Steinkrossen ved Krosshaugen i Haugesund. KJelde: Wikipedia

Steinkrossen ved Krosshaugen i Haugesund 2. pinsedag. Kjelde: Wikipedia

Homilie under økumenisk gudsteneste på Krosshaugen ved Haraldshaugen i Haugesund.

Lesningar for 2. pinsedag

Kva kan passe betre enn å samlast her på Krosshaugen på denne andre pinsedag? For når me no feirar pinsefest og Heilagandens kome er det sanninga med stor S som står sentralt. Det betyr ikkje at alt skal vere så høgrøysta. Tenk no berre på denne gamle krossen som står her. Stilleteiande har han stått her i tusen år, ordlaus men med kraft, eit tidsvitne som bind oss saman ikkje berre her og no, men gjennom generasjonane. Krossen står her som eit ekko av salme 19:

Det er ikkje tale og ikkje ord. Stemmene kan ikkje høyrast.
Men dei når ut over heile jorda, orda når dit verda endar.
(salme 19,4-5)

Slik som krossen her talar med si eiga stemme, slik talar også Sanningsanden til oss truande på underleg vis. I desse pinsefestdagar har me høyrd om Babels tårn, og om korleis Gud slo ned på menneskeleg hovmot ved å forvirre språket. Folk skjøna ikkje lengre kvarandre, og kunne ikkje arbeide saman. Dei babla i veg, seier me, forvirra og utan felles mål. Eller som ein kamerat av meg sa for mange år sidan: «Eg høyrer kva du seier, men skjønar ikkje kvar du vil!»

Ein skulle tru det ville ha motsatt effekt når Sanningsanden kjem på pinsefesten. Då skulle vel alt verte klårt, då vert vel alle gåter løyst. Men apostelgjerningane fortel at «det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål.» (Apg. 2,5) Det var forvirring som rådde, ikkje nødvendigvis klarsyn. Folkemengda var ikkje budd på at dei skulle få høyre sitt eiga mål. Og heller ikkje på bodskapen som orda bar i seg. Gud er blandt oss. Frelse og glede er nær. Døden er ikkje meir. Det er gjennopprettinga av skaparordenen som lyder på pinsedag. Gud og menneske vert ved Jesus knytt saman, det som var skadd finn legedom, og håpet fyller våre hjarte.

Men me menneske vart med tida så vant til både språkbarriera som Gud la over verda, og synda som forblinda oss, så når Gud på pinsedagen opna munnar og øyrer, hjarte og sinn, då visste ikkje folk lengre kva dei skulle tru! Det som før hadde vore unntaket, med det vonde og manglande kommunikasjon, hadde vorte til normen. No var døden daud, og alle kunne tyde bodskapen. Det seier seg sjølv at denne omstillinga ikkje vart gjort i ei handvending.

Men Gud er heldigvis prosessorientert. I Guds plan ligg pinsefesten som forløysinga av Babels forvirring. Det er Guds eige andedrag som fyller lufta no, og som inspirerer oss, fyller oss med innsikt me sjølv ikkje kan ta til oss. Sanningsanden skal kome og fylle heile verda, seier profeten Joel. På pinsefesten går løftet i oppfylling. Guds Ånd fyller oss med profetord, med draumar og syner, og med det seier profeten også noko om kva sanning er. For draumar og syner høyrest mildast talt svevande ut, og stemmer dårleg med det enten eller som me ofte tenkjer om sanning. Me tenkjer så lett at enten er det sant, eller så er det ikkje. Men sanninga er større enn som så.

Då eg sjølv var student og gjekk i tankar om å tre inn i dominikanarordenen for 12 år sidan budde eg på Sankt Dominikus kloster i ein periode. I denne tida, før eg drog til Frankrike og fekk ordensdrakta, fekk eg høyre eit par visdomsord av dei gamle brørne på klosteret som festa seg ved meg. Det fyrste kom etter nokre veker innnanfor klostermurane. Eg studerte landskapsarkitetur den gongen, og skulle eigentleg arbeide med eit hageprosjekt i klosterhagen, men eg sat berre og lydde etter noko eg ikkje visste kva var. Eg byrja å få klaustrofobi av stilla som rådde i klostercella og i korridorane, og utbraut utolomodig ovanfor ein av dei aldrande brørne: «Eg fattar ikkje korleis de held ut denne stilla!» Han svara roleg: «Du vet, alt utgår fra stillheten.» Dette var eit grunnleggande hint eg fekk av ordensbrørne kva gjeld sanning. Me treng å sette oss sjølv til side litt og lyde innover, for at den djupare sanninga skal få stige til yta. Me treng å bli stille, for at understraumen, den som kanskje går i ein annan retning enn bylgjene på overflata, skal kome til syne. Sjølv om svaret til gamalmunken ikkje gjorde meg mindre rastlaus fekk i allefall stilla ei retning. Stilla har noko å by på, og der veks det fram ein røyndom som er større enn meg sjølv.

Sidan, like før eg skulle dra i novisiatet, sa den same broren: «Du går svanger med deg selv du nå». Dei fylgde meg desse setningane opp gjennom. Begge peika på at sanninga om meg sjølv er noko som tek tid. Gud er som sagt prosessorientert, og slår ikkje sanninga i hovudet på oss. Heilaganden kjem for å gje oss innsikt i oss sjølve. Han kjem for å ta oppgjer med alt som vender seg bort frå Gud. Også det i meg som ikkje er open for Gud. Slik vert Andens kome eit oppgjer med oss alle, ei tid for avsløring av synd, for dom og for rettferd, forsoning og fridom. Ordet «dom» på gresk heiter «Krisis». Å ta i mot heilaganden er tidvis kriseprega. Han formar oss, omdannar vårt blikk, og ved endra syn vert me utfordra til å endre handling og haldning. I denne heilaggjeringsprosessen fell alt som ikkje kviler i Gud. Alle våre små og store støttemurar som me kviler oss på, men som er bygd på sandgrunn vil måtte vike. Som kristne byrjar denne frigjeringsprosessen allereie no, og den gjeld både på det kollektive plan, og det individuelle.

For sanninga er eit følsamt tema, både i våre eigne liv og i møte med våre forskjellige kyrkjesamfunn. Når me kjem saman her, ligg det mykje til felles i vår kristne arv, men der er òg skilnader. Me ser ikkje likt på alt. Nett difor er det så verdifullt at me kjem saman. At me møter kvarandre, snakkar med kvarandre, lyttar til kvarandre. Me treng å innsjå at me treng kvarandre, me treng å sjå sanninga i kvarandre, og at me har ansvar for kvarandre. For Heilaganden manar ikkje berre til sanning. Han manar og til einskap. Kyrkja har alltid slitt med splitting, heilt frå kyrkja sine fyrste dagar, og det er vår oppgåve å arbeide for kristen einskap. Me veks nærare kvarandre når me søkjer sanninga i våre forskjellige tradsjonar. Me styrkjer banda til kvarandre gjennom levande, varme relasjonar. Me aukar innsikta til kvarandre gjennom samtaler, ved ope å sjå både det som skil og det som samlar.

Når me no står på terskelen til 17. mai passer det godt å minne om alt dette. For om 17. mai samlar nasjonen vår i sitt store mangfald, samlar pinsefesten alle nasjonar, alle tungemål og alle sjeler til einskap og glede. I Faderens og Sonens og Den Heilage Andes namn.

Advertisements