foto: bror Haavar Simon Nilsen ©P

foto: bror Haavar Simon Nilsen ©P

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 11/02-2016

Å hjelpe flyktningar er politikk, men også eit haldningsspørsmål.

Flyktningstraumen til Europa avdekker brytninga mellom vilje til å støtte dei trengande på eine sida, og motviljen mot å hjelpe på den andre sida. Dette gjeld både det samla verdssamfunnet, EU og Noreg. Eg spør meg kor djupt denne splittinga går. Kva haldningar pregar kvar einskild av oss?

Me finn brytningane for og i mot på alle plan. Då verdas matvareprogram gjekk tom for midlar vart matrasjonane til flyktningane halvverte. Dei som allereie var i djup naud i eksil frå sitt heimland byrja då å svelte. Dette førde til desperasjon som akselererte flyktningstraumen til Europa. At EU og resten av storsamfunnet ikkje greip inn med økonomisk støtte og hjelp i nærområda til krigssonene vitnar om motvilje mot å bry seg, og i praksis vanta konkret handling for å handtere den humanitære krisa. Om målet var å spare kostnader fekk ein i neste runde utgifter til overmål i form av massemigrasjon til Europa.

EU tok fyrst grep då mange hundre tusen flyktningar strøymde inn over landegrensene til Hellas. Tyrkia fekk tre milliardar euro for å dempe migrasjonsflaumen utan at det har hatt nemneverdig effekt til no. I desse dagar vert Hellas stilt til ansvar for situasjonen, og risikerer å hamne utanfor Schengen-avtala dersom dei ikkje klarar å stogge flyktningane. Plutseleg finn me videoskildringar av gresk kystvakt som stikk hull på gummibåtar, slik at tyrkisk kystvakt må plukke opp dei som er så heldige å overleve.

Kynismen breier seg også i Noreg. Me rosar oss av vår ordning om å realitetshandsame kvar einskild asylsøknad, men samstundes uttalar regjeringa at over fem tusen personar skal ut tilbake til Russland. I tillegg vil regjeringa gjere ventetida for fast opphald lengre, ikkje kortare. Alexander Golding, leiar for innanlandsavdelinga i Caritas Norge, kalla i sommar innvandringspolitikken ei tikkande integreringsboble  (Dagbladet 25/6.2015). I ein kronikk i same avis den 3. februar i år viser han korleis regjeringa legg planar om å gjere tilhøva for asylsøkarane endå vanskelegare, både ved å auke grensa for permanent opphald tre til fem år, og samstundes auke kravet om minsteinntekt.

Men dette handlar ikkje berre om pengar og politikk. Som moderne nasjon lever me i ein multinasjonal fellesskap. Kjennskap og venskap er naudsynt, slik at tillit og kjensle av å høyre til får utfalde seg. Då treng me å samle oss om ein god integreringspraksis. Styresmaktene tek viktige val, både kva gjeld internasjonalt arbeid, og særleg kva gjeld føreseielegheit og avklaring for opphald for asylsøkjarar i Noreg. Men integrering involverer oss alle. Me ser korleis enkeltpersonar i Noreg har mobilisert for flyktningane som no har kome, og korleis støtteforeiningar og frivillige grupper tek initiativ til å hjelpe dei mest utsette. Her er det mykje som kan verte gjort som eit folkeleg engasjement. Einslege born og unge treng eit kontaktpersonar og hjelp til å finne seg til rette. Mange treng hjelp til å finne arbeid. Heile familiar treng nettverk og venskap i det nye landet dei er kome til.

Ein kan sjå desse utfordringane på to måtar. På den eine sida skal me ikkje undervurdere den rikdomen og gleda som ei utvida kontaktflate kan føre med seg. På den andre sida vil eg hevde at me har ei moralsk forplikting ovanfor våre medmenneske i naud. Kristentrua har alltid hevda at samfunnet pliktar å ta vare på dei trengande. Då ein lovkunnig spurde Jesus om kven som var hans neste fortalte Jesus han likninga om den miskunnsame samaritanen. Ein mann låg naken og halvt ihelslagen langs vegen. Både prest og levitt gjekk forbi utan å hjelpe, skjønt dei ikkje kunne vite om han var ein av deira eigne. Avkledd som han var hadde mannen ingen synelege identitetsteikn. Det var til slut ein samaritan som stoppa og tok seg av han. Poenget i forteljinga er like klår som utfordrande. Din neste er ikkje anten alle eller ingen. Din neste er den du vel å gjere deg til neste for. Slik reverserte Jesus heile spørsmålet til mannen som ville vite kven hans neste var. Og slik utfordrar han også vår tid for dei som spør.

Vesle Noreg kan ikkje hjelpe heile verdas flyktningstraum, men i vårt daglegliv kan me velje å sjå dei trengande og gjere det til vår oppgåve å stille opp. Det er slik nestekjærleik vert verkeleg.

Advertisements