Ordination of fr.Lawrence Lew 61

Ordination of fr.Lawrence Lew

19. søndag i alm kirkeår år B

Me høyrer i dag om Gud som kallar menneske frå ein livshorisont til ein annan. I fyrste lesing i dag høyrer me engelen sei til Elia: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.» Elia har lagt seg under ein gyvelbusk og vil berre døy. Men Guds engel har ein annan veg for Elia. Han kallar profeten tilbake til røyndomen, til den røyndomen Gud har lagt klar for han, ut frå vonlausa og desperasjon.

Gud har ein plan for Elia, han skal til Horeb, og der skal han skode Gud sjølv, som den linne susings røyst som det heiter litt seinare i forteljinga om Elia sitt møte med Gud. På denne reisa får Elia eit lite brød og ei krukke vatn å styrke seg på, det skin som ei spegling av livets brød som me tek i mot i eukaristien.

I evangeliet står Jesus fram for disippelskaren og seier kven han er. Flokken som fylgjer han murrar og peiker på slekt og Jesu bakgrunn frå Nasaret. Men Jesus seier: «Hald opp med denne murringa!» (John 6,43) «Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid.» (Joh 6, 51)

Begge situasjonar handlar om Gud som kallar menneske til å sjå tilveret i eit nytt ljos. Det finst ei djupare sanning som Gud kallar både disiplane og Elia inn til, det finst ein djupare røyndom som me òg er kalla til å ta del i. Gud kallar oss til seg, og til å sjå verda med Herrens eige blikk. Dette er heilaggjeringa i det kristne livet, den gradvise omforminga mot større klårsyn.

I går feira me den heilage Dominikus, ordensgrunnleggaren for preikeordenen som eg sjølv er del av. Grunnmottoet for vår orden er nettopp veritas – sanning. Det er eit ord som kallar på stadig ny omvending. Me må vere opne for å omstille våre oppfatningar om Gud, om verda, og kanskje ikkje minst om oss sjølve. Og dette siste poenget kan vere vel så krevjande som dei to fyrste. Å sjå sant på seg sjølv kan vere ei smertefull erfaring. For då må me opne oss for det òg som me kanskje ikkje ynskjer å sjå. Me er kalla til å sjå oss sjølve på godt og vondt. Ja, for det er ikkje berre det vonde i oss som kan vere krevjande å ta inn. Det kan også koste å sjå sant om godleiken i oss sjølve, og møte ope det vakre mennesket som Gud har forma i vårt indre, under alle lag av frykt og motvilje.

Det finst ei stilling i Yoga har eg høyrd, der ein vrir rygg og hovud bakover, og denne posisjonen heiter «Eg ser det eg ikkje vil sjå». Me er kalla til slike øvingar i våre eigne liv, om enn det kan vere krevjande. Å opne seg for sanninga kostar, for ikkje alt er like vakkert. Og nokre gonger er det vanskeleg å ta imot det vakre…

For å hjelpe oss til dette treng me motivasjon. Me treng styrke og kraft for å verte uthaldande og modige. Elia får servert eit lite brød og ei krukke vatn. Også her i dag er bordet dekka, med himmelsk næring som skal gje oss kraft til å bli stadig meir omforma, slik at me vert sanningsvitne for Guds røyndom som fyller skapningen. Thomas Aquinas seier at ingenting er i intellektet som ikkje fyrst har vore i sansane. For vårt tilvere er erfaringsbasert, ikkje eit konsept. Me tek inn verda gjennom den røyndomen me lever i. Difor kan også den engelske dominikanaren Herbert  McCabe sei “Du må elske det verkelege høgare enn det som er sant.”

Gud openberrar seg i den røyndomen me lever i. Difor har Gud også gjeve kyrkja sakramenta, dei synlege, handgripelege teikna på Guds usynlege nåde. Slik gjer Gud seg sjølv konkret, nærverande i skaparverket og umedelbar for trua. Kristus leier oss til sanninga, ei sanning som skal setje oss fri. Slik sanning vert relasjonell, knytt til vår Herre, som ei stadig fornya fordjuping av røyndomen. «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg» seier engelen til Elia. Slik som han treng kraft for si lange vandring til Horeb, slik treng også me kraft til å gå på den vegen me er kalla til, den vegen Paulus peikar på i dag. Ein veg der me kjempar mot råskap, sinne og vårt eige harde hjarte, ein veg der me kjempar for godleik, medkjensle og tilgjeving i møte med både vår neste og oss sjølve. I det eukaristiske måltidet me no er invitert til, tek me imot krafta som Herren vil gje oss, og der nærar  han oss med evig liv og sann kjærleik.

Advertisements