Memento Mori

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 47

Fredag Åp 20, 11-13

Og eg såg ei stor, kvit trone og han som sat på trona. Jorda og himmelen flykta bort frå hans andlet, og dei fanst ikkje meir. Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor trona, og bøker vart opna. Og ei anna bok vart opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. Havet gav frå seg dei døde som var der, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der, og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.


 

I Den katolske kyrkja feirar me Allehelgensdag den fyrste november, men dagen etter er det òg ei markering; Allesjelersdag. Då er det vanleg å gå til gravene og minnest dei som har stått oss nær, medan me les salme 130 og overgjev våre kjære i Guds hand. Me avsluttar med ei kort bøn: Herre, gi dem den evige hvile. Og la det evige lys skinne for dem. De avdødes sjeler hvile ved Guds miskunn i fred. Amen.

Dei kristne har alltid sett livet i eit dobbelt ljos, det som me lever her og no, og livet sett i æva sitt perspektiv, der den truande er foreina med og lever i Kristus, anten me lever eller dør, som Paulus seier. Dei kristnes samfunn sprenger slik dødens band, og gjer at dei døypte, både levande og døde, alltid er del av ein stor familie i Kristus.

Men det kjem ein dag. Ein siste dag, då livets bok vert opna, der tyngda av tilveret når sitt klimaks for kvar einskild av oss, dagen då me skal stå til ansvar for våre gjerningar. Kven kan stå seg på den dagen? Korleis skal eg, ein syndar med alle mine feil og manglar, min vonde vilje og sårande handlingar mot Gud, min neste og meg sjølv, korleis skal eg kunne stå for Gud åsyn til åsyn? Dei me kallar helgenar i Den katolske kyrkja var dei som erkjente si synd tydlegast. Det nyttar ikkje å skjule seg for ein Gud som ser til hjarta. «Herre Jesus Kristus, Guds Son, sjå i nåde til meg, ein syndar» seier den ortodokse Jesus-bøna, og speglar på dette viset salme 130, som spør: «Dersom du, Herre, vil gøyma på synder, Herre, kven kan då bli ståande? Men hos deg er tilgjeving, så vi skal frykta deg.» (Salme 130, 3f)

Domstekstane i bibelen driv oss mot Kristus, han som vert vår tilflukt og gjev oss tryggleik. Me vert ikkje ståande framfor Gud i eige kraft, men ved Kristi miskunn. Han er nådens segl, mi frelseshamn som eg set min lit til. Eg bur meg på domen med blikket på Krossen og håpet rotfest i løftet om frelsa.

Advertisements