Paven vaskar føtene til ein innsatt under skjertorsdagsmessa.

Paven vaskar føtene til ein innsatt under skjertorsdagsmessa.

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 47

Torsdag Jes 57, 14-16

Han seier: Bygg, bygg, rydd veg!
Ta bort kvar snublestein frå vegen til folket mitt!
Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig, Den heilage er hans namn:
I det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned, gje hjartet liv hos dei som er knuste.
For eg fører ikkje sak til evig tid og er ikkje harm for alltid.
Då ville ånda bli kraftlaus for mitt andlet,
livspusten som eg har laga.


 

Rydd og bygg! Profeten manar til omvending. Jesaja har nett lista opp all urett som Israelsfolket har drege over seg; latskap og drukkenskap, spådomskunster og lygn, avgudsdyrking, jamvel ofring av born. Likevel er ikkje alt håp ute. «Dei som tek si tilflukt til meg, skal arva landet og ta mitt heilage fjell i eige.» (Jesaja 57,13) Men då må noko skje. Då må det endring til!

Profet-orda til Jesaja er ikkje fortid, men rungar også i vår tid, av nye røyster som tek over oppgåva og ansvaret for å halde fram Guds rettferd. Ei av dei tydelegaste og mest høyrde stemmene i vår tid er pave Frans si røyst, som med enkle bilete og djup solidaritet med dei fattigaste manar til fornying. Under eit møte den 10. november der  rundt 2.200 representantar for heile den katolske kyrkja i Italia var samla sa han: «Me lever ikkje i ei tid i endring, men i ei tid for endring.» Han tala om korleis Kristi andlet kjem til syne i alle dei fattige, dei undertrykte, dei som ikkje har meir att, og slo fast: «Gud har kledt seg med deira andlet. Og det andletet ser no mot oss.»

Skal me finne rikdomen i den evangeliske gleda, heldt pave Frans fram, skal me sjå fylden av Gud i våre liv, då må me vere villige til å gå inn i den same sjølvoppofringa som Gud sjølv gjekk inn i ved sin solidaritet med det mest sårbare i det menneskelege og ved sitt offer i Kristus.

For det er jo denne overgjevinga paven peikar på som er kjernen i heile Evangeliet, summen av heile Jesu lære og liv, og det endelege mål i kristenlivet. Kva skal me så overgje? Me kan overgje det me held mest i, – vårt ego og vår sjølvsentrerte kvardag, vår frykt, vårt behov for tryggleik, våre travle agendaer og ambisjonar, vårt sinne og vår gretne veremåte, alt som gjer at me står einsame og utestengd… Det er nok å ta tak i. Bygg, bygg, rydd veg! For i det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.

Advertisements