Lita jente i Lille foto HSNHomilie for 21. søndag i det alminnelige kirkeår (år B)

Josva vil ha eit klårt og eintydig svar frå det store fylgjet han leiar. Israelsfolket vitnar frimodig og klårt: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans røyst vil vi lyda». Me veit sidan korleis det gjekk. Dei veksla mellom  tru og tvil, mellom rettferd og svik, mellom sanning og synd.

Kven vil du tene? Kven vil du vere tru mot? Dette er det valet som aldri vert borte for ein kristen truande. Det er korset me må lyfte kvar dag, nokre gonger utan at me kjenner det, andre gonger tungt som bly. Spørsmålet reiser seg dagleg, i dei mange vala, små og store, som til saman formar våre liv. Ofte tenkjer me ikkje over det. Me tek val ut frå vår habitus, vårt vante mønster, det som er frukta av den danninga me har fått.

Kristenlivet faldar seg ut i eit Gud-retta mangfald i kvardagen. Me takkar, me ber våre bøner og me ransakar oss sjølve. Dette speglar seg i tidebønene i kyrkja, der me lovprisar Gud under Laudes – morgonsongen – der me ber om Herrens vern under dagen, og der me til complitorium ved dagens slut skriftar våre synder og legg oss til ro under Guds vern. Dette rytmen av lovprising, bøn for oss sjølve og kvarandre og ransakinga hjelper oss i kvardagen og gjev livet retning.

Men kva når me gjer handlingar som bryt med den moralen me vedkjenner oss? Kva når me syndar, når me feilar? Då kan me ikkje leve kristenlivet på autopilot. Då kjem valet opp til yta, og me vert konfrontert med oss sjølve. Når me har teke val som vender oss frå Gud, som bryt med kjærleiksbodet og skadar relasjonane me står i (anten det er til Gud, vår neste eller oss sjølve), då kan me lett kjenne skamkjensle og anger. Me fortvilar over det me har gjort, eller me fornektar og skuldar på andre. Me kjempar mot sanninga som gjer vondt.

Men kristen fridom stikk alltid djupare. Den stoppar ikkje ved overflatisk moralplikt. Den omfamnar også dei mørke sidene i oss, det som ikkje strekk til, det motvillige. Det som me ser som svakheit ber samstundes i seg ei kraft. For når me feilar opnar det seg eit nytt rom, der me vert trengande, der Gud ikkje berre blir noko me omgjev oss med som noko overflatisk, koseleg. Det vert eit eksistensielt møte der me ber om miskunn, tilgjeving, medynk, omsorg. Våre synder vert ei dør der nåden kan kome inn.

Det tyder ikkje at me skal dyrke det svake, då vert det ei orsaking for synd som Paulus ivrig åtvarar mot. Men når me er medvitne om at Gud kjem oss i møte også i våre manglar stiller me oss meir opne for Gud der me treng han som mest. Slik gjev me rom for nåden i våre liv, for det som lyfter og ber oss når me sjølv ikkje strekk til.

Det er denne nåden me tek imot i Eukaristien, takkseiinga, nattverdbordet som me er inviterte til. Det er her me finn meininga, kjelda til kraft og mot i eige liv, og miskunn som gjer at me vågar å leve. «Herre, kven skulle vi gå til» (Joh. 6,60) spør Peter, og svarar typisk nok sjølv i sin iver: «Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage».

Dette er fundamentet for det kristne håpet som gjev oss vår indre fridom. Charles Peguy har skrivi om nettopp håpet som vårt mest konkrete ankerfeste i eige liv. For medan Paulus i fyrste Korintarbrev skriv si hymne til trua, håpet og kjærleiken, legg Peguy aksenten ein annan stad. Peguy viser til likskapen mellom Håpet og det lille barnet. Trua, seier han, er som ei trufast hustru. Kjærleiken, den er som ei god mor. Men Håpet, det er berre ei lita, livsglad jente.

Og Peguy  seier det slik i denne passasjen frå verket De uskyldige barns mysterium:

Troen er fast og sterk i evigheters evighet.
Kjærligheten gir seg selv i evigheters evighet.
Men det er det lille Håpet som hver eneste morgen hilser oss goddag. Det lille Håpet er hun som sovner hver eneste kveld i sin barneseng når hun har bedt sin aftenbønn, og som hver morgen våkner og går til morgenbønnen med et nytt blikk.

I Kristus får me del i dette livgjevande håpet, det som ber oss gjennom dagane og gjev oss fred. Lat oss difor går Kristus i møte i dag, og få del i den lækjande sakramentale nåden han skjenker oss i det eukaristiske måltidet.

Advertisements