Røde kors på Operataket, med 935 personer som deltar. Kilde: Bergens Tidende

Røde kors på Operataket, med 935 personer som deltar. Kilde: Bergens Tidende

 

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 47

Tirsdag Sal 40, 12-18

Herre, du vil ikkje
halda di miskunn tilbake.
Din truskap og di sanning
skal alltid verna meg.

For tallause ulukker omgjev meg,
mine synder har nådd meg att,
eg kan ikkje sjå.
Dei er fleire enn håra på hovudet,
motet har svikta meg.

Vis godvilje, Herre, og fri meg ut!
Herre, skund deg og hjelp meg!

Lat alle som står meg etter livet,
bli til skamme og til spott!
Lat dei som vil meg vondt,
dra seg tilbake utan ære!

Dei som ler og håner meg,
skal bli slegne av skam.

Lat alle som søkjer deg,
fryda og gleda seg i deg!
Lat dei som elskar di frelse,
alltid seia: «Stor er Herren!»

Men eg er hjelpelaus og fattig.
Herren skal tenkja på meg.
Du er mi hjelp, du bergar meg.
Dryg ikkje lenger, min Gud!


 

Salmisten skriv om sine prøvelsar. Ein som er herja av ulykker, prøvelsar både utanfrå og innanfrå. Det er avmakt i orda, naud og fortviling, blanda med håp, tillit og mot til å kaste seg mot Herren. Det er denne vekslinga som gjer salmenes bok så slitesterke. Dei er universelle. Dei femner spennet i livet, og held aldri tilbake når det står på som verst. For salmisten er trygg på at Gud toler alle våre kjensler!

Korleis har du det i livet ditt? Er denne bøna dine ord? Ropar du til Gud om hjelp, er du i naud? Skrik du etter vern og Herrens godleik? Eller brytast du med samvitet som minner deg på synd? Har du noko du ber på som du treng å gjere opp med? Eller vert du kanskje halden nede av andre, kanskje nokon som står deg nær? Får du vere deg sjølv i kvardagen? Tør du vende blikket til Gud med håp i di eiga avmakt? Kjenner du glede over Herrens miskunn i din eigen fattigdom?

Men kanskje lever du trygt, har fått rikeleg med Guds signing i ditt tilvere? Har du ein god trygg heim, stabil økonomi og fred i sinnet? Eg les salmen og tenkjer på dei mange tusen flyktningane som i desse dagar kjem til vårt land. Dei har trossa fare på sjøen og langs vegane, somme har mist dei dei er glade i, dei har gått blindt på ein veg der ein ikkje kan stole på nokon. Til slut har dei kome hit til Noreg, og no står dei avmektige og veit ikkje kva framtida vil gje.

Kan hende er det din tur til å gje noko tilbake til Gud? Er det du som skal opne døra di for nokon som faktisk treng husrom, ikkje berre den daglege utgåva av Vårt Land? Kanskje du skal bli flyktningeguide eller ressursperson ved eit flyktningemottak? Røde Kors søkjer i desse dagar etter menneske som kan hjelpe.

Ta deg fem minutt og tenk over Guds miskunn for deg. Er tida komen for å gje vidare av det du har fått?

 

Advertisements