Bildet lånt fra Svein Nyhus sitt nettsted sveinnyhus.blogspot.no

Bildet lånt fra Svein Nyhus sitt nettsted sveinnyhus.blogspot.no

Ingen i mors liv har ein ven. Sjølv som tvilling er du einsam.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 10/03-2016

Me har høyrd mykje om tvillingar og fleirlingar etter at lovavdelinga i justisdepartementet la fram ei anbefaling om at fosterreduksjon er akseptabelt innafor dagens lovverk. Dette er ikkje ein utbredt praksis, det vart utført 39 fosterreduksjonar i Noreg frå 2002-2014, og då oftast grunna sjukdom hjå eit av borna (skjønt det ikkje treng vere ei orsaking). Tala seier heller ikkje noko om fleirlingar, eller om årsaker til vala som er gjort. Det er likevel ei viktig prinsipiell sak som krev sunne avgjerder.

Fosterreduksjon handlar kort fortalt om å ta vare på eit menneske, medan ein tek livet av det andre. Det er surrealistisk å observere den schizofrene haldninga som kjem til syne i debatten om det ufødde tvillingliv. Dei elles heilt like fostera vert handsama på to diametralt forskjellige måtar. Fosteret som vert spart er eit barn som er ynskt, elska og verna om. Det andre er fostervev som skapar problem i ein gjeven livssituasjon. Dette livet kan utsetjast for reduksjon, ein eufemisme som berre lækjestanden maktar å kome opp med.

Tru ikkje eg er sint. Eg er berre fylt av ei melankolsk sorg over korleis me ber oss åt. Ei sorg over at å vere og ikkje vere ikkje lengre er to absolutte størrelsar. Tvillingar i mors liv er og er ikkje. Og det på same tid.

Ein gong fekk eg ei særs vakker barnebok skreve av Svein Nyhus, kalla «Ingen». Den handlar om personen Ingen som bur i eit kvitt hus. Frå vindauga står Ingen og ser ut. Inne i huset finn me ein kopp som Ingen drikk av, ei teikning som Ingen har teikna, og ein stol som Ingen sit på. Boka lyfter fram den djupe einsemda i tilveret, og gjev borna som les boka rom for å møte det store tomromet som omgjev våre liv, angsten og redsla for ikkje å bli sett, for ikkje å bli møtt, ikkje bli rekna med. For ikkje å bli elska. Modig speglar Svein Nyhus angsten som borna ber i seg i livet. Ein angst som får ein særeigen aktualitet nå når staten slår fast at tvilling- og flerilingebanda kan brytast ved eit nålestikk i hjarta til eitt eller fleire av fostera.

Ut frå gjeldande lovverk kan eg på eit vis forstå handsaminga av lova. Eit elles friskt foster kan aborterast utan spørsmål. Iver Aastebøl, som sjølv er tvilling, meiner det er viktigare å halde fast på retten til sjølvbestemt abort enn å skape regelverk som innskrenkar fridomen. «I ytterste konsekvens er det bedre om tvillinger ikke finnes lengre om 30 år, enn at det er retten til selvbestemt abort som forsvinner.» Han slår inn opne dører. Det er ikkje sjølvbestemt abort som er truga i denne saka. Den står støtt i overskodeleg framtid, anten ein likar det eller ikkje. Det handlar om å avgrense ekstreme val om å ynskje seg eitt barn, men ikkje ville ha to. Det handlar om den tvillingen som faktisk veks opp, og som veit at det ein gong var ein til, som var knytt til seg sjølv med kropp, sjel og ånd. Det handlar om at tvillingen som vert att i mors liv har 15% sjanse for å døy grunna spontanabort etter inngrepet. Ville du spelt russisk rulett med ungen din? Og korleis ville du i så fall forklare det valet i etterkant, om det gjekk bra?

Eg er for menneskeleg fridom, men eg vil ikkje relativisere menneskeverdet. Eg set livsvern aller høgast, eit vern som omhandlar alle livets fasar, både den fyrste og mest sårbare fasen og den siste. Den reduksjonistiske tilnærminga til det ufødde liv har trossa ei ny grense, og eg trur det vil vere naudsynt å sjå på grenselinjene i dette landskapet om att. Sjølv om ein har fri abort i Noreg vil ein likevel møte brytningspunkt der livet i mors liv må skjermast og vernast.

I dei siste sidene av boka til Nyhus møter Ingen ein munter fyr som heiter «Noen». Dei sit til slut heime ved kjøkkenbordet hjå Ingen. Medan lukka sig ned i sjeledjupet hjå dei begge kosar dei seg med pannekaker: «Noen har på sukker. Ingen har på stjerner.» Det endar lukkeleg i Svein Nyhus si soge. Men for den uheldige tvillingen i mors liv endar det kan hende slik: Nokon ligg og drøymer, og høyrer lydar frå ei verd der ute, stemmer, tonar og rørsler som endå berre er som ein draum. Ingen held Nokon i handa.

Advertisements