Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

Fredag 12. februar

 

Matteus 4, 1-11

Jesus ble så av Ånden ført ut i ødemarken for å bli fristet av djevelen.  Han fastet i førti dager og førti netter og ble til sist sulten.  Da kom fristeren til ham og sa: «Er du Guds Sønn, så si at disse steinene skal bli til brød!»  Jesus svarte: «Det står skrevet:
           Mennesket lever ikke av brød alene,
men av hvert ord som kommer fra Guds munn.»
 Da tok djevelen ham med til den hellige byen, stilte ham ytterst på tempelmuren  6 og sa: «Er du Guds Sønn, så kast deg ned herfra! For det står skrevet:
           Han skal gi englene sine befaling om deg.
Og:
De skal bære deg på hendene
så du ikke støter foten mot noen stein.»
 Men Jesus sa til ham: «Det står også skrevet:
           Du skal ikke sette Herren din Gud på prøve.»
 Så tok djevelen ham med seg opp på et meget høyt fjell og viste ham alle verdens riker og deres herlighet og sa: «Alt dette vil jeg gi deg dersom du faller ned og tilber meg.» Da sa Jesus til ham: «Bort fra meg, Satan! For det står skrevet:
           Herren din Gud skal du tilbe,
og ham alene skal du tjene.»
Da forlot djevelen ham, og se, engler kom og tjente ham. 

 


Då Henri Matisse skulle utforme eit kapell for dei dominikanske systrene i Vence nær Nice i sør-Frankrike, laga han eit glasmaleri som skildra ein blomstrande kaktus. Med det uttrykte han eit paradoks som på ein særleg måte manifesterar seg i fastetida, men som i grunnen gjeld i heile kyrkja og alle dei truande sitt liv. Ørkenen er den livlause, sterile staden der lite og ingenting veks. Det er døden som rår i øydemarka. Og der ute, kor mennesket ikkje kan skape seg livsrom, der blomstrar det likevel. Den blomstrande kaktusen, sa Matisse, som blomstrar mot alle odds,  står som eit teikn på det overnaturlege liv, det som mennesket sjølv ikkje kan skape seg. Trua blomstrar ikkje fordi mennesket set seg føre å tru, men fordi Gud kallar og gjev evna til å vende seg mot han. Kyrkja lever ikkje i eiga kraft, men ved Den Heilage Ande som gjev liv og kraft.

Kyrkjefedrane sette sin lit til dette livgivande Gudsnærværet då dei drog ut i ørkenen i Egypt. Dei slo seg ned på aude stader, ikkje for å måle sine eigne krefter med naturen, men for på radikalt vis å opne seg for Guds nærvær og Den Heilage Andes livgjevande kraft. Dei kjempa med seg sjølv og med dei vonde maktene som rår i og rundt menneske, i vissa om at Gud kjempa med dei og for dei.

Trua på Kristus gjev tillit til at heile skapnaden, frå himmelhøgd til dødsriket, er helga ved Kristi livgjevande nærvær. Det finst ikkje ein flik av vårt tilvere som ikkje Jesus kjenner til. Ved ikjøtinga opna han vegen til vår Far, og han nedkjempa djevelens grep over mennesket, sidan den vonde ikkje kunne vinne over menneskesonen. I han finn me fridomen og krafta til å kjempe mot alle vonde makter, i vissa om sigeren allereie høyrer Kristus til.

Advertisements