foto: Wikipedia

foto: Wikipedia

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 36

Torsdag Joh 10,22-30

Nå kom tiden for tempelinnvielsesfesten i Jerusalem. Det var vinter. 23 Jesus gikk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen. 24 Jødene flokket seg om ham og spurte: «Hvor lenge vil du holde oss i uvisshet? Er du Messias, så si oss det rett ut!» 25 Jesus svarte: «Jeg har sagt det til dere, men dere tror meg ikke. De gjerningene jeg gjør i min Fars navn, vitner om meg. 26 Men dere tror meg ikke, for dere hører ikke til blant mine sauer. 27 Mine sauer hører min stemme; jeg kjenner dem, og de følger meg. 28 Jeg gir dem evig liv. De skal aldri i evighet gå tapt, og ingen skal rive dem ut av min hånd. 29 Det min Far har gitt meg, er større enn alt annet, og ingen kan rive det ut av min Fars hånd. 30 Jeg og Far er ett.»

 


 

Jesus vandrar i Salomos søylehall på tempelplassen. Det er tida for innviingsfesten til tempelet. Ein legg mest ikkje merke til denne opplysinga Evangelieteksten. Men for Johannes er ingenting tilfeldig. Det dreier seg om den jødiske feiringa Hanukka, som vart stifta etter den jødiske sigeren over makkabearane i år 164 før Kristus. Sidan templet hadde vorte vanhelga av avgudsdyrking og ofring av svin, måtte templet reinsast på nytt. Dei ville tenne den sjuarma ljosestaken som skulle brenne i åtte dagar. Men då Israelsfolket kom attende til Jerusalem hadde dei berre lampeolje for ein dag, medan det tok åtte dagar å lage ny, vigsla olje. Dei tende lampa likevel. Underet skjedde, og ljoset brann natt og dag åtte dagar til ende. Dette er opphavet til Hanukka-festen, der dei under den åtte dagar lange feiringa tenner eit nytt ljos for kvar dag i ein niarma ljosestake, heilt til den åttande dagen, då åtte veiker i staken lyser. I midten står tenningsljoset, det einaste  av dei til saman ni ljosa en kan nytte elles i året for praktisk bruk.

På dette viset vart Israelsfolkets åndelege heim gjenvigsla for Herren, staden der Gud sjølv hadde sin bustad, der Han er som nærast. Og no står han der, Guds Son, i menneskeleg skikkelse, i tempelet reist til ære for for Herren. Og dei spør kven han er. ”Er du Messias, så sei oss det rett ut!” ”Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje.” Det levande templet står framom dei, -det nye Gudshuset som Sonen reiser på tre dagar. Han byggjer ein ny heim, som grunnfest reiser seg frå det djupaste dødsriket, og stig til dei høgste himlar. Eit tempel reiser seg den åttande dagen, den evige dagen, der alle menneske har heimstad, ein heim med ei stemme som på så underfullt vis verkar kjent.  Det er Hanukka-fest til evig tid.

Advertisements