Hortus_Deliciarum_-_HelveteNotto Thelle ynskjer å rydde opp i vår lesing av bibelen, og korleis me skal tolke skildringane av helvete. Hans innlegg er lagt ut på Verdidebatt.no den 26. oktober under tittelen «Et oppgjør med helvete«.

Under fylgjer mitt innlegg, på trykk i Vårt Land 28. oktober 2015

Notto R. Thelle skriv den 26. oktober informativt og poengtert om dei bibelske framstillingane av helvete. Men vert me eigentleg noko klokare? Eg noterar meg ei rekke viktige premissar for sunn bibellesing, men det eine nødvendige ligg att ein stad mellom linjene, nemleg det eg treng å vite: Har eg noko å frykte? Er helvete ein realitet som eg kan hamne i?

Ein katolsk prest gjekk ein gong forbi ein av dei meir karismatiske fellesskapa i hovudstaden, og ein ung mann som såg prestesnippen sprang bort til han, greip han i jakkeslaget og ropa opp i andletet på han: «ER DU FRELST?» Den fortumla pateren såg på han med skrekk i augo og ropte tilbake: «EG VEIT IKKJE!»

Denne småabsurde hendinga seier i grunn det heile om katolsk syn på dommen. Me lever i håpet om frelsa, i vissa om Guds godleik, og med alvoret som fylgjer menneskets frie vilje. Dette speglar seg i liturgien. Kvar morgon syng brørne i St Dominikus kloster invitatorium som opning på dagens fyrste tidebøn. På kvardagar syng me alltid salme 95. Denne endar med desse linjene:

I førti år var jeg harm på denne slekt. Jeg sa: Deres hjerter er forherdet, de kjenner ikke mine veier. Så svor jeg i min vrede: De skal ikke gå inn til min hvile.

Er dette skremsle og trugsmål om helvete? Nei, det er ei skvær påminning om at mennesket skal stå til rette for sine val. Dommen høyrer Gud til, men dagen og vala eg tek er ikkje meiningslause eller likegyldige. Eg lever under nådens segl, det einaste trygge eg har å klamre meg til. Å ta frelsa og den endelege utfriinga som noko sjølvsagt vil eg likevel ikkje anbefale eit menneske som har gjeve seg inn på trua sin veg. Metropolitanen for den gresk-ortodokse kyrkja i England, Kallistos Ware, fekk tydeleggjort denne eksistensielle nerven som fylgjer truslivet, då han under eit foredrag sa: «Kan me vite at helvete er tomt for folk? Nei, det kan me ikkje. Kan me håpe at helvete er tomt? Ja, det kan me.»

Enn kor mykje eg ynskjer å sjå helvete tom for sjeler kan eg ikkje ta det som noko sjølvsagt. Det er like uklokt som å ta kjærleiken for gjeven. Livet er ei gåve som me må verje om, og omsorga me forvaltar og deler mellom oss krev pleie og vern. Vår kjære medbror, Arnfinn Haram, døydde den 10. juni 2012. Før han døydde på ein skogsveg i Nordmarka rakk han å feire si siste høgmesse i klosteret.  Lat bibeleksegetar og teologar manøvrere seg fram mellom bibelvers og ymse teologiske akrobatøvingar. Når det kjem til stykket kan eg berre støtte meg til nokre av dei siste orda Arnfinn sa i preika før han gjekk domen, håpet og nåden i møte:

«Ein dag – ein dag som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går – skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då.»

Advertisements