Foto: br Haavar S N OP Verdensungdomsdagene i Madrid 2011På trykk i spalta “Ettertanke” i Vårt Land fredag 7. august

Gal, 5,13-16

Det er mykje som står på spel for Paulus når han skriv til galatarane. «Sjå kor store bokstavar eg bruker» (6,11) seier han, alt for å få dei truande til å sjå fridomen Kristus har opna for ved frelsa. Han pressar dei over i ein ny livs- og trushorisont, og peikar på frukta av frelsa: «Til fridom har Kristus frigjort oss!» (5,1) Dei kristne er kalla til fridom, som ligg løynd i det som er heile loven i ein sum, -å elske kvarandre. Det er tilsynelatande ein motsetnad i denne ordlyden. For korleis kan ein verte pålagt å elske nokon som eit lovbod?

Den skotske filosofen John Macmurray søkte svaret på denne underfundige gudgjevne ordleiken ved å grunne over Kristi ord om venskap. I ein tale han heldt i 1929 kalla «De er mine vener» mediterer Macmurray over Jesu ord i Johannes-evangeliet: «De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk.» (Joh 15,14). Og bodet er å elske kvarandre. Sagt med andre ord: Venskap med Kristus er noko me realiserer gjennom venskap med kvarandre. Kristi bod er altså at me hevar oss over boda, og slik oppfyller me det eine bod som set oss fri.

«Gjer tenesta til senter i livet ditt,» seier Macmurray, «med alle lovar og plikter og sjølvoppofring, og livet ditt vil vere eit fengsel. Gjer venskap til senter, og du vil leve eit liv i fridom.» I vår travle og fragmenterte kvardag er venskap noko me må hegne om og bruke tid på. Det er livsviktig, både menneskeleg og åndeleg sett, for det er gjennom venskap me lever i Anden (Gal 5,16) eller som det heiter i 1938-oversetjinga: Ferdast i Anden!

Å verdsette venskap er ikkje noko eineståande for kristentrua, det har ein universell atterklang. Likevel er det noko eineståande i dette at i den kristne livshorisonten er venskap sjølve hjarte i tilveret, og grunnsteinen til alt anna i Guds rike. Og dette riket er me med å realisere i det me byggjer sanne, kjærleiksfulle relasjonar med kvarandre.

Advertisements