Vår på Iona br HSN ©P

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 47

Onsdag Luk 21, 29-36

Så fortalde han dei ei likning: «Sjå på fikentreet og alle andre tre! Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»


 

På måndag mediterte me over korleis den åndelege røyndomen er nærverande i kvardagen og møter oss der me står og går. I dag brukar Jesus kvardagslege bilete for lyfte fram dei åndelege realitetane me står i. Jesus brukar kvardagen som referanse og inngang for å tydeleggjere det han ynskjer å vise oss.  Likningane leier oss til bodskapen gjennom daglegdagse bilete som talar sterkare, som når djupare og som viser oss klårare det som ligg bakanfor orda, det som er sjølve Ordet. Det ein ikkje kan seia, det skal ein syna, seier Jon Fosse i boka «Mysteriet i trua» i det han refererer til Wittgenstein. Den sterke litteraturen syner det useielege. Det er dette Kristus gjer i likningane. Han syner oss sanninga i staden for å sei det. Han let oss oppdage Gud gjennom kvardagsikon som peikar på det bortanfor.

Det finst ikkje noko i intellektet som ikkje fyrst har vore i sansane, seier Thomas Aquinas. Med det tydeleggjer han korleis den materielle verda opnar for Gudserfaringa. Gjennom våre levde liv, gjennom naturen og kulturen, gjennom liturgi, song og tilbeding kjem Gud oss i møte. Sjå lauvet, seier Jesus, sjå knoppane som skyt, du kan då ikkje unngå å merke teikna? Dette er sikker kunnskap, og like sikkert er det at Guds rike er nær. Det har det vore i to tusen år, for ingen veit dagen eller timen. Denne bivrande nerven i trua formar kyrkja sitt liv, som ser mot Gudsriket som skal kome. Kristenlivet vert prega av vake og bøn. Ikkje i angst og uro, utryggleik og tvil, men i glede, i handling, i mot og kraft. Kristen vake er både vaktsam og tillitsfull, alltid på utkikk etter å leve ut Kristus i kyrkja som er hans lekam, og i våre daglegdagse handlingar. Me er føter, hender og munn for Ordet. Det gjev grunn til å vake og bøn.

Advertisements