Faith

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 47

Mandag: Apg 27, 33-38

Medan dei venta på at det skulle gry av dag, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet. Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.» Då han hadde sagt det, tok han eit brød, takka Gud framfor dei alle, braut det og tok til å eta. No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat. Vi var i alt 276 menneske om bord. Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.

Teksten i dag tek oss med på eit maritimt drama som spenner over fleire veker. Paulus er på veg frå Cæsarea til Roma for å prøve si sak for keisaren. Dei legg ut på seilas seint på året, og seglar i le av øyer der dei kan. Teksten osar av kvardagslege maritime uttrykk. Under ein forrykande storm må dei dumpe skipslasta, dei senkar råa, loddar djupna, og kastar fire anker ut frå bakstamnen når dei endeleg får landkjenning. Det er berre den som sit med personleg erfaring frå segling som kan ordlegge seg slik, -ein som veit noko om kva livet på sjøen eigentleg er.

Etter fjorten dagar er mannskapet utmatta og avkrefta, og Paulus insisterer på at dei må få seg mat. Han bryt brødet og bed takkebøna før han sjølv byrjar å ete. Det eukaristiske måltidet ligg som eit skjult teikn mellom linjene. Gjennom Paulus står Kristus der, som ein klippe midt i stormen og lovar berging og tryggleik, og den signa næringa gjev nye krefter som gjer at dei kjem vel i hamn til slut. På eit furet skipsdekk ein sein nattetime er Gud til stades, midt i blant dei.

Eg ser skjulte parallellar til vår eiga tid. På Odd Nordstoga si nye låt «Diesel og bensin» finn me ei vakker skildring av korleis kjærleiksgnisten blussar opp  mellom støv og eksos langs landevegen. «Det var diesel og bensin som førde meg til deg. Du sto der etter vegen, og så sat du på med meg…» Det er skitt under neglene og olje på bukselåra, men det hindrar ikkje sjela i å blussa opp i skjelvande lengting og glød.

Slik er det også med trua. Anten det er til sjøs eller etter landevegen, i den urbane uroa eller på bygda er det midt i livet at Gud kjem oss i møte. Det er midt i kvardagen at kjærleiken faldar seg ut. Den åndelege røyndomen openberrar seg ikkje i ein eigen sfære, som noko utanfor, som noko avstengd, men mitt i min eigen kvardag, i møta, i sukka, i Anden som ber i oss. Det er Emmanuel som er komen – Gud med oss.

Advertisements