Den gode samaritanen av Rembrandt (1630) Kilde: Wikipedia

Den gode samaritanen av Rembrandt (1630)
Kilde: Wikipedia

Det er ikkje flyktningane som treng oss. Det er me som treng dei.

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 17.09.2015

Me tenkjer så lett at det er me i dei velståande europeiske landa som sit på ressursane, og som er dei som deler av våre gode. Det er ein einvegslogikk me har godt av å utfordre.

Alle kjenner biletet av tre år gamle Aylan, som vart funnen i strandlinja med hovudet i sanda. Han vart eit synleg uttrykk for den tragedien som millionar av syrarar har hamna i, og som no har ringverknader i heile Europa. Biletet av Aylan har vorte eit ikon, og dette vitnesbyrdet om tragedien har påverka haldninga til flyktningar i dei europeiske landa. Mange statar har opna for auka flyktningekvoter, og me opplever ei brennande, folkeleg vilje til å hjelpe til. Det er som om lydmuren er broten, og dei fortvila stemmene har nådd inn til hjarta, også hjå oss.

Samstundes vert det drøfta korleis me skal kunne hjelpe. Ein snakkar om kva mengd flyktningar ein kan klare å ta i mot, ein høyrer argument om nytteverdi og kulturelt mangfald, om moralsk ansvar og plikt til å dele av godane. Me opplever eit breitt engasjement i Noreg, med kulturdagar og innsamlingsaksjonar, og me ser eit politisk press frå grasrotplan for å auke mottaket av syrarar.

På den andre sida står dei som meiner me ikkje har kapasitet til å hjelpe den stadig veksande straumen av trengande, eller det vert hevda at ein må hjelpe flyktningane i nærområdet. Talet på flyktningar i og frå Syria understøttar argumentet. Av 20 millionar innbyggjarar i Syria er 12 millionar på flukt, 8 millionar internt i landet, 4 millionar har flykta til nærliggande land. Når vi veit at berre nokre få hundre tusen flyktningar finn vegen til Europa, er det eit forståeleg argument. Det monnar ikkje mykje å opne våre landegrenser, dei største behova finn me i og nær Syria.

Men flyktningdebatten handlar om meir enn tørre tal og nytteeffekt. Det handlar om oss sjølve. Det handlar om korleis me ser på dei rundt oss. Den syriske flyktningekrisa utfordrar oss, og pressar fram spørsmålet om korleis me relaterer oss til dei som treng hjelp, korleis me ser på vår neste.

Situasjonen me står i minner om forteljinga om den miskunnsame samaritanen som me kan lese om i Evangeliet etter Lukas 10. kapittel. Forteljinga er eit tilsvar Jesus gjev ein lovkunnig som vil vite kven som er nesten hans. Jesus svarar han ved ei likning; forteljinga om ein vegfarande som vert mishandla av røvarar. Dei kler av han og tek alt han eig, og let han liggje att halvdød i vegkanten. Sidan kjem ein prest gåande, men vegrar seg for å hjelpe og går hastig vidare. Det same hender når ein levitt kjem, han òg går utanom og vil ikkje involvere seg. Det er til slutt ein samaritan som tek ansvar for den ukjente, gjev han fyrstehjelp og får han i hus, og som dekkjer alle kostnader for den ukjente. At det er ein samaritan som bergar mannen er eit stikk til det etablerte jødiske samfunn på Jesu tid. Samaritanarar vart sett på som sekteriske, og utanfor det gode selskap. At det er nett han som viser omsorg er eit spark til alle som meiner seg betre enn andre.

Men det som særleg utfordrar i denne forteljinga er skildringa av den uheldige mannen. Sidan han ligg der naken, utan eigendelar, er han heilt anonym. Han er berre eit menneske. Presten og levitten går soleis forbi ein mann som kunne vore ein av deira eigne. Dei set sine eigne behov og fordomar over andre framfor eit menneske i ytste naud. Dei vel bort eit anna menneske. Den lovkunnige spør Jesus: «Kven er så min neste?» Svaret viser tilbake til han som spør. Din neste er han som du gjer til din neste. Presten og levitten ser ikkje sin neste, dei vel det bort. Samaritanen vel å sjå sin neste i mannen som lid.

Dei syriske flyktningane treng all hjelp dei kan få, både i nærområda og her hjå oss. Dei står i same situasjon som mannen som samaritanen finn, og vil døy om dei ikkje får hjelp.  No spør våre syriske systrer og brør oss: Kven er me? Presten, levitten eller den miskunnsame samaritanen som stoppar for mannen i vegkanten. Kven er min neste?

Dersom me let flyktningar drukne i våre kvardagslege gjeremål og luksusbehov er me både prest og levitt. Samaritanen gjekk den lidande i møte, og fekk jord og blod på hendene. Har du helsa på flykningar ved eit mottak? Samaritanen la att to denarar for pleie av den sjuke, men med lyfte om å betale meir om det trengtes. Kva ofrar me av vårt eige for dei som treng vår hjelp no? Skal me vise oss som eit verkeleg ressurssterkt samfunn må me engasjere oss og støtte dei svakaste, både menneskeleg og materielt. Elles vil det kanskje vise seg at det er vårt samfunn som er det svake.

Advertisements