sandgrunn vil måtte vike. Som kristne byrjar denne frigjeringsprosessen allereie no.

Tomáš Halík, ein tsjekkisk katolsk prest og forfattar, skriv om likninga om tru på størrelse med eit sennepsfrø. Og han spør: Skal me ha tru så stor som eit sennepsfrø? Kan det ikkje vel så gjerne vere så lita? At me treng å fjerne alt som ikkje kviler i Gud, for slik å verte fylt med kraft og åndeleg glede? Herre, gje meg ei lita tru, den som har sitt feste berre i deg.

 

Laurdag 14. mai: Ikkje som eg vil

Bibeltekst: Joh. 7, 37-39
37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.

Kjelde: Wikipedia

Kjelde: Wikipedia

Me går inn i den mest løyndomsfulle festen i kyrkjeåret. Han er løyndomsfull fordi me aldri får heilt grep om Anden. Jesus samanliknar han med vinden som bles dit han vil, eit nærvær me merkar, men som me ikkje kan utgrunne. I dagens likning nyttar Herren vatn som bilete, som fløymer frå vårt indre. Begge metaforar skildrar det flytande, uhandgripelege, det som alltid er i rørsle. Det me ikkje kan kontrollere.

Andens nærvær speglar på mange vis kristenkallet. Å fylgje kallet er ikkje å velje ut frå dei eigenskapane ein har fått, og så skulle satse på ein av dei, som om det var vår oppgåve å bestemme vår trusveg. Det ville jo også vere vanskeleg å forklare når det kjem til korleis me som menneske har motteke forskjellige gåver. Nokre har fått mange gåver, andre har fått færre. I så fall ville dei ressurssterke fått fleire moglege val. Kristenlivet derimot kviler i nåden. Å fylgje kallet er motstykket til vår aktive rolle. Det er ikkje me som vel. Me overgjev alle val til Gud, for slik å få oss sjølv att i gåve. Å gje opp kontrollen slik er eit sjansespel som me gjennom øving kan verte fortrulege med. Det leier oss mot djupare Gudstru som får oss til å innsjå at vårt kristenliv ikkje heng på oss, men på han som ber alt.

Som kristne gjev me oss ikkje over berre til Jesus. Me let oss føre av Anden, utan at me sjølv alltid kan forklare korleis, eller kvifor. Me vert reiskap for ein annan vilje, ein livgivande vilje som skjenkjer oss liv, ljos og varme der han kjem. Me vert rotfest i den evige Gud, men òg spontane og leikne som vindkast og fossefall. Lat oss med song og glede gå inn i pinsehøgtida med orda frå Elias Blix, som så vakkert skildrar Andens nærvær i form av ei bøn:

Kom ned som liv i aude land!
Kom ned som glo i slokna brann!
Kom ned som sol på frosne eng!
Kom ned som ljod på tagna streng!

 

 

Advertisements