Jesu hudstyking Copyright bror Haavar S

29. søndag i det alminnelege kyrkjeåret år B

Det er misjonssøndag i dag, og me vert minna på at me er dei utsendte. Me skal vitne, både i ord og i levd liv, om den gode bodskapen om frelsa i Jesus Kristus. Det er eit paradoksalt vitnesbyrd. Me vitnar om øvstepresten (ypperstepresten) som triumferer i herlegdom og velde, han som tronar over alle makter, og sit ved høgre handa åt Gud Fader. Det er dette me vedkjenner i vårt Credo, og heile den liturgiske feiringa lyfter fram Herren som har fått all makt og ære, og som leier oss inn i den næraste fellesskapen med Gud.

Men dette er berre halve vitnesbyrdet. For Kristus kviler aldri berre i storleik. Jesaja femner paradokset om Jesus når han held saman motsetnadane: «I det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.» (Jes. 57,15). Triumf er alltid fylgd av sjølvoppofring. Den lidande tenaren tek på seg børa for alle. Den tronande er også den sonande.

Når Sebedeus-sønene kjem til Jesus kan me ane at dei ser mest mot den triumferande Kristus. Desse tordensønnene er så ivrige, og vil være nær sin Herre når Guds rike har vunne fram, slik dei er nær han no. Frekt, tenkjer dei andre disiplane. Tenk å presse seg på slik? Dei vert indignerte, ja rett ut opprørte over deira framfusne forslag. Det er lett å kjenne att den same indignasjonen i eige liv. Me vert så lett indignerte av andre, og de nærare dei står oss, jo meir rett meiner me å ha til å kritisere. Men Jesus møter både disiplane og dei to som spør så frimodig med same milde tone.

Til disiplane forklarar han korleis dei skal leie den kyrkja Herren vil innstifte. Ja, for dei er jo alle leiaremner, utvalde til å leie den fyrste misjonerande kyrkja. Ikkje med makt, seier Jesus, men som tenarar! Og han demonstrerer nett dette i måten han svarar Sebedeus-sonene. Han iretteset dei ikkje med strenge ord denne gongen. Det måtte han gjere når dei, overivrige som dei var i si misjonsgjerning, ville sende eld ned over ein samaritansk landsby fordi dei ikkje omvende seg. Nei, denne gongen spør han berre om dei er innstilt på å gje det offer som Kristus sjølv gjev. Kan de drikke mitt beger, og ta i mot den same dåpen som eg får? Dei svarar frimodig «Ja, det kan me», ivrige som alltid, utan ein gong å stille spørsmål om kva dette eigentleg inneber.

Men me forstår Jesu ord. Kalken og dåpen er teikna på den djupaste sjølvoppofringa, symbol på eit drama som peikar inn mot, og gjennom døden. Herren har vist oss vegen som leier til Gud. Det går ein kongsveg gjennom øydemarka, gjennom det tilsynelatande ufruktbare og livlause. Det er der Gud sender sin eigen Son, og det er der Kristus i dag peikar når han underviser disiplane sine i ord og gjerning.

Å vere vitne om Evangeliet inneber å leve som tenar. I ei samtale med nokre studentar spurte eg kva dei tenkte på når dei høyrde dette uttrykket, ein tenar. Ein av dei unge mennene svara med eit eksempel frå militæret. Dei leiarane, sersjantar og løytnantar, som peika seg ut som dei beste, var dei som evna å vise omsorg og gå i bresjen for troppen sin. Dei beste leiarane hadde altså ei omsorgsfull haldning. Misjonsoppdraget me har fått er rotfest nett i dette å vise omsorg for dei me møter. Det er ei livshaldning som me er kalla til å vekse i. Me kan alle leve ut venskap, ikkje berre med dei me vel å stå nær som vener, men ovanfor alle menneske.

Kristus møter både Sebedeus-sonene og resten av disiplane med denne djupe venlege haldninga, og seier så – gå ut og gjer det same. Ikkje gå ut og vær høfleg, eller sympatisk. Gå ut og vis omsorg. Ver ein ven.

Lat oss be for Kyrkja, at ho, gjennom våre levde liv, må gje eit levande vitnestbyrd om kjærleiken som har si kjelde og sitt mål i Gud.

Advertisements