Johannes av Patmos ser Det himmelske Jerusalem fra Gud senke seg ned på jorda. Frå eit veggteppe frå 1300-tallet. Kjelde: Wikipedia

Johannes av Patmos ser Det himmelske Jerusalem fra Gud senke seg ned på jorda. Frå eit veggteppe frå 1300-tallet. Kjelde: Wikipedia

  1. søndag i påsketida år C

Jerusalem står i sentrum i dag, både i første og andre lesing, og mellom linjene anar me den heilage stadens nærvær også i Evangeliet.

Johannes ser byen som stig ned frå himmelen, den majestetiske stad med dei tolv portane, som strålar av Guds herlegdom. Jerusalem er byen som ligg som ein referanse gjennom heile historia i vesten. I den muslimske klippedomen på tempelplassen stikk det opp ein del av grunnfjellet, som er å reikne som kjernen av byen. Steinen har vorte kalla grunnsteinen som verda blei skapt av, og Adam skal ha reist sitt fyrste alter her. Her skal jebusittane ha tilbedt soloppgangen for over tre tusen år sidan, og det er på det same fjellet, Moria-berget, at Abraham ville ofre sonen sin, Isak. Paktens ark med steintavlene og dei ti boda sto her i det fyrste templet, den pakta som vert fullenda og forløyst ved Jesu inngang til Jerusalem og hans frelseverk. For oss truande står staden som eit frampeik på Guds sons kome i inkarnasjonsmysteriet, der alle offer fullendast i Kristi offer, der all lovprising vert overgått av Faderens eigen hyllest av Sonen. Oppstode-dagen er den endelege soloppgangen, og frå no av er det lammet sjølv som strålar over heile skapnaden.

Frå denne augneblinken går Davidssalmen i oppfylling: miskunn og sanning møter kvarandre, rettferd og fred kysser kvarandre. Det jordiske og det himmelske Jerusalem vert eitt, og verknadshistoria kan me fylgje heilt fram til i dag. Gjennom salmedikting og litteratur, arkitektur og samfunnsliv står Jerusalem som ein del av identiteten. Det speglar seg då også i våre nære familieband. Min eigen bestefar heitte Ole Israel Nilsen. Det er spor av det lova landet og Jerusalem, eller det som i desse tider vert kalla «the Jerusalem code», på så mange vis. Denne koden har likevel ikkje sitt utspring i kultur, men i openberring. Det var fyrst når fredsfyrsten kom at Jerusalem fullt og heilt kunne leve opp til sitt eige namn, staden som har fred.

Det vil ikkje dermed sei at alt gjekk fredsamt for seg. Dei fyrste disiplane brytast med spørsmålet om omskjering for heidningar, og me les at «det oppstod et ganske kraftig røre»! Eg vil tru at forfattaren ikkje overdriv skildringa av denne diskusjonen. Var dette eit teikn på ei svak kyrkje, som ikkje utan vidare makta å bli einig med seg sjølv? Var det slik det var meint at apostlane skulle krangle så fillene fauk før dei kom fram til ei løysing?

Når disiplane i dette høve skal løyse konflikten er det til Jerusalem dei dreg. Her talar både kyrkja og Den Heilage Ande klårast. Og når dei har drøfta saken er konklusjonen klar: «Den Hellige Ånd og vi har besluttet ikke å legge noen annen byrde på dere enn helt nødvendige ting.» Det er spor av det jordiske og himmelske Jerusalem i denne ordstillinga. Den Heilage Ande og vi, skriv apostlane og presbytarane i Jerusalem.

Heilt frå byrjinga på den kristne misjonshistoria og kyrkja sitt indre liv har det vore sterke brytningar. Tenk berre på Moses som diskuterar med Herren, eller Jakob som slost med Gud sjølv. «Eg slepp deg ikkje før du signar meg!» Og kva med alle profetane, Guds sendebod som brytest med sitt oppdrag, som fortvilar, som vert trysta, og som stadig får nytt mot. Med Kristus får dei truande del i Guds sjølv. Frå starten av frelseshistoria har Heilaganden vegleia kyrkja og dei truande. Det skjer ikkje utan konflikt. Menneska er forskjellige, og ser ting på forskjellig vis. Det er tidvis krevjande å opne seg for andre sine synspunkt og ståstad. Røyndomar støytar mot kvarandre. Skulle det vere annleis i møte med Heilaganden? Men me har ein fredsæl og tolmodig Gud, og over tid har Herren forma si kyrkje, lært ho opp og minna ho på Ordet frå Herren. Og heile tida skjenkjer Herren sin fred til kyrkja, set mot i dei motlause, gjev ro til dei urolige, lindrar dei som lid i sitt indre.

Sidan no denne søndagen fell på arbeidaranes dag, kan me jo tenkje over kva som er vår viktigaste fanesak. Og det er Jesus sjølv som held opp for oss kva som er det eine naudsynte. For i dag byr Herren oss å halde fast ved hans ord i trufast kjærleik og overgjeving. Og det gjer me gjennom bøna og Gudstenesta, ved nestekjærlege handlingar, og ved å ta i mot Herren sjølv i den store takkseiinga, eukaristien. Så lat også oss ta til oss formaninga frå apostlane, og sette vår lit til Herren i det dei seier: «Vokt dere for disse ting, så vil alt gå bra. Lev vel!»

Advertisements