Church of transfiguration, Mount Tabor, Israel

Homilie for 2. søndag i fastetida år C

Eit svenskt ordtak seier:

“Livet er en bro. Man skal gå över på den, inte bygga hus på den!”

Peter vil bygge hytter til Moses, Elia og Jesus. Kan hende  ynskjer han å få augneblinken til å vare, og vere del av dette himmelske selskapet sjølv. Men der ligg like gjerne ei uro i orda til Peter, eit uttrykk for motlause og fortviling. For kva er det Jesus talar med dei heilage om? Dei snakkar om hans “utgong”, døden som Jesus skal gå i møte i Jerusalem. Lat oss heller bygge hytter, seier Peter. Lat oss heller skyve vekk det vonde og smertsame som lurar der framme.

Forklåringa på berget hender åtte dagar etter at Jesus har tatt disiplane med til ein roleg stad, der han seier at den som vil vere hans disippel må ta opp krossen sin fylgje meg. No står dei tre næraste apostlane, dei same som sidan fylgjer Jesus ut i Getsemane hage i nattetimen, no står dei her og er vitne til eit møte dei ikkje kan sette ord på. Jesus skiftar utsjånad. Ljoset er blendande. Skya senkjer seg ned over dei alle. Openberringa er både synleg og skjult. Det er som om Lukas seier: Jesu sanne identitet kan berre openberrast ovanfrå, av Gud sjølv. Og i denne openberringa som her finn stad viser Sonen kva som er den djupare meininga med krossen, og korleis me skal tyde hans tale om å bere sin eigen kross. Men som epifanien sjølv er gåtefull, så er òg det konkrete synet disiplane er vitne til.

Jesus står fordjupa i samtale med to av dei aller mest sentrale skikkelsane i den jødiske historia, Moses og Elia. Dei er profetar, Guds talsmenn som har vegleia Israelsfolket gjennom siger og naud. Dei har kjempa, mist motet og funne det at. Og: Dei har båe skoda Gud på fjellet Horeb. No står dei og snakkar om Jesu bortgang, om skjebnen som ventar han i Jerusalem.

Lukas skriv om Jesu bortgang og skjebne, i andre oversettingar finn me ord som utgang og avslutning. Alle desse uttrykka er eufemismer for den brutale røyndomen at Jesus faktisk skal døy. Men i den greske teksten hjå Lukas finn me ordet “Exodus”, som er langt meir meiningsmetta og gjev vidare referanser til det jødiske folket.

Moses og Elija snakkar saman med Jesus om noko dei sjølv har gjennomlevd, og som er berande for heile Israelsfolkets identitet. Dei står og drøftar den livgjevande utgongen som dei sjølv vart teikn på i si tid, og som Moses har profetert om då han sa:

“Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på.” (5. Mos 18,15)

Me tar det kanskje for gitt at det er Jesus som fortel eit og anna til Moses og Elija. Mon tru om det ikkje heller er motsett? Kan det ikkje like gjerne vere Elija som set mot i Menneskesonen? Moses, som sjølv ikkje kom inn i det lova landet, Kanaan, står no og kastar ljos over det som skal kome. Dei samtaler om utferda som fullbyrder det utferda frå Egypt er teikn på.

Slik fortolkar Moses sitt liv i ljoset av Guds frelsesplan i Kristus. Han deler med Herren av si innsikt, og stadfester den gjerninga Jesus er på veg inn i. Samstundes ser han tilbake på det livet han har levd i konteksten av det som skal kome. Dette er meir enn ei samtale. Dette er openberring både i synet og i samtala, ein signa augneblink, eit møte med den djupaste meining. Slik er det når Ordet kjem nær. Romet vert større, synet vert klårare. Hjartet friare. Logos, sanningsordet, er livgivande og fylt med meiningsfull fred. Moses og Elija sine liv finn si fullendte meining ved det store, utfriande exoduset som Kristus går mot.

Det er det same exodus som ligg løynd når Gud kallar Abraham og ber han legge ut på vandring. Det utfordrar og det forpliktar. Paulus formanar dei truande til å leve i tråd med den openberringa dei har teke i mot. På same vis skal me la oss prege av dette forklarande ljoset, og sjå våre eigne liv i ljos av Kristi frelsesplan.

Veit de forresten kva som får Gud til å bryte ut i latter? Det er når han høyrer oss små menneske fortelje om våre planar. Me ser oss så fort så fulle på oss sjølve, og tenkjer så mykje på kva me skal gjere. Men Gud har andre vegar. Det held no, Peter. Ikkje noko hyttebygging, eg har andre planar for dykk. De skal få bygge, men ikkje hus på ei bru. De skal ikkje vere redde. Eg er Herren, eg har ein veg klar for deg. De skal få bygge. De skal få bygge gode, trygge heimar. De skal få bygge dykkar indre karakter og fromleik. De skal få bygge kjærleiksfulle relasjonar og sant venskap.
Men ikkje hytter.

Me er kalla til å la våre liv, våre gjerningar og oppgåver finne meining i møte med frelsa som Kristus skjenker oss. Jesus inviterer oss til å sjå djupare inn i det store exodus som me allereie tek del i, medan me fylgjer han på vegen mot fullendinga i Jerusalem. Og ein dag, lovar Gud, skal me stå framfor Gud

Advertisements