Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram. For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste. (Jesaja 9)

Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram. For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste. (Jesaja 9)

Julemidnattsmesse i St Dominikus kloster, lesningar

I dag jublar det frå Davidssalmen:

Herren kjem for å døme jorda. Han skal døme verda med rettferd og folka med truskap. (Salme 96,13)

Dommen fell, men ikkje slik me kanskje fryktar. For i natt opnar himmelen seg, og frå skyene vert heile skapnaden fylt med rettferd og truskap som overgår våre menneskelege fatteevner. Det er Guds miskunn som no legg seg som lindring for menneska sine mange sår. Gud forbarmar seg over ei verd som er tynga av synd. Han seier, vend tilbake til meg, for no er min eigen Son midt blant dykk. I Kristus møtest miskunn og sanning, rettferd og fred kysser kvarandre. Og alt dette for å vinne vår tillit, vår tru og vår overgjeving.

Den 8. desember i år opna pave Frans dei heilage dørene i Peterskyrkja, og med dét eit ekstraordinært jubelår som han døypte «Barmhjertighetens år», eit miskunns år. Dette skjedde på dagen for «Marias uplettede unnfangelse» – Maria avla utan synd. Ho er den fyrste frukt av frelsesverket, og som mor til Guds Son vart ho heilt frå mors liv merkt av den nåden som ho sidan sjølv erkjente då ho sa: «frå no av skal alle slekter prisa meg sæl» (Luk. 1,48). Det er denne nåden me alle får del i, gjennom Guds miskunn som no kjem til oss. Ordet miskunn kjem av norrønt, og tyder: det å ikkje skulde ein for noko. Me vert frikjente frå skuld i natt, Kristus kjem med mild rettferd, no er det fridomen som rår. Gud sender Sonen, som i sitt liv og sine handlingar viser kven Gud er.

Paven grunnar på denne Kristi nåde i ei bok som kjem på nyåret, og som har fått tittelen Gods name is mercy (Guds namn er miskunn). Boka er ei samtale mellom pave Frans og journalisten Andrea Tornielli, der paven insisterer på at tida er inne for å leve ut Guds barmhjertighet i kyrkja sitt liv. Vår tidsalder er eit miskunns kaíros, ei tid for kyrkja til å vise sitt moderlege andlet til ei såra menneskeslekt, seier pave Frans. Ho treng å vise Kristi sanne hjartelag for dei ulykkelege, dei trengande, dei som er såra. Ja, for oss alle.

I ei tid med stor naud og millionar av menneske på flukt vert appellen særs aktuell. Menneske stundar etter omtanke, hjelp og forståing. Mercy, som me finn i den engelske tittelen på pavens komande bok , svarar på latin til Misericordia, som kan omsetjast med: å opne hjarte for dei lidande. Då paven feira messe og held sin fyrste homilie i Sant’Anna in Vaticano, den 17. mars 2013, preika han utan manus og sa: «Jesu budskap er barmhjertighet. For meg, det sier jeg i all beskjedenhet, er dette Herrens sterkeste budskap.»

Barmhjertighet er så og seie Guds identitetskort, som gjev innpass alle stader. Også i våre hjarte. Han kallar på oss, og lengtar etter nærleiken me er skapte for, og som me i djupna av oss sjølve stundar etter og dragast mot. Det einaste eg treng for å oppleve miskunn, er å erkjenne at eg treng miskunn, seier paven. Det er ikkje Herren som vert lei av å tilgje, det er me som går lei av å be om det. No i dette miskunns-jubelåret me har byrja på kallar kyrkja oss til på nytt å opne oss for Guds milde nærvær. Gud ynskjer å tilgje oss og lækje oss. Det er ikkje miskunn som vaskar bort syndene i våre liv, seier pave Frans, det er det Guds tilgjeving som gjer. Men miskunn er Guds måte å tilgje på. Gud kallar oss til kjeldene der han gjev av seg sjølv, der hans skjenker oss tilgjeving, -ikkje som ein befaling, men som eit kjærteikn.

Pave Frans valde allereie som biskop mottoet: miserando atque eligendo, som i me i kortform kan oversette med: ringe, men likevel utvald. Mottoet skriv seg frå den heilage Beda sin kommentar av Matteus-evangeliet, då Herren såg tollaren Levi. Han såg på han med miskunn, og samstundes som ein utvald, og sa til han: Følg meg. Det er dette blikket Herren rettar mot alle han møter. Han ser gjennom alle lag, inn til der me er som mest sårbare, og seier: Kom. I natt utfordrar det lille barnet i krubba kvar og ein av oss, og manar oss til å sjå inn i djupna av oss sjølve. Kvar i livet mitt treng eg miskunn aller mest? Kva skammar eg meg over? Kva lid eg under?

Tida er komen, Herren er her for å møte det ufullkomne. Han, som legg seg i menneskes hender i ei krubbe i ein stall, og som sidan møter sin skjebne på krossen under dei same hendene, han kallar oss no, og spør: vågar du å legge livet ditt i mine hender? Eg er trufast miskunn. Du er den kjæraste eg veit.

 

 

 

 

 

Advertisements