Lamentation of St Francis Fra AngelicoTekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 36

Fredag Salme 142,2-8

Jeg roper høyt til Herren. Jeg ber til Herren om nåde. 3 Jeg øser ut min klage og forteller ham om min nød. 4 Når min ånd blir svak, kjenner du min sti. På veien der jeg går, setter de snarer. 5 Vend blikket mot høyre og se: Ingen kjennes ved meg, jeg har ikke noe sted å flykte, ingen bryr seg om meg. 6 Herre, jeg roper til deg. Jeg sier: Du er min tilflukt, min del i de levendes land. 7 Hør når jeg roper, for jeg er fattig og hjelpeløs! Fri meg fra dem som jager meg, de er for sterke. 8 Før meg ut av fengselet så jeg kan prise ditt navn! De rettferdige skal samle seg om meg, for du gjør godt mot meg.

 


 

Då Frans av Assisi låg på sitt dødsleie den 3. oktober i 1226 strauk nokre ord over leppene hans. Det var salme 142 som lydde som den siste bøna frå munnen hans. ”Høgt ropar eg til Herren, eg ber om nåde, eg auser ut min klage, og fortel om mi naud…” Han som hadde via livet sitt til solidaritet med dei fattige og trengande låg no sjølv hjelpelaus, utan anna von enn Herrens nådefulle hand. ”Du er mi tilflukt, min del i landet til dei levande”. Han vart boren av håpet og tilliten av Guds trufaste nærvær, slik han hadde opplevd det så mange gonger i livet. No sto han ovanfor den siste vandringa, og han var budd. Han gav avkall på alt.

Frans si bøn på dødsleie er eit ekko av Kristus si nattevake i Getsemane. Det er bøn i avmakt, bøn der det einaste valet ein har er å overgje alle val. For den truande er bøna sitt djupaste mål nett dette. Me tenkjer så ofte på kva me skal gjere, me tel på knappane korleis me skal bruke dei talenta me har fått å rå med, og kva me ynskjer og kva me ikkje vil. Og me ser til både høgre og venstre, og samanliknar våre talent med dei rundt oss. Ofte føler me oss fattigare enn andre.

Men Gud ser rikdomen i kvar einskild, dei talentene han sjølv har skjenkt oss. Og han kallar og seier: Gi meg det du har. Ikkje mykje eller lite. Gje meg alt. Kallet er ikkje å velje mellom dei talenta me har fått, som om livet var eit spel der det gjeld å spele korta sine rett, som skulle det vere ein stad der me smir vår eige lukke. Me er kalla til å overgje alt, og slik stiller mennesket likt. For når me har gitt alt er me alle like fattige, og likevel rikare enn me kunne drøyme om. Dette fekk Paulus innsikt i då han bad om lækjedom, og vart møtt med Guds ord som sa: ”Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.”

Advertisements