DSC_1930 crop

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

Torsdag 11. februar

2. Tim. 2, 14-21

Dette skal du minne om, og for Guds ansikt skal du pålegge dem å unngå ordkrig. Det tjener ikke til noe og virker ødeleggende på dem som hører på. Sett alt inn på å stå din prøve overfor Gud! Vær en arbeider som ikke har noe å skamme seg over, men som legger fram sannhetens ord på rett måte. Vend ryggen til det ugudelige og tomme snakket. For de som taler slik, går bare lenger og lenger i ugudelighet, og deres ord vil spre seg som koldbrann. Blant dem er Hymeneos og Filetos, som har forvillet seg bort fra sannheten. For de sier at oppstandelsen allerede har skjedd, og de bryter ned troen hos folk. Men Guds grunnvoll står fast, og den har et segl med denne innskriften: « Herren kjenner sine», og: « Hver den som bekjenner Herrens navn, må vende seg bort fra urett». I et stort hus er det ikke bare kar av gull og sølv, men også av tre og leire, de første til fint bruk og de andre til simplere bruk. Den som renser seg og holder seg borte fra slikt, blir et kar til fint bruk, innviet og nyttig for husets herre, gjort i stand til all god gjerning. 


 

Me har nett byrja på vår førti dagars fastetid. Kva kan me eigentlig nytte desse dagane til? Kyrkja held tradisjonelt fram tre aspekt av tilveret som me kan yte særleg merksemd: Bøn, faste og almisser. Det er ikkje noko revolusjonerande.

Når det gjeld bøna: Set av meir tid til bøn, heilt enkelt. Snakk med Gud. Og lytt til Han. Ver stille, bruk nokre minutt til Guds nærvær i livet ditt. Les bibelen langsamt, lev deg inn i forteljingane. Ta deg tid.

For fasten: Legg ikkje på deg ei meiningslaus faste. (Er Facebook eller sjokolade eller kaffi dine verkelege hinder for å fordjupe deg i relasjonen med Gud?). Avstå heller frå det som hindrar deg i å høyre Guds røyst i livet ditt. Gje avkall på din travle kvardag. (Du vil sjå av verda stoppar ikkje sjølv om du tek det litt meir med ro.) Brems ordstraumen. Kva strør du om med deg av kommentarar, meiningar og tørrprat? Øv i å lytte til dei du pratar med. Avstå litt frå deg sjølv.

For Almisser: Kva slags gåver kan du skjenke dei rundt deg? Den største gåva du har fått er nett deg sjølv. Kven kan du vere til hjelp for? Opn deg for andre sine behov. Bry deg om dei rundt deg. Pave Frans seier at om det er ein ting me skal bruke fastetida på, så er det å faste frå likesæle i møte med dei rundt oss. Når vårt indre liv vert bunde opp i eigeninteresse og otte, då er det ikkje lengre rom for andre. Guds røyst tagnar, og me kjenner ikkje lengre den stillfarne gleda over Guds kjærleik i våre liv.

Eg vil til slutt invitere ei lita åndeleg øving som kanskje kan hjelpe å snu Gudsperspektivet litt: Sett deg ned og skriv eit kjærleiksbrev frå Gud til deg sjølv.  Sjå deg sjølv med Guds blikk, og set ord på korleis Gud elskar deg. God fastetid.

Advertisements