Jesusbarnet i varme hender

Julehøgtida kallar på eit viktig spørsmål: Kva er eit menneske?

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 17/12-2015

Det nærmar seg julehøgtida, og med det vert det naturleg for munken å gje spalteplass til jula sitt innhald. I desse dagar som så lett flyt forbi i ein eim av panikkhandel av jolegåver, surkålsdamp og Løiten Linie Aquavit er det lov å ta seg eit avbrekk. Lat ribbesvoren vere så sprø den vil og la eksistensielle tankar få fylle hugen.

Eg for min del spør meg: Har den kristne religionen noko å tilføre vår (julehøg-)tid? For jula er for alle som det heiter. Det som i tidligare tider var eit felles samfunn som samla seg om ein religiøs kult har med tida vorte til eit multikulturelt og –religiøst samfunn som feirar julekulten med så stort engasjement at det mest vert religion utav det. Lat oss legge rotmos-oppskrifta til sides for ei stund, og heller granske røtene til denne feiringa.

Me kan byrje i ein kvardagsleg ende og starte med dei vanlege oppslaga i dagspressa. Her finn me ein straum av krav om rettferd, oppgjer, skuldavklaring og forsoning der menneske på ymse vis har vore krenkte. Sansen for kva som er rett, og kva menneske både som individ og samfunn har krav på, ligg som ein underliggande premiss, nokre gonger uttalt, oftast implisitt i argumentasjonen. Me roper opp mot diskriminering, mot overgrep, mot unnvikande haldningar som etterlet seg dei svake endå svakare. Me skrik opp når flyktningar, fattige og utstøtte ikkje får naudsynt behandling og omsorg. Me fordømer maktmisbruk i alle former. Me aksepterer ikkje at nokon stiller seg over eller utanfor våre felles normer. Me likar ikkje Donald Trump som imiterer funksjonshemma personar. Mange av oss rynkar på nasen over tanken om Per Sandberg som innvandringsminister. Det ligg så å seie i vår natur å reagere mot alt som trugar eller krenkjer mennesket og menneskeverdet. Og dei institusjonane som skulle halde dette verdet høgast får naturleg nok også mest refs når dei gjer feil, enten det gjeld kyrkje, politi, politikk eller helsevesen.

I botn av denne menneskelege refleksen mot urett ligg eit fundamentalt spørsmål som Finn Thorn drøftar i si bok Sigrid Undset – kristentro og kirkesyn (1975). «Det fundamentale spørsmål er», seier han, «hvad tror vi at et menneske er?» Eit kvart samfunn, og integrert i ein kvar sosial struktur, ligg dette fundamentale spørsmålet som me treng å gjere klart for oss sjølve: Kva er eit menneske? Svaret på det legg premissen for korleis me tek vare på kvarandre, frå dei aller minste til dei aller eldste.

I den kristne verdshorisonten har mennesket sitt ukrenkelege feste i Gud, og Thorn refererer til Caterina av Sienna som hevdar at «I sin Skaper har (mennesket) sitt tilvære, fra sin Skaper har det fått alt det er og eier. Forenet med sin Skaper som er Grenseløs Kjærlighet, Evig Sannhet og selve Vidsdommen får mennesket del i Guds egenskaper». Mennesket står soleis i ein særstilling i den kristne trua. Me har del i Gud sjølv, me er medskaparar og forvalterar av Guds skaparverk, og ber kjærleikens merke i vår sjel.

Mennesket er etla til guddommelege høgder, men siktar ofte skuffande lågt. Hadde kristenfolket levd det me lærer hadde kanskje trua vår vore meir truverdig. Men eg skuldar ikkje Gud fordi eg sjølv sviktar. Eg konstaterer berre at Gud kallar på reform. Det har han gjort sidan ei jomfru vart med barn, og eit lite gutebarn kom til verda i ein stall for dryge to tusen år sidan.

Med inkarnasjonen snur Gud opp ned på målestokken. Det er ikkje mennesket som strekkjer seg mot Gud, men Gud som vert som oss for å gje oss ein målestokk på kva me er meint å leve. Han forkynner det fulle målet av kjærleik, og går sjølv føre med sitt sjølvoppofrande eksempel. Kva er eit menneske? Det er det som elskar sin neste som seg sjølv. Som fylgjer to mil når nokon ber om å bli fylgt ei. Som gjer vel mot sine uvener, og vender det andre kinnet til. Å vere menneske er å strekkje seg ut over seg sjølv, og vise det mål av miskunn og omsorg som me sjølv stundar etter.

Jula er den vakraste, inderligaste og såraste tida i heile kyrkjeåret, for her viser Gud seg som den mest sårbare av oss alle. Gjennom det sårbare held Gud fram for oss eit ideal om menneskeverd og –respekt som eg tek meg sjølv i ikkje å klare å oppnå, men som eg like fullt strekker meg etter. Kanskje skulle nyttårsforsettet for neste år vere jul året rundt, ikkje i sjølvsentrert nyting, men i aktiv omsorg for dei som treng det aller mest?

Advertisements