Kva plass har trua på absolutt sanning i vår tvilande tidsalder?
På trykk i spalta I god tro i klassekampen 12/11-2015
Under ein Ex.phil.-eksamen på 90-talet skulle ein student sitere ei kjend utsegn av Descartes: Cogito ergo sum – «eg tenkjer, altså er eg». Men i nervøs eksamensfeber kom stakkaren i skade for å blande inn den før-kristne filosofen Heraklit. Resultatet sto til stryk: Cogito ergo panta rei – «Eg tenkjer, altså flyter alt!» Eg spør meg om det forvirra sitatet likevel uttrykker ein grunntone i vår relativistiske tid: Alle kan få meine kva dei vil, og tru det dei vil, berre ein ikkje hevdar ei absolutt sanning. For det er nett dette som synest å vere vår tids dogme. Det er absolutt sant at det ikkje finst absolutt sanning.
Då er det tryggare å tvile. Håvard Nyhus skriv i Vårt Land (07.11.15) om tvilen som vår tids mote, noko som opnar for uforpliktande metafysikk som tek eggen av det absolutte. Han refererer til både De Lillos siste plate med «Tvilen er min venn» og Alf van der Hagens siste bok, «Meningen med livet? Dialoger om tro». Det er tvilsamt om låta til De Lillos vert ein suksess, men boka til Hagen ber i seg skildringar av meir eller mindre artikulert tru frå kjende og ukjende menneske som søkjer og som på vekslande vis finn feste i noko utanfor seg sjølv. Intervju-objekta vitnar på variert vis om si eiga Gudserfaring, det er sårbart og tidvis famlande. Slike skildringar har eg stor respekt for, fordi dei speglar noko av den lengselen som eg kan kjenne att i mitt eige indre. Men det kan bli for mykje tvil òg. Når Tom Arne Møllerbråten lanserar si nye bok «Tro under tvil» og hevdar at det trend å skrive om nettopp tvilen kjenner eg det byrjar å toppe seg. Eg ender opp med ei kjensle av at tvil vert handsama som tru og innsikt nok i seg sjølv.
Spranget vert stort frå dette tvilsorienterte landskapet til min eigen orden, Ordo Fratrum Praedicatorum -preikebrorordenen, som har som sitt hovudmotto Veritas – Sanning. Den 7. november feira dominikanarane opninga av 800-årsjubileet som varar heilt fram til 21. januar 2017. Såpass lenge ynskjer me å markere vår orden som i så stor grad har vore med på å forme vestleg trus- og tankegods. Thomas Aquinas artikulerte det teologiske og filosofiske grunnlaget for gudstru og sanning gjennom sitt veldige arbeide «Summa Theologica». Han henta visdom frå mange kjelder, og siterte både Aristoteles (fjerde århundre f.Kr), den jødisk rabbien Moses Maimonides og den muslimske filosofen Averroës (begge frå 1100-talet). Med dette viste han korleis sanning ikkje avgrensar seg til ein kristen trushorisont, men openberrar seg der den vil. Aquinas sto sjølv i ein ung tradisjon som hadde sitt opphav i Dominikus de Guzman, ein kannikmunk og prest som arbeidde for biskopen av Osma i Nord-Spania. Då Dominikus under ei biskoppeleg reise slo inn på ei vertskro i Toulouse kom han i prat med kroverten som viste seg å vere albiginar og dermed kjettar. Vår ordensgrunnleggar gjekk ikkje ut med trugsmål og tvang, misstru eller forakt, men samtala natta igjennom i noko som må ha likna ein sokratisk dialog, og når morgon grydde såg også kroverten Kristi ljos på fordjupa måte.
Vel trudde Dominikus på sanning, men han var viss på at denne kan ikkje pressast på utanfrå, sanning er erkjenning som veks og utfaldar seg innanfrå, og som er tilgjengeleg for alle, slik det speglar seg i den dominikanske målaren Fra Angelico på 1400-talet, som måla venleik og sanning ved himmelsk vakre penselstrøk. Og når ein veks i overtyding om at noko er sant og godt, då vert ein og styrkt i kampen for det ein trur på. Dette gjaldt for seinare ordensbrør, som Francisco de Vitoria (død 1546) og Bartolomé de las Casas (1474–1566), som båe var viktige bidragsytarar til menneskerettane. Ved FN’s hovedkvarter står statua av Vitoria med påskrifta: Fundador del derecho de gentes – Grunnleggaren av folkeretten. Rotfest i si gudstru hevda dei at mennesket er ukrenkeleg, og krev absolutt fridom og respekt. Denne overtydinga er i dag allemannseige.
Sjølv trur eg på absolutt sanning, som har sitt feste i den treeinige Gud. Det er her eg hentar håp og livskraft og finn styrke for kvardagen. Det vil ikkje sei at eg rår over sanninga og hevar meg over andre. Eller som eg sa til ein god ven av meg: Når eg døyr er ikkje spørsmålet om eg tok feil, men kor feil eg tok. Paradoksalt nok rokkar ikkje dette ved trua på sanning. Eg tek med meg trua inn i det offentlege rom, og utfordrar gjerne vår tids tvilsame dogme.

Bronsestatue av pater Francisco de Vitoria OP, gjeven til FN som gåve frå Spania av kong Juan Carlos under eit offisielt besøk til FN i 1976 24/May/2006. UN Photo/Mark Garten. http://www.unmultimedia.org/photo/
Fint innlegg Haavar. Kari
Den 12.11.2015 07:50, skrev bror Haavar Simon:
> spjot posted: » Kva plass har trua på absolutt sanning i vår tvilande tidsalder? På trykk i spalta I god tro i klassekampen 12/11-2015 Under ein Ex.phil.-eksamen på 90-talet skulle ein student sitere ei kjend utsegn av Descartes: Cogito ergo sum – «eg tenkjer, » > >
Hei
Ble bare litt nysgjerrig siden du refererer til min bok «Tro under tvil», har du egentlig lest den? Føler vel at du bommer litt på hva den handler om.
Tom Arne Møllerbråten
Har berre lest kortare utdrag, og burde truleg vore meir varsam med å ytre meg om innhaldet før eg har lese heile. Det ber eg om orsaking for.
Lykke til med boksalet. br Haavar S
Takk for det. Det er ingen stor sak for meg, men jeg tror nok ikke du ville brukt boken slik hvis du hadde lest hele. Boken handler om å være ærlig om sin tvil, slippe den fram og ta den inn i troens fellesskap og i kirken. Ikke for at tvilen skal erstatte troen, men fordi jeg tror at ærlighet er eneste veien å møte Gud på. Hvis du leser boken og fortsatt mener jeg slår et slag for et tvilsdogme, tar jeg gjerne en samtale om det. Alt godt!
Eg skaffar meg boka, så ser me 🙂 Dominikanerordenen har Veritas (sanning) som hovudmotto, eit omgrep som også inneber å sjå sanninga om tvil og uvisse i sitt eige indre. Som du seier, vegen til Gud går gjennom å vere ærleg… Alt godt, bror Haavar S.