foto: br HS ©P

foto: br HS ©P

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 36

Onsdag: Salme 42,1-6

Til korlederen. En læresalme. Av Korah-sangerne. 2 Som hjorten lengter etter bekker med vann, lengter min sjel etter deg, min Gud. 3 Min sjel tørster etter Gud, etter den levende Gud. Når skal jeg få komme fram for Guds ansikt? 4 Tårer er mitt brød dag og natt. Hele dagen spør de meg: «Hvor er din Gud?» 5 Dette minnes jeg, min lengsel veller fram: Til Guds hus vandret jeg i festskaren med jubelrop og lovsang – en pilegrimsskare i fest. 6 Hvorfor er du tynget av sorg, min sjel, hvorfor er du urolig? Jeg vil vente på Gud! Enda en gang skal jeg prise ham, min frelser og min Gud.

 


Ein kjenning av meg jobbar i barnehage. Ein dag fann ho ei lita jente som sat for seg sjølv i gangen, med tårer som rann stille over kinna. Ho ville ikkje leike med dei andre, ho ville ikkje ete, og til slutt spurte barnehageassistenten om ho ville sitte ei stund på fanget hennar. Ho takka ja, medan tårestraumen held fram i det stille. ”Kva er det som gjer så vondt” spurte den vaksne. Jenta svara: ”Eg saknar mamma og pappa og systra mi.” ”Å ja, kvar er dei då” spurte barnehagetanta. Den lille hiksta og sa: ”I hjarte mitt. Og det gjer så vondt!”

Det stakk i mitt eige hjarte då eg fekk fortalt denne hendinga. For kven har ikkje kjent ein slik lengt i sitt indre? Den såre kjensla av å vere avskild, utan å kunne femne den andre. Den inderlege lengten og behovet for einskap. Me er skapte for kjærleik, og til å vekse som menneske i dette som er så grunnleggande for oss. Dette speglar seg også i salmisten i dagens lesing, som frå sitt eksil langt frå Jerusalem lengtar etter å leve ut Gudsrelasjonen. Den same urolege lengtinga har også Augustin omtalt i sitt verk Confessiones: ”Du har skapt oss til deg sjølv, å Gud, og hjarte er uroleg inntil det finn kvile i deg.”

Det er ekkoet frå Guds eigen uro me så tidlig i livet får del i. Faderhjarta brenn for kvart menneske han har forma. Kjærleiksofferet brenn i Sonen, han som gjev seg sjølv i djupaste lengting etter forsoning med avprintet av seg sjølv. Heilaganden bles i det skjulte, og opnar for oss både lengt og forsoning.

Augustin let oss kjenne att uroa som er ein del av trua sitt indre liv, og som leier oss mot Gud, her i Hermund Slaattelid si språkdrakt: ”Kva er dette som gjennomlyser meg og gjennomborar hjartet mitt utan å såra? Eg skjelv i otte og eg brenn i lengt: Eg skjelv i otte i den grad eg er han ulik, eg brenn i lengt i den grad eg er han lik.”

Advertisements