Pilegrimsfølge ned Feginsbrekka
Noreg er framleis eit einskapssamfunn. Berre utvida og meir mangfaldig!

På trykk i spalta I god tro i klassekampen 20.08.2015

I sommar har det vore mykje debatt om tru og politikk. Jonas Gahr Støre drog på sommarstevne i Sarons dal, og hausta mykje kritikk for å vitne om trua si. Sidan gjekk Hadia Tajik ut og sa at det politiske systemet må vere gudlaust. Til det vil eg sei eit bastant tja. Tajik har kanskje gode grunnar for å sjalte ut religion når det kjem til visse former for politisk motivasjon, men tida er ute for å tolke religion som privatsak. Tru grip inn i alle sider ved samfunnet, også det politiske. Kvifor skal det vere heilt greitt å stadfeste offentleg at ein ikkje trur, medan det motsette er tabu? Kan me ikkje senke skuldrene litt?

Når kulturminister Torhild Widvey i sommar inviterte eit knippe religiøse leiarar og samfunnsdebattantar til pilegrimsvandring mot Nidaros viser dette ei både open og realistisk haldning til tru som del av vår samtidskultur. Og dermed noko den politiske leiinga ikkje kan skyve inn i privatsfæren. Dette er noko Widvey sjølv la vekt på i det ho peikte på vårt felles ansvar for å halde saman som samfunn.

Eg var ein av dei inviterte til den interreligiøse vandringa over Dovrefjell, der både jødar, muslimar og kristne frå Den norske kyrkja og frå den katolske kyrkja traska i småregn og vind medan samtalen spente frå forholda i og mellom trussamfunn til matoppskrifter. Over tre dagar lærte me kvarandre betre å kjenne, og sjølve vandringa gjorde samtalen uformell og god. Eg trur det er mange som kunne har både nytte og godt av ei slik vandring.

Under eit avsluttande seminar på Lian gard utanfor Trondheim sto heile pilegrimsfylgjet fram på podiet, og som ei samla gruppe representerte me Noreg i dag. Det gamle einskapssamfunnet, bunden saman av luthersk konfesjon, skuleverket eller arbeidarpartiet, er passé. Det vil ikkje sei at me ikkje er eit einskapssamfunn. Men me må sjå einskap i vidare forstand. Leiaren til Islamsk råd Noreg (IRN) Ghulam Abbas, er del av den norske einskapen. Det er eg òg, ein katolsk munk på Majorstua. Torhild Widvey er medlem av Folkekyrkja, medan Anne Sender praktiserer si tru i synagogen. Me er forskjellige, men me er alle norske borgarar.

Dette har både politiske og religiøse konsekvensar. Åndslivet tek nye former i landet vårt. Moskeen finn sin sjølvsagte plass side om side med den gamle statskyrkja, slik me til dømes kan sjå på Mortensrud i Oslo. Trussamfunn av forskjellige konfesjonar søkjer om skuledrift tilpassa eigne behov. Det er ein konsekvens av mangfaldet. I ein kronikk i VG 9. august skreiv Widvey: «Vi må ikke gjøre religion til noe som skiller oss, men til noe som lar oss identifisere felles verdier og mål for vårt norske samfunn.» Dette krev dialog. Det er heilt avgjerande å byggje samhald som aukar kunnskapsnivået om kvarandre og kjensla av tryggleik for alle grupper. Då må ein gjere ein innsats, og investere for ei felles framtid, i staden for å ekskludere.

Det er her både politikarar og nyheitsredaktørar slit med å henge med. I ein ukritisk mediastraum vert norske muslimar sidestilte med terroristar i Syria. Politikarar gjøglar over islam medan dei kler seg ut og kliner brunkrem i andletet. Det er så fordreia, så nedrig og så pinlig som ein kan få det.
Dei som sit med mynde og definisjonspåverknad i samfunnet er tvungne til å sjå vidare, til å sjå einskap på tvers av kulturelle og religiøse skiljelinjer. Torhild Wivey tonar flagg for det som bør bli ei haldningsendring til medborgarane i vårt eige land. Journalistar har eit særleg ansvar for å motverke den høgreradikale bylgja som veks i Sentral-Europa.

Me har faktisk ikkje råd til ikkje å ta dette på alvor. For sjølv om det er relativt fredeleg i Noreg i dag vil auka radikalisering også kunne få store konsekvensar i vårt norske samfunn. Då vil media og politikarar sikkert peike på religiøse grupper som orsak, medan dei ekskluderer seg sjølv frå all skuld. Men unnlating er og ei synd, lærer me i kristentrua. Det gjeld ikkje minst vårt felles ansvar for eit kommunikativt miljø der me aukar forståinga for kvarandre.

Journalistar treng styrkt kunnskap. Trussamfunn må få meir mediatrening. Regjeringa kan bidra til begge delar gjennom tiltak og stønad til formålsretta aktivitetar. Det vil kunne vise seg å vere ei viktig investering for framtida.

Advertisements