Avslutningmesse for ordenslivets år, preike i St. Olav domkyrkje 2. februar 2015

Dacia 1b liten copyright br Haavar S Nilsen OP

Kjære brør og systrer. I dag høyrer me om Simeon og Anna i tempelet, der dei endeleg får sjå Messias som dei har venta på. Dei openberrar seg mest som eit frampeik på klosterlivet som spring ut av den evangeliske bodskapen som vår Herre forkynner. I eit år har den katolske kyrkja sett ordenslivet på agendaen. Og sjølv om me no feirar avslutninga av ordenslivets år vil det ikkje dermed sei at ordenslivets tid er ute. Me vil heller sjå det som ei påminning om kor viktig ordenslivet er i kyrkja sitt liv, og kva plass og funksjon me har i forkynninga av den glade bodskapen.

Paven peika på nokre målsettingar med dette året me no har feira:

  • Sjå på fortida med takksemd
  • Leve notida med lidenskap
  • Femne framtida med håp

Eg vil lyfte fram ei lita historie som eg vil hevde femner alle desse tre målsettingane, og eg tek utgangspunkt i min eigen orden. Den handlar om Thomas Aquinas, og ein visjon han fekk. Det var hans disippel William de Tocco som noterte ned denne hendinga.
Ein gong Thomas sat og bad i klosteret i Napoli fekk han eit syn. Han såg ein viss broder Romanus som han hadde treft ein gong i Paris, men som nå hadde forlate dette livet. Han sa til Thomas:
«Eg har forlate dette livet, men på grunn av dine velgjerningar har eg fått lov å vitje deg.»
Thomas vart rysta ved dette besøket, men samla mot til seg og svara:
«Om Gud vil, ver god min ven, og svar på dei spørsmåla eg har.»
Thomas spurde så om sin eigen åndeleg ståstad og sitt arbeid, og sidan om korleis Romanus hadde det. Men ved det tredje spørsmålet er det som om stemma til den alltid vitelystne teologen skjer igjennom. Det er Thomas si evige søken etter svar som driv fram dialogen, og mange vil hevde at dialogen er noko atypisk for menneske med slike åndelege openberringar. Der andre kanskje ville kvile seg i nærværet av ein heilag, der går Thomas rett på sak. Han spør Romanus:
«Me har jo ofte samtala om forholdet mellom det me lærer her, og det me får sjå i vårt himmelske fedreland. Sei meg no, tar me med oss kunnskapen og innsikta me får her på jorda inn i himmelen?»
Romanus bit han av med eit kort svar:
«Broder Thomas. Eg ser Gud. Du skal ikkje stille meg fleire spørsmål om dette emnet.»

Ein ville tenkje at eit slikt svar frå ein som viser seg frå den andre sida sette punktum for samtala. Men Thomas, som allereie står i ein tradisjon har som har Sanning som motto, klarar ikkje å dy seg, og seier:
«Men, skodar du Gud på ein direkte, umiddelbar måte, eller som eit bilete?»
«Som me har høyrd, så har me sett i Guds stad» sa Romanus og forsvann.

Dacia 2b liten copyright br Haavar S Nilsen OP

Når eg minnest denne historia kjenner eg takksemd, både for humoren som William av Tocco skildrar Thomas med, og for ordenen eg tilhøyrar og som har drivi fram så mange tankar, så viktige teologiske drøftingar, og så betydelege tilskot til synet på og vern av mennesket.
Thomas er òg eit førebilete når det gjeld å leve med lidenskap. Han kastar seg begjærleg ut i teologien som for han er ein slags heilag leik, eit himmelsk studie, ei evig bøn.
Slik vert òg framtida fylt med håp, ikkje berre for min eigen orden, men for heile ordenslivet, som har slik ein sentral funksjon i kyrkja sitt liv. Me har del i kyrkjas sin åndelege puls på ein særleg måte, og som truande er me kalla til å leve evangeliet i alle sine aspekt. Pave Frans seier sjølv:

«Det er ikke nok å lese det (selv om lesning og studium alltid må være ekstremt viktig), heller ikke er det nok å meditere over det (og la oss gjøre nettopp dette hver dag). Jesus fordrer av oss at vi skal sette det ut i praksis, at vi skal leve hans ord.»

Me skal la ordet fylle hjarta, og slik omdanne vår eige. Eller som paven seier det: «Vi vil vite å elske fordi vi vil ha hans eget hjerte.» Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre ordensfolket. Paven understreker at brevet som opnar ordenslivets år også vender seg til «legfolk som deler de samme idealer, ånd og misjon.» For kva er vel kyrkja utan lekfolket? Dei dannar sjølve korpusen i Kristi lekam, og er berande for heile kyrkja sitt liv og virke. Ordensfolket og presteskapet har ikkje ein overordna og opphøgd plass over lekfolket. Dei skal tene og vegleie, støtte og råde, og gje av dei gåver dei sjølv har teke mot gjennom fellesskapen i kommunitetslivet.

Til saman utgjer med den fellesskapen som bind saman alle her i dag, lekfolk, ordensfolk, presteskapet og biskop Bernt, men og heile kyrkja, gjennom alle tider. Dei heilage og skaren av truande samlast, saman med Simeon og Anna, Maria og Josef, rundt han som kallast vegen, sanninga og livet, han som er verdas ljos.

Dacia 3b liten copyright br Haavar S Nilsen OP

Advertisements