Elevasjon

foto: Caroline Ramnæs

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 6

Mandag: Kor 2,1-9

Da jeg kom til dere, søsken, var det ikke med fremragende talekunst eller visdom jeg forkynte Guds mysterium. For jeg hadde bestemt at jeg ikke ville vite av noe annet hos dere enn Jesus Kristus og ham korsfestet. Svak, redd og skjelvende opptrådte jeg hos dere. Jeg forkynte ikke mitt budskap med overtalende visdomsord, men med Ånd og kraft som bevis. For deres tro skulle ikke bygge på menneskelig visdom, men på Guds kraft.
Likevel forkynner vi en visdom for dem som er modne. Men det er ikke en visdom som tilhører denne verden og denne verdens herskere, de som går til grunne. Nei, vi forkynner et mysterium, Guds skjulte visdom. Før tidenes begynnelse hadde Gud bestemt at den skulle føre oss fram til herligheten. Denne visdommen har ingen av verdens herskere kjent. Hadde de kjent den, ville de ikke ha korsfestet herlighetens Herre. Men som det står skrevet:
          Det intet øye så og intet øre hørte,
          det som ikke kom opp i noe menneskehjerte,
          det som Gud har gjort ferdig for dem som elsker ham


 

Me har nett feira fastelavn, som eigentleg tyder «kvelden før fasten». I Bibelleseplanen eg har fått av Vårt Land for 2016  vert måndagen etter fastelavn kalla «Blåmåndag». Det heiter seg at etter gamal skikk dekte ein altaret med lilla eller blått klede måndagen etter fastelavn, som fyste trinn inn mot fastetida. Eg har kan hende markert ein og annan blåmåndag i livet mitt, men då aldri som del av ei liturgisk handling, den har nok hatt eit heller folkeleg preg.

Korleis skal ein så sjå blåmåndagen i ljos av dagens tekst, som er så fylt til randen av Guds kraft og herlegdom? Namnet «blåmåndag» ber jo ikkje akkurat preg av styrke og vitalitet. Men i den avmakta me folkeleg sett knyter til namnet høyrer me likevel ein overraskande samklang med Paulus som skriv til Korintarane: «Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk», og «ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom». Det er den audmjuke, overgjevne apostelen som talar, for at noko anna skal skine fram. Det Paulus held for lite vert staden der Åndskraft og Guds herlegdom får falde seg ut. Paulus set si lit til Ordet, og til at Guds skjulte visdom skal få falde seg ut mellom dei truande. Det er ikkje retorikk og smarte vendingar som skal vere verksamt, men mysteriet sjølv skal få handlingsrom i det skjulte, slik salme 19 så kraftfullt sier:

Det er ikkje tale og ikkje ord. Stemmene kan ikkje høyrast.
Men dei når ut over heile jorda, orda når dit verda endar.
(Ps 19,4-5)

Som truande er me forkynnarar av mysteriet, av det uutseielege som bur i oss ved Anden, og som Herren inviterer oss til å lite på. Dette speglar seg og i liturgien som kyrkja feirar. Like etter at brød og vin vert til Herrens lekam og blod, syng presten: «Mysteriet i trua.» Og kyrkjelyden svarar: «Din død forkynner me, Herre, og di oppstode lovprisar me heilt til du kjem.» Slik blåmåndagsmystikk vil eg gjerne ha meir av.

 

Advertisements