Ingeborg Marie

foto: bror Haavar Simon Nilsen ©P

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

  1. Petersbrev 1, 5-11

Sett derfor all deres iver inn på å la troen føyes sammen med et rett liv, og det rette livet med innsikt, innsikten med selvbeherskelse, selvbeherskelsen med utholdenhet, utholdenheten med gudsfrykt,gudsfrykten med søskenkjærlighet og søskenkjærligheten med kjærlighet til alle. For dersom alt dette finnes hos dere og får vokse, da vil dere ikke være uvirksomme og uten frukt, dere som kjenner vår Herre Jesus Kristus. Men den som mangler dette, er nærsynt, ja, blind, og har glemt at han er blitt renset for sine tidligere synder. 

Derfor, søsken, må dere sette enda mer inn på å holde fast ved deres kall og utvelgelse. Gjør dere dette, skal dere aldri falle. Da skal inngangen til vår Herre og frelser Jesu Kristi evige rike stå vidåpen for dere. 

Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt, innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt, gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle. For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus. Men har du ikkje dette, er du nærsynt, ja, blind; du har gløymt at du er reinsa for dine gamle synder. 
    Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast ved dykkar kall og utveljing. For gjer de dette, skal de aldri falla. Då skal inngangen til vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike stå vidopen for dykk. 


 

Me har ikkje før stått av blåmåndagen før me kastar oss ut i feitetysdag. I morgon gjev me avkall på goda, men før dei førti ørkendagane skal me ha eit siste gilde, eit gjestebod med feite, mergfulle retter og gamal, klåra vin (Jesaia 25,6). No skal me ete og drikke, meske oss med det beste, og la otte og uro fare. Syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg (Matteus 6,34).

Men kva er dette for fråtsing? Har munken vorte hedonist? Står ikkje dagens tekst og vitnar om måtehald og sjølvkontroll? Jau, dei truande er kalla til å bruke sine krefter på å vekse, og drivkrafta og målet  for denne sjelelege og åndelege kondisjonstreninga er kjærleiken. Kjærleiken er ei viljessak, og viljen vår skal både formast og byggjast for å fremje det beste i kvar av oss. Til det trengst det disiplin. Som bonden steller med jord og planter, slik skal me pleie vårt eige, indre jordsmonn, vegleia av Heilaganden og kyrkja sine sakrament og lange erfaring. Slik kultiverer me kallet og veks i innsikt og gudsfrykt.

Samstundes veit bonden både å kvile og takke. Arbeid og kvile, slit og glede fylgjer kvarandre. Slik bonden helgar seg, slik vekslar også kyrkja mellom kvardag og fest, mellom arbeid og eukaristi. Den grunnleggande takkseiinga som kjem til uttrykk i tilbedinga er sjølve grunnpulsen hjå dei kristne. Difor er det ikkje slik at me slepp oss laus utan hemningar dagen før me går inn i fastetida. Men me opnar oss for Guds gode gåver, før me vågar oss ut på den lange vandringa om oppstoda og livsens rike som ventar oss der framme. Så lat oss glede oss og styrke oss før me legg ut. «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.» (1. Kongebok 19,7)

Advertisements