120222 Blackfriars Ash Wednesday 3402

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

Onsdag 10. februar (askeonsdag)

Mark 2, 18-20

Fariseerne og disiplene til Johannes holdt faste, og det kom noen til Jesus og spurte: «Både disiplene til Johannes og fariseernes disipler faster. Hvorfor gjør ikke dine disipler det?» «Kan vel bryllupsgjestene faste mens brudgommen er hos dem?» svarte Jesus. «Så lenge de har brudgommen hos seg, kan de ikke faste. Men det skal komme en tid da brudgommen blir tatt fra dem, og på den dagen, da skal de faste.

 


 

«Menneske, hugs at du er støv, og skal vende attende til støv.» Desse orda brann seg inn i meg den fyrste gongen eg tok del i ei katolsk oskeonsdagsmesse. Eg stelte meg opp i den lange køen i midtgangen av kyrkja. Presten gneid det det svarte kolmerket inn i panna mi, og eg gjekk attende til kyrkjebenken med ei underleg kjensle av å ha vorte merka med både Kain sitt merke og nådemerket som Kristus har skjenkt oss ved sitt offer. Då eg gjekk ut i gatene etterpå var eg både stolt og litt flau over merket eg bar. Skam og stolt tru, fletta i kvarandre slik det så mange gonger kan vere i livet.

Oska er laga av dei palmegreinene som vart signa palmesundagen året før. Slik vert inngangen til fastetida knytt saman med utgangen, og dei førti dagane i mellom er tida då me bur oss på det store exodus, utfriinga frå daudens band til evig venskap med Gud og med kvarandre.

Den kompromisslause stadfestinga av mennesket som skapnad er frigjerande. Erkjenninga av at me er underordna Herren gjer at Gud får vere Gud, me får vere hans born, skapt i hans bilete, men framleis hans skapnad. Som skapnad er me merkt med osketeiknet, det forgjengelege, det timelege. Men krossforma ber i seg lovnaden om æva, der alt vert nytt for alltid.

Dette underfulle krossmerket kjem med ein pris, og den er det ikkje me som har betalt. Ved sjølvoppofringa, både i Getsemane-hagen og på krossen, viser Jesus oss i dobbelt mål i kva grad han er villig til å fri oss ut frå syndas og daudens band. Kain vart spart fordi han fekk Guds merke i panna, og som ein profeti  og som eit teikn står Kain som ei fyrste frukt av frelsa ved Kristi offer.

Saman med Kristus gjev me oss no ut på ørkenvandring, Livet fylgjer oss ut i det livlause. Medan me ventar på påskemorgonens jubel kan me som Grundtvig sjå mot håpet som ventar: «Om en bedrøvet, smiler dog støvet, smiler dog støvet ved englesyn.»

Advertisements