VigelandsparkenTekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 36

Lørdag: 2. Sam 6,1-5

Enda en gang samlet David de beste mennene i Israel, tretti tusen mann. 2 Han brøt opp med hele sin hær og dro til Baala i Juda. Derfra ville de hente Guds paktkiste, som bærer navnet til Herren over hærskarene, han som troner over kjerubene. 3 De satte paktkisten på en ny vogn og førte den fra Abinadabs hus på høyden. Abinadabs sønner, Ussa og Ahjo, kjørte den nye vognen. 4 Slik førte de Guds paktkiste bort fra Abinadabs hus på høyden, og Ahjo gikk foran kisten. 5 David og hele Israels hus danset og lekte for Herrens ansikt, og de sang til toner fra lyrer og harper, trommer, kastanjetter og symbaler.

 


 

I etterkant av den store reforma som fann stad i Den katolske kyrkja under andre Vatikankonsil på sekstitalet vart ymse liturgiske formspråk prøvd ut. Mellom anna fekk liturgisk dans eit oppsving, og messefeiringa vart i enkelte miljø prega av eit meir livleg uttrykk. Med tida har kyrkja stort sett funne tilbake til sitt klassiske liturgiske formspråk, der ein går inn til messeferinga i prosesjon, leia av røykelse og kross, av ljos og song. I tilbeding og bøn brukar kyrkjelyden kroppen aktivt; Dei truande sit, står og kneler, teiknar seg med krossens teikn samstundes som dei rettar merksemda mot hovudpersonen i dette guddommelege teateret, nemleg vår Herre og vår Frelsar som kjem oss nær i ord og sakrament. Me veit ikkje korleis David og fylgje hans tedde seg, men felles for dei truande både då og no er den gleda og det djupe alvoret som set sitt preg på alle trussamfunn der Gud kjem nær. Ei kvar gudsteneste er gledsfull høgtid, ei heilag stund som lyfter oss til djupare foreining med vårt livs fundament.

Slik fylde av glede og liv pregar heile kyrkjehistoria, og speglar seg i skriftene frå Israelsfolket. For å forstå det religiøse uttrykket må me heilt tilbake til vårt eige opphav, til tida før tida, då Adam og Eva levde i ubroten einskap med sin skapar. Dei vandra i fridom med Gud, tenkte sine tankar, levde ut sine kjensler, og skjulte ikkje sine handlingar. Dei svinga seg med Herren og med kvarandre, fritt og frydefullt.

Men då brotet kom, når dansen tok slut, då var det Gud sjølv som freista å leie mennesket tilbake til einskap med seg sjølv, tilbake til den heilage dansen som gjer mennesket heilt. Lett ditt samvit, lat sanninga gjere deg fri. Tak handa mi, seier Herren til si brur som han har kledt i skinande lin (Joh. op. 19,7).

Advertisements