Fra Angelico the mocking of Christ detalj St DominikusPå trykk i spalta “Ettertanke” i Vårt Land laurdag 8. august

1. Kor 8, 6-13

8. august er festdagen for dominikanaranes ordensgrunnleggar, den heilage Dominikus. Då minnest kyrkja korleis preikeordenen vart til, og korleis denne spanske kannikmunken frå Caleruega i brennande iver gjekk ut for å forkynne evangeliet blant katarane i sør-Frankrike Dette skjedde tidlig på tolvhundretalet, og til neste år feirar ordenen sitt virke over 800 år.

Dominikus var ein lærd mann, og var framståande når det kom til intellektuelle ordskifte og offentlege diskusjonar. Det var likevel den eksistensielle dimensjonen og omsynet for dei lidande som pregar karakterskildringane av Dominikus. Dei tidligaste skriftene fortel at ein kunne høyre han gråte høglydt i kyrkja eller på cella si om natta, medan han i bøn og tårer spurte høglydt: kva skal det verte av syndarane?

Den djupe omsorga for dei som står fjernt frå Gud og det sterke pågangsmotet som prega Dominikus er elles ei lengt ein kan sjå likskap med i evangeliske kretsar i dag, som ofte viser stor iver for å nå ut til alle menneske med Guds ord. Det er det same me høyrer hjå Paulus  når me les hans formaningar frå urkyrkjeleg tid. Der er éin Gud, og éin Herre, seier apostelen i eit mini-credo som dannar grunnlaget for misjon og forkynning. Paulus opptatt av at ingen skal førast vill. Han formanar til ansvar frå dei som har innsikt og kunnskap. Slik var det òg med St Dominikus, og slik pregar Den Heilage Ande samfunnet av dei truande også i dag. Me samlast i økumeniske fora, det vert arrangert bøneveker, events og festivalar, det er ein brei straum av kreative initiativ som gjer trua kjent og som styrker den kristne fellesskapen. Slik skriv me oss inn i ein totusenårig tradisjon som har hatt mange uttrykk gjennom århundra, men som femner det same målet: å samlast om éin Gud, og éin Herre.

 

Advertisements