Herren kallar oss i dag til nattverdbordet, til verkelig næring, til verkelig drikk, slik at me kan verte fylte av himmelsk føde, på konkret vis. Og likesom me konkret tek imot Kristus i brødets skikkelse, like konkret er me kalla til å la fruktene vise seg i våre liv. Den sakramentale røyndomen skal falde seg ut i kvardagen, og me er kalla til å tolke kvardagen i det sakramentale ljos. For det er jo dette som er sakramentas oppgåve i kyrkja sitt liv; å dra saman det jordiske og det himmelske, å føre mennesket tilbake til den Gudsrelasjonen det var meint til, ja endå til lyfte det opp til ein endå tettare relasjon i Kristus. Me treng å nærast av Gud sjølv, og fysiske som me er, kjem Gud oss i møte i fysisk form, i all sin fylde. Kanskje kjenner me denne nærleiken mellom det jordiske og det himmelske ekstra sterkt her i dag, ute i friluft, med skaparverket som formeleg strålar mot både oss og Gud…

I eukaristiens sakrament er me kalla til å ta del i dette mektige måltidet, og Visdomen byr inn både urøynde og tankelause til dekka bord. «Den urøynde kan vende seg hit», «Lat det tankelause fare», seier visdomen. Lær å forstå kva Herrens vilje er, seier Paulus. Begge formanar til å gå på fornuftens veg.

Kristenlivet er ei pågåande læretid, ei danningstid, og eksamen fell i kvardagslivet. Dei prøvene er det ikkje alltid like lett å bestå. Me famlar, me feilar, me har oss sjølv for auge, me gløymer, me vil ikkje. Og me ber på redsle som pregar våre val. Difor samlast me stadig på nytt ved det eukaristiske måltidet, takkemåltidet, for stadig meir å verte omdanna, for stadig meir å få innsyn i Guds vilje i våre liv. Dette er ein stad kor me kan vekse i tillit, og kor me kan få mot til å møte vår neste og oss sjølv med meir kjærleik og miskunn.

Dei rike gåvene me får skal me sidan arbeide for å omsette i handling. Søk den fylde som Anden gjev, seier Paulus. Ta Gud med i kvardagen, syng og spel av fullt hjarte for Herren! Takk Gud i alle ting! Dette er sunn karismatikk, kvardagens hallelujaspråk som apostelen inviterer til. Det kan kanskje vere ei god påminning i katolsk samanheng der ein kan ane ei viss blygsle når det kjem til å gje uttrykk for trua. Syng ut, ver frimodig! Gje Gud takk, ope og ærleg.

I desse dagar går tankane her i St Dominikus ofte til forholdet mellom det konkrete og det åndelege! Me er halvvegs i fornyingsprosjektet vårt i kyrkja. Det er mange val som skal gjerast, både på det funksjonelle plan og det estetiske plan. Og den stadige referansen er: Korleis vil dette virke på det åndelege livet som skal utfalde seg her i kyrkja? Eg er sjølv utdanna tømrar, men eg har aldri opplevd at snekkararbeid på ein så tydeleg måte kan ha ein åndeleg dimensjon! Det blir mest som ei Gudsteneste, ja det er ei Gudsteneste. Ånd og materie fell saman, og spelar opp til kvarandre i eit spennande samspill for eit klårt mål. Kanskje må eg halde denne preika for handverkarane som står på her, snekkarar, elektrikarar, malerar og stillasarbeiderar, dei er alle med på eit åndsverk her i desse dagar, anten dei veit det eller ikkje.

Så lat oss alle be for kvarandre, om at Gudsnærværet fyller kvardagen, og at vårt indre stadig vert prega av det åndeleg djupet som gjer oss heile. Og lat oss be for kvarandre om vegleiing og vekst i Kristus, vår Herre. Til sist kan me be om særleg forbøn for arbeida som går føre seg i kyrkja, at det heile må bli til Guds pris og ære.

Advertisements