Religionsvandring mellom synagoge, kyrkje og moske, her med eit lite knippe av gruppa som var med. Frå venstre: Knut Refsdal - generalsekretær i Norges kristne råd, kulturminister Thorhild Widvey, Anne Sender - Det mosaiske trossamfunn og leder i sekretæriatet i STL, Helge Simonnes - sjefsredaktør i Vårt Land, Torri Pedersen - sjefsredaktør i VG, Kjersti Marie Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Religionsvandring mellom synagoge, kyrkje og moske, her med eit lite knippe av gruppa som var med. Frå venstre: Knut Refsdal – generalsekretær i Norges kristne råd, kulturminister Thorhild Widvey, Anne Sender – Det mosaiske trossamfunn og leder i sekretæriatet i STL, Helge Simonnes – sjefsredaktør i Vårt Land, Torry Pedersen – sjefsredaktør i VG, Kjersti Marie Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Widveys religionsvandring kan styrke banda mellom tru og media.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 15.10.2015

I sommar gjekk Thorhild Widvey til Nidaros i multireligiøst fylgje. I dag byr kulturministeren på pilegrimsvandring midt i Oslo sentrum. Ruta går frå synagoge til kyrkje til moské, og med i fylgjet er sjefsredaktørar og pressefolk frå landets store mediakanalar.

Denne vandringa er eit initiativ som sprang ut av den interreligiøse vandringa som Widvey drog i gong like før Olsok i sommar. Då gjekk kristne, muslimske og jødiske leiarar, ungdomsleiarar og samfunnsdebattantar over Dovre til Nidaros. Her vart nye band knytte, og denne gruppa som eg sjølv var ein del av fekk utveksle erfaringar om korleis truande av andre konfesjonar opplever kvardagen. I etterkant spurte sjefsredaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, om ikkje det ville vere høveleg å ta med mediafolket på ei liknande multireligiøs vandring, og viser til at ein ikkje lengre finn livssynsredaksjonar i media som held seg orientert i det religiøse landskapet. Kulturministeren sjølv seier i eit intervju til Vårt Land at ho håpar å «bidra til økt dialog, interesse og bedre kildetilfang på livssynsfeltet» (VL 02.10).

Men kvifor slepe med seg Thor Gjermund Eriksen frå NRK eller Torry Pedersen frå VG til ei religiøs vandring når me veit at kristendomen er på vikande front her i landet? I boka Religionens tilbakekomst i offentligheten? (2015, red. Inger Furseth) kjem det tydeleg fram at stadig færre trur på Gud. Folkekyrkja har færre medlem, og gruppa av menneske som står utan tilhøyrsle i trus- og livssynsfelleskap vert fleire. Ein kan spørje om det er grunnlag for dette arrangementet, kan hende vert det berre ein media-jippo av og med mediafolk regissert av ein statsråd?

Les ein vidare i forskinga til Furseth er det likevel mykje som tyder på at me treng å styrke banda mellom tru og media. For der kristentru har vorte tona ned, har det breiare omgrepet religion fått eit oppsving. Me finn ei innhaldsmessig endring frå kristendom til religion. Det er særleg islam som får auka spalteplass i avisene, og då gjerne med negative forteikn. Me lever i ei tid med auka sekularisering, men der religion stadig vert meir synleg i det offentlege. Forskinga melder at islam lett hamnar i skurkerolla i dei konfliktorienterte avisene, medan «feel good»-kristentru og -spiritualitet sel godt i velvere-orienterte livsstilblad. I ei tid der livssynsmangfaldet aukar trengst det òg auka kunnskap og kjennskap til dei religiøse miljøa som veks fram. Her har journalistane ei nykelrolle, noko Hilde Kristin Dahlstrøm, lektor på NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, understrekar i ein kommentar til Vårt Land (02.10). Ho meiner journalistars nærkontakt med muslimske miljø er naudsynt, både for å skildre røyndomen i desse samfunna, og for å bygge eit nettverk som opnar for betre innsikt og meir spennande journalistikk. Ho peikar vidare på at ingen står på nøytral grunn når det gjeld livssyn. Alle stiller likt, i det alle trur på noko. Dette har også Stålsett-utvalet tatt høgde for i utreiinga i 2013, der livssyn omfattar både det religiøse og det sekulære.

Ettersom det religiøse mangfaldet aukar, vert dei som tek pulsen på samfunnet utfordra til å sjå livssynsspennet me står i. Behovet for kunnskap om religion viste seg til dømes tydeleg under karikaturstriden, der spørsmålet om ytringsfridom versus religiøs krenking vart debattert både nasjonalt og på verdsbasis. Då eg for eit par år sidan sjølv stilte meg negativ til blasfemiske ytringar under eit intervju i TV2 fekk eg meir sendetid enn eg kanskje var budd på. Ytringsfridom og vyrdsam haldning til annleis-truande vart sett opp mot kvarandre som uforeinlege motpolar. Kanskje byvandringa i dag kan vere dei fyrste skritta på veg mot eit meir nyansert perspektiv som kan spegle seg i offentleg debatt?

For å kome vidare i dette arbeidet har òg trussamfunna eit ansvar for å formidle eigne interesser og perspektiv. Religiøse leiarar, skribentar og eldsjeler treng å styrke evna både til å ytre seg i klartekst innåt i eigne rekker, og til å formidle seg tydeleg gjennom i media. Mediatrening og eit godt nettverk inn i redaksjonane bør vere eit mål for alle religiøse organisasjonar, ikkje minst dei gruppene som får dei mest kritiske vinklingane.

Må Gud signe dagens pilegrimsfylgje og stega faste og sterke på veg mot eit tryggare trusmangfald.

Religionsvandring i Oslo - i synagogen

Religionsvandring i Oslo, frå synagogen.

Frå synagogen. Foto: Kjersti Løken Stavrum

Frå synagogen. Foto: Kjersti Løken Stavrum

 

Kulturministeren og imamen i moskeen til Central Jamaat-E Ahl-E Sunnat Norway.

Kulturministeren og imamen i moskeen til Central Jamaat-E Ahl-E Sunnat Norway.

Frå moskeen. Alle måtte få med seg bilete :-) Foto: Kjersti Løken Stavrum

Frå moskeen. Alle måtte få med seg bilete 🙂 Foto: Kjersti Løken Stavrum

 

 

 

Advertisements