Verdensungdomsdagene 2013 copyright Haavar Simon Nilsen

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 14/01-2016

Pave Frans ropar ut eit jubelår: Verda treng meir miskunn!

Eg gjekk ikkje inn i det nye året med venelag, fyrverkeri eller sprudlande prosecco. Eg sto på strendene på øya Lesvos saman med andre frivillige i organisasjonen Dråpen i havet. Me skoda etter flyktningar som prøvde å krysse dei ti kilometrane ope hav mellom Tyrkia og Hellas i minus to grader og halvannanmeterhøge bylgjer, utstyrte med redningsvestar av tvilsamt fabrikat i ein like tvilsam overfylt gummibåt. Dei kom. Forfrosne, gråtande og livredde, men letta for å ha tatt eit fyrste steg mot fridom, fred og tryggleik. Det er ingen klisjé, men pur røyndom.

Eg skjøna ikkje fullt ut før etterpå at eg har vore fyrstehands vitne til ei stor humanitær krise. Kanskje har denne krisa vore med på å få pave Frans til å rope ut eit ekstraordinært jubileumsår, der han manar alle til å søkje miskunn og medkjensle. 2016 er det året for miskunn! Han gjev uttrykk for sine tankar i ei ny intervjubok som ber den norske tittelen «Guds navn er barmhjertighet». Ho er skrive av journalist og Vatian-ekspert Andrea Tornielli, og tek opp eit tema som paven har hatt på hjartet lenge. Då Jorge Bergoglio held si fyrste preike som nyvald pave i mars 2013 sa han: «Jesu bodskap er miskunn. For meg, og det seier eg i all blygskap, er dette den sterkaste bodskapen til Herren.»

Og no, seier pave Frans, er tida inne for å lyfte fram den glade bodskapen om miskunn, ikkje berre for katolikkar, men for alle born av vår tid. Me må møte nauda som tyngjer det vestlege samfunnet. For det fyrste treng me motgift mot den uretten som rår i våre vestlege samfunn, og som slår ut mellom anna i auka klasseskilje, sosial utestenging, slaveri og gradert menneskesyn. Med den auka flyktningestraumen til dei europeiske landa vert dette ekstra tydeleg. Enkeltindivid og familiar vert ofte reduserte til og omtala som ein problematisk masse som skapar bry for vår eigen komfort, velferd og tryggleik. Ein kan ikkje fornekte at sterkt aukande innvandring inneber reelle problem både for stat og for lokalsamfunn, men det underliggande spørsmålet krev svar: kva grunnhaldning ligg i botn for våre syn og ytringar, val og veremåtar? Me treng å sjå kvarandre, og omfamne dei som mest treng vår medkjensle.

Det finst også ei djupare, meir fundamental side som treng lækjedom, hevdar paven. For velstandssamfunna lid også av eit indre, sjeleleg sår, som trugar med å hole ut sjølve meininga i livet. Utan miskunn står mennesket i fare for å miste sitt indre, moralske kompass, og med dét moglegheita til å vedkjenne seg si eiga synd og eigne manglar. På same tid følast skuggesidene og det fortrengte hjå den enkelte som ubotelege. I auka frykt for nære relasjonar som kan avdekke vår skjulte skam vert me drivne ut i isolasjon, og einsemda vert ei tyngande bør me ikkje finn utvegar frå.

I dei livsrammene som vår eigen kultur legg opp til eksploderer behovet for og lengten etter å verte sett. Korleis skal me leve ut sjølvoppofrande kjærleik om me ikkje kjenner at me er elska? Korleis skal me ta hand om andre, om me sjølv kjenner oss forlatne? Korleis gje av det me ikkje sjølv har? Det er ikkje berre flyktingane som gret stille i transitmottaka og dei mange uverdige leirane i Hellas og opp gjennom Europa. Det finst mykje sorg og tårefylt einsemd i eitromsleilighetar i Oslo og alle andre byar i landet vårt.

Nett difor, seier pave Frans, treng me no å gje rom for konkrete opplevingar av miskunn. «Vår tidsalder er eit miskunns kairós. Kyrkja må nå ut med Guds miskunns etymologi. På latin kallast miskunn Misericordia, som kan omsetjast med å opne hjarta sitt for den som lid.

Miskunn er Guds identitetskort, seier paven, ein Gud som bøyer seg, som ofrar seg, som gjev seg over i kjærleik og med omsorg. Det einaste ein treng for å oppleve miskunn er å vedkjenne seg at ein lengtar etter det og treng det.

Det menneskeleg tilsvaret til miskunn er medkjensle. Den treng ikkje berre avgrense seg til næraste familie og vener, sjølv om det er ein god stad å byrje. Tida er komen for aktivt å søkje dei som treng vår nærleik, vår varme og omsorg, det er mange som stundar etter dette. Born og unge treng støttekontaktar, frivillige organisasjonar treng hjelpande hender. Flyktningar har reist frå alt det vante og trygge. Det er mange som treng mild, menneskeleg varme. Del av det du sjølv treng i livet ditt: Nærvær, praktisk hjelp. Miskunn.

Advertisements