Jesus Christ - detail from Deesis mosaic, Hagia Sophia, Istanbul

 

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 47

Laurdag Matt 13, 47-52

Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag. Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut. Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner. Har de skjøna alt dette?» «Ja», svara dei. Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har vorte læresvein av himmelriket, lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla.»


 

Som me nærmar oss slutten av kyrkjeåret vert dei daglege lesingane meir og meir retta mot dei siste tider og domen som ventar. Kristus kongen vil kome att i herlegdom, og kan hende spør me oss no om me er budde på møtet?

Tidligare i haust blussa det opp ein liten helvetesdebatt i Vårt Land, og kommentarfeltet strekte seg omtrent like langt ned på verdidebattsidene som Jakobsstigen er høg. Kva er helvete, finst det i det heile, og kven vil i så fall kome til å hamne der? Ein kan lett verte fylt av angst når ein høyrer skildringane Jesus fortel om i dag. Han brukar ei dragnot som bilete på Gud som innhentar oss alle. Kva vil så Herren sjå etter, kva er ein god fisk, og kva er ubrukeleg? Omnen står raudglødande og burar. Kven er eg?

Ein må sjå til hjarta for å femne bodskapen i denne likninga. Det er hjarta og den anden som bur i kvar av oss som er avgjerande. Gud spør ikkje etter ein perfekt vandel, men etter vår livshaldning og vilje til å opne for sanning, godleik og venleik. For tru.

Min eigen ordensgrunnleggar, Dominikus de Guzman (+1221), gjekk alltid med eit verk av Johannes Cassianus (f. 360) når han var på reise. Cassianus skreiv i si tid ei samling som omtala dei egyptisk ørkenfedrane sin visdom i ei levande samtaleskildring av desse Gudslengtande einebuarane. Han spurde seg om kva som er det ytste målet i livet, og konkluderte med at det var å står for Guds trone i paradis. Men vi menneske er ikkje komen dit under våre jordiske kår. Difor vart det naudsynt å ha eit midlertidig mål for auge. Cassianus fann at det høgste jordiske mål eit menneske kan strekkje seg etter er det reine hjarta.

Ikkje slik at ein sjølv kan lyfte seg inn i himmelriket ved eiga innsats. Men Gud ser til hjarta, og til vår lengting og overgjeving. Då kjem Kristus oss i møte med milde ord, og seier: Gå med fred, di tru har frelst deg (Lukas 7,50). Så lat oss gje oss over til nåden og til Guds milde dom, i tillit og tru, og med forbøn for alle menneske.

Advertisements