Paven vaskar føtene til ein innsatt under skjertorsdagsmessa.

Paven vaskar føtene til ein innsatt under skjertorsdagsmessa.

Tekst for Ettertanke-spalta i Vårt Land veke 36

Mandag: Joh 13, 12-17

Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. 15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.


Teksten for dagen i dag finn me i skjæringspunktet i overgangen til dramaet i oljehagen og Kristi lidingshistorie i langfredagsdøgeret. Jesus held det som ofte vert kalla avskjedstalen, og teksten strekker over fire kapittel i Johannesevangeliet. Her forklarar jesus sitt oppdrag og meininga med det som skal hende. Han avsluttar med ei bøn for disiplane, og ber til Faderen om at me skal bli eitt i han, slik Kristus sjølv er eitt med Faderen.

Jesus tydeleggjer for disiplane kva hans sending er i verda. Han gjev seg sjølv som offer, ut av fullkomen kjærleik, fritt fordi han er fri. No skjenker han disiplane den same sanne fridomen til å gje seg sjølv. Det kan dei trufaste gjere fordi dei i Kristus er forankra og gjort til eitt med Gud i det same faderforholdet.

Kristi offer er ein demonstrasjon av kjærleikens sanne natur. Den viser at ein ikkje vert mindre ved å bøyge seg i sjølvoppofring. Tvert i mot. Når mennesket bøyger seg med den kjærleiken som er fri utfaldar det samstundes sin eigen integritet, me vert meir fullkomne som menneske.

I filmen Om Guder og mennesker vert offerspørsmålet pressa når munkane i Algerie vert truga på livet. Dei spør seg om dei må flykte eller om dei skal bli. I ei befriande scene i filmen seier den gamle munken som også er lege til sin prior: «Slipp fram ein fri mann!» (Laisser passer un homme libre!) Han flyktar ikkje frå sin post, men vel å stå side om side med sine medbrødre og sine algeriske vener i landsbyen.

Det er denne kjærleiken me er kalla til å vekse i, den kjærleiken som utfordrar oss og som virkar for skremmande, men som også forløyser og gjer oss fri. For når det kjem til stykket er det er her fridomen ligg. For kjærleiken kjenner ingen anna kategori enn nettopp alt.

Advertisements