Foto: br Haavar Simon Nilsen ©P

 

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

Laurdag 13. februar

Jakobsbrev 1, 12-16

Salig er det mennesket som holder ut i fristelser. For når han har stått sin prøve, skal han få livets seierskrans, som Gud har lovet dem som elsker ham. Ingen som blir fristet, må si: «Det er Gud som frister meg.» For Gud fristes ikke av det onde, og selv frister han ingen. Alle blir fristet av sitt eget begjær, som lokker og drar. Når lysten er blitt svanger, føder den synd, og når synden er moden, føder den død.
La dere ikke føre vill, mine kjære søsken!

 


 

For drøye ti år sidan såg eg ein sør-koreansk film kalla Vår, sommer, høst, vinter … og vår. Den handla om ein aldrande buddistmunk som tok imot ein liten gut i det vesle einebuarklosteret sitt. Han tok hand om den vesle og oppdrog han som munk. Når guten vaks opp, vart han hugteken av ei ung kvinne som kom for å få hjelp av den gamle, stillfarne munken. Det gjekk vel slik det ofte går med unge, bivrande sjeler. Driftene og lengslene dreiv dei to unge inn i eit brennande forhold som enda med at… Vel, det kan de jo sjølv finne ut ved å sjå denne kontemplative perla av ein film.

På eit punkt i filmen uttrykker den gamle munken den same innsikta som me les i dagens tekst: Lyst fører til synd, og når synda er mogen, fører ho til død. Denne livsvisdomen avgrensar seg ikkje berre til den kristne livshorisonten. I menneskesinnet rår det sterke krefter som fyller tilveret med skaparkraft og glede. Men dei same kreftene kan slå ut i destruktive handlingar som fører til undergang. Reint generelt kan ein sjølvsagt slå fast at utemt lyst ikkje er av det gode, og at ein skal vakte sine steg og styre klar av sjølvsentrert attrå. Dette gjeld også i kristentrua.

Men nokre gonger kan ein få inntrykk av at det er heile poenget i truslivet. Då skal me halde fram at det finst det ei anna lyst som langt overgår lysta som Jakob skriv om. Tru er ikkje berre eit spørsmål om dyd og moral. Ho er ein glødande lengt. Eg har min lyst i din lov, seier salme 119. Det er ei rein lyst, som Kristus forkynner ved sitt liv og si gjerning, ei Evangeliets lyst, som fyller heile lekamen og gjev auge ljos. Det er ikkje ei svak, impotent utgåve av den saftige lysta i kjøtet. Nei, evangeliets lyst er saftigare, meir brennande, friare, og meir sårbar. La fasta vere tida for på nytt å styrke lysta i Herren, så me held oss brennande i kjærleiken.

Advertisements